Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske omgrep og modellarChevronRight
  5. OmsorgsetikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omsorgsetikk

Har kvinner og menn ulik tilnærming til moral? Ifølgje Carol Gilligan tenkjer gutar og jenter forskjellig om moralske spørsmål. Mens gutar har ein tendens til å fokusere på generelle prinsipp og reglar, har jenter ein tendens til å fokusere på omsorg og konkrete sosiale relasjonar.

Sjakkbrett med svart konge og hvir dronning. Foto.
Kva bestemmer kor vi vel å gå? Har kvinner og menn ulike måtar å tenkje etisk på?

Dilemma: Er det riktig å stele for å redde eit liv?

Tenk deg følgjande dilemma: Heinz treng ein medisin for å redde livet til den dødssjuke kona si. Medisinen kostar 2000 kroner å produsere, men det einaste tilgjengelege apoteket sel han for 20 000. Heinz har berre 10 000 kroner, og han har derfor ikkje råd til å kjøpe medisinen. Burde Heinz stele han?

Dette var eit av spørsmåla som utviklingspsykologen Lawrence Kohlberg stilte elleveåringane Amy og Jake. Jake fann raskt ut at Heinz stod i ein normkonflikt. Anten måtte Heinz bryte forbodet mot å stele, eller så måtte han bryte plikta til å redde eit liv. Sidan det er viktigare å redde liv enn å la vere å stele, konkluderte Jake med at Heinz burde stele medisinen.

Amy tenkte annleis. Ho svarte ikkje direkte på spørsmålet, og forsøkte i staden å finne alternative løysingar. Heinz burde ikkje la kona døy, men heller ikkje stele medisinen. Kva om Heinz hamna i fengsel, kva ville då skje med kona? Kunne ikkje Heinz i staden ta opp eit lån eller snakke med apotekaren, forklare problemet og finne ei løysing?

Ifølgje Kohlberg viste dette, og andre liknande eksperiment, at 11-årige gutar var meir modne enn 11-årige jenter. Sidan gutar i større grad tenkte ut frå universelle moralske reglar og prinsipp, var dei betre moralsk utvikla. Dette var Kohlberg sin assistent Carol Gilligan heilt ueinig i. Ho hevda at jentene ikkje var mindre modne – jentene tenkte berre ut frå eit anna perspektiv. Mens gutar tenkte på moralske spørsmål ut frå reglar, tenkte jentene ut frå eit omsorgsperspektiv. Som Amy fokuserer jenter i større grad på korleis ein i moralske spørsmål kan finne konkrete løysingar og bevare dei sosiale relasjonane.

Debatten om Carol Gilligan

Carol Gilligan si beskriving av éin moralsk tenkjemåte for gutar og ein annan for jenter, vekte stor debatt. Kva var årsakene til kjønnsforskjellane? Var det arv eller miljø? Ifølgje Gilligan skuldast forskjellane ulik oppseding, men det var ikkje alle einige i. Enkelte andre undersøkingar fann ut at desse to ulike moralske perspektiva i like stor grad finst hos menn som hos kvinner. Beskrivingane til Gilligan kan derfor skuldast eit skeivt utval av forsøkspersonar. Det var også spørsmål om det berre fanst to ulike måtar å tenkje om moral. Kvifor kunne det ikkje finnast fleire?

Det mange var einige i, var at Carol Gilligan hadde avdekt noko nytt. Beskrivingane hennar av gutar og jenter sine ulike tenkjemåtar viste at tradisjonell etikk ikkje var kjønnsnøytral, men i stor grad basert på menn sine haldningar og erfaringar. Ho inspirerte derfor ei ny retning innanfor moralfilosofien som fokuserte på omsorg og sosiale relasjonar.

Mannlig sykepleier steller en gammel pasient. Foto.
For sjukepleiarar er omsorgsetikk viktig. Deira oppgåve er ofte å få ein god relasjon til pasientane og ta vare på de individuelle behova deira. Denne oppgåva kan raskt kome i konflikt med andre krav. Sjukepleiarar skal også behandle alle pasientar likt og ikkje prioritere nokon framfor andre.

Omsorgsetikken møtte blanda reaksjonar. På den eine sida var det dei som frykta at han ville støtte opp under tradisjonelle kjønnsroller og låse kvinner fast i ein undertrykt posisjon. Denne kritikken var inspirert av Simone de Beauvoir, som hevda at kvinner måtte frigjere seg frå husmorrolla og bli uavhengige. Samstundes blei Simone de Beauvoir kritisert for å gjere den uavhengige mannen til eit ideal for kvinner.

På den andre sida var det dei som hevda at omsorgsetikken bidrog til å verdsette kvinner si erfaring, som altfor lenge hadde blitt oversett. Dei hevda at kvinner si erfaring burde få meir merksemd. Ikkje fordi kvinner var like menn, men fordi dei var forskjellige og derfor kunne bidra med eit anna perspektiv.

Omsorgsetikk

Det tek lang tid frå eit menneske blir fødd til det kan klare seg sjølv. I mange år er barnet avhengig av den tette, nære relasjonen til foreldra sine for å overleve. Seinare i livet utviklar vi relasjonar til skulekameratar, kjærastar, vener og etter kvart jobbkollegaer. Desse menneska betyr noko spesielt for oss, og vi føler eit spesielt moralsk ansvar for å ta vare på dei. Det er dette perspektivet som omsorgsetikken ønskjer å ta vare på.

Mann med liten sønn på restaurant. Foto.
Eit spennande spørsmål i framtida er kva som skjer når menn deltek meir aktivt i barneoppsedinga, når menn får lengre omsorgspermisjon og fleire menn går inn i omsorgsyrka. Vil det også endre korleis menn tenkjer om moralske spørsmål?

Tradisjonell etikk har i stor grad fokusert på korleis enkeltmenneske burde bruke fornufta til å handle moralsk. Ein tek i mindre grad omsyn til kjensler, personlege relasjonar og sosiale omstende. Konsekvensetikken seier til dømes at ein burde handle slik at det fører til best mogleg konsekvensar for flest mogleg, utan å skilje mellom framande og nære slektningar. Men har du ikkje eit spesielt ansvar for dine eigne barn? Ifølgje omsorgsetikken er det viktig å ta vare på dei nære kjenslebaserte relasjonane. Vi kan derfor ikkje berre basere etikken på generelle reglar og prinsipp, vi må òg ta omsyn til den konkrete situasjonen.

Ei utfordring for omsorgsetikken er at fokuset på nære relasjonar kan gjere ein blind for store sosiale forskjellar og urettferd i samfunnet. Utan generelle etiske prinsipp kan det også vere vanskeleg å avgjere kva som er rett og gale i ulike situasjonar. Mange hevdar derfor at ein treng det tradisjonelle rettferdsperspektivet i tillegg til omsorgsetikk.

Litteratur:

Gilligan, C. (2002). Med en annen stemme. Oslo: Gyldendal

Pettersen, T. (2011). Filosofiens annet kjønn. Oslo: Pax

Læringsressursar

Etiske omgrep og modellar