Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Om faget religion og etikkChevronRight
  4. Tips til eksamenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tips til eksamen

Har du komme opp i religion og etikk? Fortvil ikkje! Vi veit råd.

Jente som er oppe til muntlig eksamen. Foto.

Når det gjeld omfang, er religion og etikk kanskje det enklaste faget å komme opp i til munnleg eksamen. På same tid er det mange som er usikre på kva som skal til for å få eit godt resultat. Vi skal her gi nokre tips til korleis du skal få mest mogleg ut av munnleg eksamen.

Dag 1: Generell førebuing

Denne dagen får du berre vite faget du har komme opp i.

  • Bruk dag 1 til generell repetisjon.
  • Bruk hovudsakleg kjelder som er meinte for skulen og som er tilpassa læreplanane (lærebøker og NDLA). Ikkje gå deg bort i obskure internettsider!
  • Du skal vurderast etter kompetansemåla i faget. Bruk dei som sjekkliste!
  • Merk at det ikkje er forventa at du skal kunne alt i boka eller på sidene våre.
    • Kristendom og islam er obligatorisk, men den tredje religionen vel du sjølv.
    • Du skal kunne to av dei kristne konfesjonane (katolsk, protestantisk eller ortodoks).
    • Du skal kunne gjere greie for hovudtankar hos tre filosofar: to europeiske (éin frå antikken og éin frå nyare tid), og ein kinesisk eller indisk.
  • Merk også at NDLA religion og etikk framleis er under utvikling, så du vil ikkje finne alt her.
  • Skriv notat, lag tankekart, skaff deg oversikt.

Dag 2: Førebu presentasjon

Denne dagen skal du trekkje tema eller problemstilling til presentasjonen. Nokre faglærarar gir berre eit tema. Då er det opp til eleven å formulere problemstilling som er knytt til temaet. Denne bør du få godkjend av faglærar før du eventuelt dreg heim for å jobbe. Andre faglærarar gir ferdige problemstillingar.

  • Sørg for at du får nok rettleiing i starten, slik at du er sikker på at du er på rett veg.
  • Les deg opp på heile fagfeltet du skal fordjupe deg i. Skal du samanlikne etikken i islam og kristendom, bør du ha god oversikt over både islam, kristendom og etisk teori.
  • Hugs at presentasjonen berre skal vare i ti minuttar. Ikkje ta med for mykje.
  • Presentasjonen skal fokusere på å løyse problemstillinga – ikkje ramse opp fakta.
  • For å løyse problemstillinga må du drøfte, analysere og/eller samanlikne.
  • Samanlikning betyr å finne likskapar og forskjellar, og prøve å forklare dei. Derfor kan det vere lurt å presentere det du skal samanlikne saman, og ikkje kvar for seg.
  • Bruk fagomgrep!
  • Ikkje bruk tid på å forklare grunnleggjande omgrep. Tenk at du skal presentere for ein medelev som har det same faglege grunnlaget som deg, men som ikkje kan det du har fordjupa deg i.
  • Bruk fleire kjelder!
  • Oppgi gjerne kjelder undervegs i presentasjonen, og i ei liste til slutt.
  • Ver kritisk til kjeldene. Du må alltid vite kven som står bak ei internett-side.
  • Bruk utdrag frå dei heilage tekstane, der det er relevant (sjå lenkjer under).
  • Legg opp til smash: Nemner du noko i ei bisetning under presentasjonen utan å forklare det nærmare, vil kanskje sensor be deg utdjupe dette etter presentasjonen. Viss du har førebudd deg godt på alt du tek med i presentasjonen din, kan du verkeleg briljere.
  • Hugs konklusjon!

Dag 3: Eksamen

Det blir sett av ein halvtime til den munnlege eksamenen din. Dei ti første minuttane skal brukast til å løyse problemstillinga gjennom ein presentasjon. Etter presentasjonen skal det vere ein fagsamtale som tek utgangspunkt i presentasjonen. Det vil seie at du kan bli stilt spørsmål om konkrete ting i presentasjonen, men også andre liknande tema. Her bør du vere førebudd på det meste, men det det blir vanlegvis forventa mest i dei områda som har direkte med presentasjonen å gjere.

Her har du nokre generelle tips til presentasjonen:

Til slutt nokre tips til fagsamtalen:

  • Bruk fagomgrep også under fagsamtalen.
  • Får du eit vanskeleg spørsmål, snakk om noko du kan som kan relaterast til spørsmålet.
  • Hugs: Oppgåva til faglærar og sensor er å finne ut kva du kan – ikkje kva du ikkje kan.
  • Prøv å vise noko meir enn faktakunnskap her også: samanlikn, drøft, vurder og analyser.

Lykke til!

Kjeldetips:

Nettbibelen på bibel.no (Kristendommen og jødedommen)

Koranen på norskkoran.no (Islam)

"Buddhas budskap" på nettsidene til Dhamma-biblioteket (pdf) (Buddhismen. Tekstar i utval, ordna etter tema. Omsett av Kåre A. Lie)

Bhagavadgita på nettsidene til Nasjonalbiblioteket (Hinduismen. Skanna utgåve.)

Guru Granth Sahib på nettsidene til Sri Granth (Sikhismen. Engelsk.)

Læringsressursar

Om faget religion og etikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter