Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. IMI-modellen: oppsummering og forslag til fordjupingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

IMI-modellen: oppsummering og forslag til fordjuping

Repetisjonsoppgåver (15 minutt):

Katolsk, ortodoks og protestantisk kristendom har ulikt fokus på dei tre IMI-elementa.

  1. Kva for retning har mest fokus på det institusjonelle?
  2. Kva for retning har mest fokus på det mystiske?
  3. Kva for retning har mest fokus på det intellektuelle?

Sjekk artikkelen om retningar i kristendommen på ndla.no om du er usikker.

Diskuter og samanlikn svara med sidemann eller i plenum.

Ekstraoppgåver til fordjuping (30 minutt):

Oppgåve A

IMI-modellen kan forklare mange sider ved religionar, men er det nokon religionar eller religiøse organisasjonar som ikkje inneheld dei tre elementa? Forsøk å finne døme der IMI-modellen ikkje passar, eller der han ikkje kan forklare eit religiøst fenomen.

Oppgåve B

IMI-modellen fungerer på tre nivå og kan forklare tre ulike spørsmål: På individnivå forklarer han ulike former for religiøsitet hos enkeltindividet. På gruppenivå forklarer han spenninga og dynamikken i og mellom religionar. På samfunnsnivå forklarer han korleis religionar oppstår og utviklar seg i samspel med samfunnet elles. Les oversiktsartikkelen om IMI-modellen på nytt, og finn døme på korleis religiøsitet kan vere ulikt på individnivå.

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.