Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. IMI-modellen – ein introduksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

IMI-modellen – ein introduksjon

Kvifor overlever nokre religionar mens andre døyr ut? Kvifor oppstår det fleire retningar innan same religion? IMI-modellen er ein analysemodell som forsøkjer å forklare religion som eit gjensidig samansett fenomen.

Monument bygget opp av store setinblokker. Foto.
Steinmonumentet Stonehenge i England er truleg uttrykk for ei form for religiøsitet som ikkje eksisterer lenger, og som vi veit veldig lite om. Kva grunnar kan det ha vore til at nettopp denne religionen døydde ut?

Når ein studerer religion, er det formålstenleg å samanlikne fleire religionar med kvarandre. Ved å samle og samanlikne store mengder informasjon om fleire religionar blir det enklare å analysere kva det er som skil religion frå andre fenomen. Ninian Smart beskriv religion ved hjelp av sju dimensjonar, som alle er knytte til kvarandre. Ein annan modell for å beskrive religion og forklare kva som er særeige med religion, er IMI-modellen.

IMI – Dei tre religionselementa

IMI-modellen blei utvikla av Friedrich von Hügel, ein katolsk teolog og filosof. Han meinte at alle religionar er sette saman av tre grunnleggjande element – nemleg dei institusjonelle, mystiske og intellektuelle elementa (IMI). Desse tre elementa står i konflikt og spenning til kvarandre, men er likevel gjensidig avhengige. Ein religion som ikkje inneheld alle desse tre elementa, vil ha vanskar med å overleve.

Dei institusjonelle elementa

Dei historisk-institusjonelle elementa handlar om det som allereie er gitt, tradisjonen som ein blir fødd inn i og ikkje vel sjølv. Til dømes vil eit barn som blir oppdratt i ein kristen familie ta sin eigen religion for gitt, som naturleg og sjølvsagt, i dei tidlegaste barneåra. På dette stadiet er religion tradisjon og autoritet og kan tilby tryggleik og fellesskap, støttestrukturar og etisk rettleiing for kva som er rett og gale.

Stort bygningskompleks i hvitt og rødt. Ligger på en høyde. Foto
Institusjonar som ivaretek og formidlar tradisjonen til religionen, er kanskje den viktigaste ingrediensen for overlevinga til einkvar religion. Dette var palasset til Dalai Lama, Tibets åndelege og politiske leiar, fram til han blei tvungen til å flykte under den kinesiske invasjonen av Tibet i 1959.

På same måten som barnet som uunngåeleg blir påverka av oppveksten sin, vil religionar heller aldri dukke opp i eit religiøst tomrom. Alle religionar inneheld trekk som historisk kan sporast attende til tidlegare religionar – kristendom oppstår i ein jødisk kultur, buddhismen i ein hinduistisk kultur osv. Dermed er dei fleste religionar synkretistiske, dvs. at dei blandar saman trekk frå ulike religionar.

Frå religionshistoria er den kristne kyrkja, den buddhistiske sangha-en, rabbinarar i jødedommen og umma i islam gode døme på institusjonelle element. Smarts sosiale og materielle dimensjonar passar under dei institusjonelle elementa.

Dei intellektuelle elementa

Dei intellektuelle-spekulative elementa karakteriserer alt som inneber sjølvstendig tenking, spekulasjon og analyse. På individnivå er det her religiøse individ byrjar å tenkje sjølv og søkjer meining og samahengar. Det som er gitt, det institusjonelle, er ikkje lenger nok for å tilfredsstille den stadig meir sjølvstendige personen – derfor blir dette stadiet assosiert med ungdomsåra, når vi gjennomgår modning og snart er vaksne.

Det er på dette nivået at religionar blir til nye trussystem kor verdsbilete, menneskesyn og etikk blir utvikla. På dette stadiet skjer overgangen frå ein tidlegare religion til ein ny – til dømes overgangen frå jødedom (det gitte) til kristendom (det nye). Behovet for fleksibilitet, systembygging, tilpassingsevne og logisk samanheng gjer at religionar som vil overleve, må tilby den religiøse noko meir enn berre tilhøyrsel og fellesskap, men også meining og retning.

Frå religionshistoria tek denne systembygginga ofte form av religiøse tekstar og lovsamlingar, til dømes Koran-kommentarar og lovskulane i islam, truvedkjenningar i kristendommen eller Talmud-litteraturen i jødedommen. Smarts filosofiske, etiske og mytiske dimensjonar tilhøyrer derfor dei intellektuelle elementa.

Dei mystiske elementa

Dei mystisk-emosjonelle elementa omhandlar det mest avanserte stadiet for den religiøse personlegdommen. Her er verken dei institusjonelle eller intellektuelle elementa tilfredsstillande – tradisjon og tru er ikkje lenger nok. No er det praksis, kjensle, erfart og levd religion som står i sentrum.

Teoretisk og historisk utgjer dei mystiske elementa dei mest grensesprengjande og revolusjonære sidene ved religion. Mange religionar har utgangspunkt i ein person sine mystiske opplevingar eller openberring. Buddhas oppvakning, Jesu mirakel og oppstode, profetkallet til Moses og Muhammed i høvesvis jødedommen og islam er gode døme på dette.

Moses mottar steintavlen med de ti bud fra Gud. Gud kommer ut av en sky og er omgitt av engler som spiller på basuner. Fargelagt trykk.
Ifølgje både jødedom, kristendom og islam mottok Moses eit sett med lover frå Gud. I denne forteljinga kjem både det intellektuelle (lovene) og det mystiske (openberringa frå Gud) fram.

Mystiske element finst i alle religionar og legg vekt på at den ytste sanninga berre er tilgjengeleg via intuitive og ikkje-intellektuelle opplevingar, slik som ekstase og transe. Slike intense emosjonelle opplevingar kan bringast fram ved mystisk trening i form av bøn, askese, meditasjon, yoga, kontemplasjon, faste, bruk av psykedeliske middel, osv. Alle religionar tilbyr praktiske og tekniske tips for korleis ein kan oppnå direkte kontakt med dei ytste måla i religionen – anten det er Kristus, Allah, Tao eller Nirvana.

Frå religionshistoria er Ørkenfedrane i tidleg kristendom, sufismen i islam, kabbala i jødedommen og zenbuddhisme kjende døme på mystiske element. Smarts rituelle dimensjon og opplevingsdimensjonen kan plasserast under dei mystiske elementa.

Balansen mellom IMI-elementa sikrar overlevinga til ein religion

Religionshistoria er full av døme på individ og grupper som blir inspirerte og påverka av noko, eller som reagerer på og mot noko. Von Hügel argumenter for at dei religionane som har vakse og overlevd lengst, er dei som har balansert dei tre elementa best.

Slik fungerer IMI-modellen som ei forenkla løysing og forklaringsmodell på kvifor religionar utviklar seg slik dei gjer. Over tid deler alle religionar seg opp i ulike retningar, som kan forklarast ut ifrå eitt eller fleire av IMI-elementa.

Viktige omgrep

  • dimensjonane i religion
  • IMI-modellen
  • dei historisk-institusjonelle elementa
  • dei intellektuell-spekulative elementa
  • dei mystisk-eksperimentelle elementa
  • synkretistisk
  • sangha-en
  • rabbinarar
  • umma
  • koran-kommentarar
  • lovskulane i islam
  • Talmud-litteraturen
  • askese
  • meditasjon
  • yoga
  • kontemplasjon
  • faste
  • bruk av psykedelia
  • Tao
  • Ørkenfedrane i tidleg kristendom
  • sufismen
  • kabbala
  • zenbuddhisme

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.