Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Metodar for utforsking og dialog

I dette emnet blir du kjent med nokre metodar du kan bruke når du utforskar religionar og livssyn. Du lærer også korleis du kan organisere ein strukturert samtale, og om spelereglar som bør gjelde for livssynsdialog i klasserommet.

I denne videoen møter du revygruppa på Elvebakken vidaregåande skule i ein samtale om livets ukrenkjelegheit. Ungdommane høyrer heime i ulike religiøse og livssynsmessige grupperingar. Er dette ein god samtale? Lærte du noko av det som blei sagt? Fortsett gjerne samtalen i klasserommet. Du finn fleire slike dialogfilmar i religion og etikk-faget på NDLA.

I arbeidet med religionar, livssyn, filosofi og etikk vil du trenge ulike verktøy for å samanlikne, analysere, forstå og formidle det du skal undersøke. Her vil du finne nyttige omgrep, metodar, teoretiske modellar og praktiske tips som kan hjelpe deg i dette arbeidet.

Dialog er også sentralt i faget, og du vil finne strukturerte opplegg for god dialog under "Metodar for samtale og dialog".

Emner

Metodar for utforsking og dialog

  • Som elev kan du skaffe deg innsikt i eit emnet gjennom eiga metodisk utforsking. Her blir du kjent med ulike metodar du kan bruke i faget religion og etikk.

  • Å kunne uttrykke seg munnleg i religion og etikk inneber både å lytte til andre, og å formulere seg i samtalar og dialog.

  • Korleis finn du fram til pålitelege kjelder i faget religion og etikk? Kva er lov å bruke og publisere? Kva for omsyn må du ta til personvern, og korleis krediterer du kjelder på rett måte?