Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Om faget religion og etikkChevronRight
  4. Innhald og vurdering i faget religion og etikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Innhald og vurdering i faget religion og etikk

Sjølv om faget religion og etikk legg vekt på dialog og skal vere haldningsdannande, tyder ikkje det at du kan prate og meine deg til ei høg måloppnåing. Det er heilt avgjerande at du har solide fagkunnskapar i botn, for at du skal kunne føre ein fornuftig dialog eller utvikle bevisste haldningar.

En elefant følger etter tre buddhistmunker med orange kjortler. Foto.

Religionane

I motsetning til KRLE-faget skal du ikkje lære om alle dei store religionane i faget religion og etikk. Du skal i hovudsaka lære om tre religionar. Det er nemleg viktigare at du får inngåande kunnskap i nokre utvalde religionar enn at du lærer litt om alle. Den forståinga du utviklar, vil du seinare ha nytte av i møte med andre religionar.

Det er lagt spesielt stor vekt på kristendommen i læreplanen. Noko av grunnen til dette er at Noreg har ei over 1000 år lang historie som eit kristent land, og kristendommen har vore med på å forme kulturen vår og verdiane våre.

Alle skal òg lære om islam, som er den nest største av verdsreligionane både i Noreg og i verda. I tillegg skal du fordjupe deg i ein tredje, valfri religion. Då er det vanleg å velje ein av dei andre store religionane. Som regel vil læraren avgjere kva religionar du kan velje mellom. I faget religion og etikk i NDLA vil du finne stoff om hinduisme, buddhisme, jødedom, sikhisme og samisk religion. Du skal òg lære om kritikk mot religion samt om nye former for religiøsitet.

Filosofi, etikk og livssynshumanisme

Innanfor filosofi, etikk og humanisme er ein oppteken av mange av dei same spørsmåla som religionane tek opp. Kva er verkeleg? Kva er mennesket sin plass i verda? Kva vil det seie å vere eit godt menneske?

I faget religion og etikk skal du lære om ulike filosofiske perspektiv, etiske teoriar og ulike former for humanisme. Livssynshumanisme er eksempel på eit ikkje-religiøst livssyn som tek utgangspunkt i mennesket og ikkje i trua på ein gud.

Kunnskap om filosofi, etikk og humanisme er viktig for å kunne forstå religionar og livssyn, men også for å kunne forstå vår eiga historie og samtid med eit mangfald av verdiar og overtydingar. Filosofane, dei etiske teoriane, humanismen og dei ulike religionane kan vere til hjelp, slik at du lettare kan sjå ei sak frå ulike sider, få forståing for andre sine synspunkt og bli bevisst på dine eigne førestillingar og meiningar.

Vurdering

Du kan berre bli trekt ut til munnleg eksamen i faget. Det vil ikkje seie at skriving ikkje er ein del av faget. Det vil ofte vere naturleg med skriftlege oppgåver, prøvar eller innleveringar. Samtidig eignar dei fleste temaa i faget seg for munnleg aktivitet.

I mange av læringsstiane i NDLA religion og etikk vil samtale, dialog og diskusjon vere sentrale element. Det er viktig å delta aktivt i slike munnlege aktivitetar, mellom anna fordi faget skal vere haldningsdannande.

På ein munnleg eksamen blir det forventa at du viser kunnskap om og forståing for samanhengar, samtidig som du viser evne til å bruke dei ulike delane av faget. Viss du for eksempel skal samanlikne synet på kjønn og likestilling i to ulike religionar, bør du ikkje berre gjere greie for kva standpunkt religionane har teke i saka. Du bør i tillegg vise korleis desse standpunkta heng saman med andre sider av religionane, som gudetru, skapingsmytar, organiseringa av religionen. På eit endå høgare nivå kan du i tillegg sjå standpunkta i lys av etiske teoriar og vurdere i kva grad religionane har teke opp i seg humanistiske tankar og endra syn på kjønn over tid.

Fagomgrep

  • religion
  • filosofi
  • etikk
  • humanisme
  • livssynshumanisme

Læringsressursar

Om faget religion og etikk