Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Om faget religion og etikkChevronRight
  4. Religion og etikk som haldningsdannande fagChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Religion og etikk som haldningsdannande fag

Det er mange som har meiningar om faget religion og etikk. Du skal no diskutere kva reglar som bør gjelde for faget som haldningsdannande fag.

Tre unge jenter, ei med kors, ei med hijab og ei med bindi. Foto.
I dagens Noreg lever mange ulike religionar og livssyn side om side. Det blir spegla i læreplanen for faget religion og etikk i vidaregåande skule.

Diskuter desse spørsmåla to og to:

  1. Kva vil det seie at religion er eit haldningsdannande fag?
  2. På kva måtar tenkjer de det er bra at skulen påverkar haldningane til elevane? Prøv å finne tre konkrete eksempel.
  3. Prøv å finne tre eksempel på påverknad av haldningar som skulen ikkje bør drive med.
  4. Prøv å formulere ein generell regel for korleis skulen bør og ikkje bør påverke haldningane til elevane. Regelen bør formulerast i éi setning.
  5. Les § 1.1 i Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Kva meiningar, haldningar og verdiar blir trekte fram her?
  6. Er noko av det som står her, problematisk? Grunngi svaret.
  7. Diskuter til slutt det de har komme fram til, med resten av klassen.

Læringsressursar

Om faget religion og etikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter