Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. Spenningar i IMI-modellenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Spenningar i IMI-modellen

Kvifor endrar religionar seg? Kvifor oppstår det konfliktar internt i religionane? IMI-modellen kan vere eit godt verktøy for å forstå dynamikken i religionane.

Mange mennnesker er samlet på en stor plass med tribuner. Maleri.
Ein såkalla autodafé på Plaza Mayor i Madrid i 1680. Autodaféar var ein slags seremoni der fangar som var skulda for å ha forbrote seg mot kyrkja blei samla. Dette var avslutninga på inkvisisjonen, der dommen ble lese opp og utført. Dei dømde blei utsett for tortur og audmjuking, og kunne i verste fall bli avretta ved brenning.

Dei institusjonelle, mystiske og intellektuelle religionselementa inneheld spenningar som gjer at det fort oppstår konfliktar og ulike interessegrupper innan same religion. Det finst også positive og negative sider ved alle elementa. For illustrasjon av desse spenningane kan vi bruke den katolske kyrkja som døme.

I dei institusjonelle elementa finst det spenning mellom bevaring av fortida og tilpassing til samtida. På den positive sida har den katolske kyrkja fungert som ein beskyttar av kunnskap gjennom heile mellomalderen, særleg via klostervesenet. På den negative sida, derimot, har kyrkja fleire gonger nekta å tilpasse seg eiga samtid og heller tvihalde på eigen tradisjon og maktmonopol. Det kanskje verste dømet er opprettinga av inkvisisjonen i høgmellomalderen, då paven legaliserte bruken av tortur i samband med jakta på kjettarar, altså folk som blei rekna som kritikarar av kyrkja.

I dei mystiske elementa står spenninga mellom aktivitet og passivitet. På positiv side har mystiske opplevingar ført til eit djupare religiøst liv for enkeltindivid, og har tidvis også gitt folk eit kall om aktivisme.

To døme frå katolsk tradisjon er apostelen Paulus og Frans av Assisi. Dei levde eit ikkje-kristent liv fram til dei begge hadde ei mystisk oppleving som førte til omvending og eit liv i intens, aktiv teneste for Kristus. Negativt kan mystiske opplevingar føre til ekstrem passivitet, at ein blir overdrive sjølvoppteken og stormannsgalen. Nokre av ørkenfedrane og eremittane (einebuarane) i antikken er kanskje dei beste døma på slik verdsfjern tilbaketrekking frå verda og andre menneske.

Surrealistisk motiv med en gammel mann omgitt av ulike fristelser og skremmende figurer og situasjoner. Maleri.
St. Antonius var ein av ørkenfedrane på 300-talet, og levde delar av livet som eremitt i ørkenen i Egypt. Historia om at han skal ha blitt sett på prøve av djevelen har seinare inspirert mange kunstnarar. Her er Hieronimus Borsch si tolking frå 1510.

I dei intellektuelle elementa er hovudspenninga mellom kritikk og konstruksjon. Eit viktig døme på sistnemnde spenning er reformasjonen, då den katolske kyrkja reagerte på den protestantiske kritikken med å endre eller omtolke delar av si eiga lære. Spenninga låg då mellom om dei skulle fokusere på å fjerne (kritikk) eller å byggje opp (konstruksjon) delar av den opphavlege læra si. Reformasjonen førte til at den katolske kyrkja endra eller omtolka delar av læra si, til dømes ved å forby avlatshandelen.

På den positive sida fungerer dei intellektuelle elementa altså som reiskap for systembygging og filosofisk fleksibilitet, som gir rom for tilpassing. På den negative sida kan det oppstå regelfanatisme og unødvendig komplisert spekulasjon, som verkar kald og verdsfjern for folk flest.

Frå den katolske kyrkja er skolastikken, ei blanding av aristotelisk filosofi og mellomalderteologi, eit døme frå mellomalderen på slik overkomplisert spekulasjon.

Element

Positive sider

Negative sider

Spenning

Institusjonell

-beskyttar av kunnskaps-formidling

Døme: Klostervesenet i kristendom

-overfokus på autoritet, makt, politikk

Døme: Inkvisisjonen,

Tradisjon / tilpassing

Mystisk

-djupt personleg –omvending

Døme: Paulus

Frans av Assisi

-ekstrem passivitet

-overdrive

sjølvopptatt

-stormanns-galskap

Døme: Ørkenfedrane

Aktiv / passiv

Intellektuell

-system-bygging –filosofisk fleksibilitet

Døme: Tilpassing til reformasjonen

-regel-fanatisme –unødvendig komplisert

Døme: Skolastikken

Kritikk / konstruksjon

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.