Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. Den norrøne skapingssogaChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Den norrøne skapingssoga

”I byrjinga, mellom lys og mørker, mellom eld og is, så var Ginnungagap, det store botnlause svelget. Ginnungagap var mellom to verder. Det var Nivlheim, det var ei verd av tåke, frost og kulde, og Muspellsheim, og her var ei verd med flammar, eld og varme. Her, i dette veldige rommet – midt mellom lys og mørke – skulle alt liv få si byrjing …”


Samandrag av den norrøne skapingssoga

I byrjinga var det to land. Det var det brennande Muspellsheim og det iskalde Nivlheim. Der desse landa møtte kvarandre, vart den første jotunen skapt, den vonde Yme. Frå sveitten under den venstre armen til Yme vart to nye jotnar skapt, og ein annan frå beina hans. Frå desse stammar den første generasjonen av jotnar, som er fiendar av gudane.

Samstundes med Yme vart urkua Audhumbla skapt, og av henne fekk Yme føde. Kua fekk næring av å slikke saltet i isen på bakken, og ein dag kom eit hovud til syne i isen. Dette var Bure, og frå han stammar alle æsene, gudane altså.

Bures son, Bor, gifta seg med Besla, dotter av ein av jotnane. Dei fekk sønene Odin, Ve og Vile, skapargudane. Odin og brørne hans drap Yme, og etter det gøymde jotnane seg for æsene. Dei tok med seg Yme og la han over Ginnungagap. Av han skapte dei verda. Så samla dei gneistar frå Muspell og kasta opp i himmelen. Dette vart sola, månen og stjernene.

Dei tre skapargudane gjekk ein dag nede langs stranda, då dei fekk auge på to trestokkar. Dei forma dei til menneske, og Odin gav dei liv. Av Vile fekk dei tankar og kjensler, mens Ve gav dei syn og hørsel. Dette vart dei første menneska, Ask og Embla.

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.