Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. MytarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Mytar

Mytar er forteljingar om dei grunnleggjande førestillingane i ein religion. Mytane gir ofte forklaringar på korleis alt blei til, og kvifor tilværet er som det er.

Maleri av Adam og Eva før og etter syndefallet
Michelangelo Buonarroti (1475–1564): Utdrivinga frå Paradis (1510). I 1.Mosebok kap. 3 i Det gamle testamentet finst det ein myte som fortel om korleis den vonde slangen frista Adam og Eva til å ete av kunnskapens tre, slik at dei fekk kunnskap om godt og vondt. Som straff blei dei viste bort frå Paradiset og underlagde døden.

Kva er ein myte?

I daglegtalen blir ordet myte gjerne brukt om ei oppdikta historie som gir seg ut for å vere sann utan å vere det. "Dette er berre ein myte", seier vi gjerne.

Men i religionsvitskapleg samanheng har omgrepet ei anna betyding. Ein myte er ei forteljing om dei grunnleggjande førestillingane i ein religion, der ein eller fleire gudar, eller andre overnaturlege krefter, spelar ei viktig rolle. I dei fleste religionar finst det til dømes mytiske forteljingar om korleis universet og livet på jorda er blitt til.

Mytologi er ei nemning for eit samla religiøst univers som den enkelte myten er ein del av, til dømes norrøn mytologi eller gresk mytologi.

Finst det moderne mytar?

Når vi snakkar om mytar, tenkjer vi ofte på eldgamle historier som har levd på folkemunne i hundrevis av år før dei til slutt blei skrivne ned, eller som er framstilte i biletleg form i historiske fragment som arkeologane mødesamt har avdekt.

Men mytar oppstår også i vår tid. Førsteamanuensis i religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø, Roald E. Kristiansen, viser blant anna til at mytar med religiøs undertone blir bygd opp rundt totalitære leiarar, slik som blant anna Nord-Koreas tidlegare leiar Kim Jong-Il.[1] Kjenner du til fleire slike mytar?

Nokon vil hevde at naturvitskapen bidreg til liknande overgripande forteljingar om korleis verda blei til, som til dømes teorien om The Big Bang og Darwins teoriar om artane si utvikling. Men kan vitskaplege teoriar kallast mytar?

Reflekter saman

Gå saman i grupper på fire.

Kvar elev skriv først ned nokre stikkord som svar på desse spørsmåla:

  1. Korleis trur du universet oppstod?
  2. Korleis trur du mennesket blei til?
  3. Kvifor trur du universet og mennesket blei til?
  4. Er det nokon religiøse, kulturelle eller vitskaplege forteljingar eller teoriar som støttar opp under dei tankane du gjer deg?

Bruk stikkorda som støtte når du presenterer tankane dine rundt desse spørsmåla for dei andre i gruppa. Legg vekt på god dialog:

  • Lytt ope og fordomsfritt til det dei andre seier.
  • Still oppfølgingsspørsmål dersom det er noko du er nysgjerrig på eller ikkje forstår.
  1. 1«Bakgrunn: Mytens makt». Linn Sollied Madsen. Forskning.no. 2012.

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.