Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Om faget religion og etikkChevronRight
  4. Religion og livssynChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Religion og livssyn

I dette emnet lærer du om religionar og ikkje-religiøse livssyn. Du blir kjent med dei store verdsreligionane, men også med nyreligiøse rørsler og livssynshumanisme. Emnet handlar også om grunnleggjande spørsmål knytt til den rolla religionen har i samfunnet.

I omtalen av verdsreligionane blir du kjent med desse dimensjonane:

  1. lære
  2. myter og forteljingar
  3. ritual
  4. opplevingar
  5. etikk
  6. sosial organisering
  7. kunst og materielle uttrykk

Ifølgje læreplanen skal du sette deg inn i kristendommen, islam og ein tredje, religion som du sjølv vel. Denne religionen kan til dømes vere buddhisme, hinduisme, sikhisme eller jødedom.

Dei store religionane består av ulike retningar og trussamfunn. Nasjonalt og lokalt er måten religionen blir utøvd på prega av den kulturen han er ein del av.

I ei globalisert verd oppstår stadig nye religiøse rørsler og førestillingar i møtet mellom religiøst tankegods frå ulike kulturar. For å forstå korleis menneske tenkjer og handlar må vi ha innsyn i det livssynet dei har, enten det byggjer på religiøse førestillingar eller er basert på humanistiske verdiar.

Læringsressursar

Om faget religion og etikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter