1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske omgrep og modellarChevronRight
  5. Etiske teoriarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Etiske teoriar

Etikk er læra om kva som er rette og gale – eller gode og dårlege – handlingar. Menneske har vore opptekne av slike tankar heilt sidan antikken og fram til vår tid. Etiske teoriar kan delast inn i dygdsetikk, konsekvensetikk, pliktetikk og sinnelagsetikk.

To personer i siluett vendt mot hverandre. Foto.

Antikken og dygdsetikken

I antikken var filosofane opptekne av å definere kva som gir oss eit godt liv. Dei etiske teoriane handla om det gode, om kva som er godt, og kva som bidreg til å kunne leve eit godt liv. Stikkord for eit godt liv for antikkens grekar var å leve i fellesskap og harmoni med andre, finne den rolla ein var tiltenkt i samfunnet, og realisere det ibuande potensialet sitt.

Slike etiske teoriar blir kalla for dygdsetikk og var – som namnet tilseier – knytte til dygder. Ordet «dygd» eller «dyd» kjem av verbet «å duge». Filosofar som Sokrates og Platon var opptekne av at mennesket måtte utvikle sider ved seg sjølv som gjorde det i stand til å oppføre seg på ein god etisk måte. Dette kunne ein oppnå gjennom å skaffe seg teoretisk innsikt i kva som ligg i ulike dygder, for eksempel måtehald eller mot. Aristoteles var òg oppteken av å utvikle vanar som gjorde at ein til slutt automatisk handla rett.

Filosofane i antikken meinte at dygder var allmenne og gjaldt for alle menneske. Sokrates og Platon meinte i tillegg at menneske ville handle etisk rett dersom dei hadde den rette kunnskapen. Handla ein uetisk, kom dette rett og slett av mangel på kunnskap.

Kristendom og opplysingstid

Med kristendommen, og spesielt med kyrkjefaderen Augustin (354–430 evt.), kom ei ny forståing av at mennesket faktisk med vilje kunne handle mot betre viten. Det går altså an å utføre ei handling, sjølv om ein veit at det ein gjer, er gale. Dette var eit viktig skritt på vegen mot den moderne forståinga av etiske problemstillingar.

Filosofane i opplysingstida på 1700-talet var meir opptekne av kva som kunne reknast for å vere rette og gale handlingar. I staden for å sjå på kva som trongst for å leve eit godt liv, var opplysingsfilosofane opptekne av karakteren til handlingar: Var dette ei moralsk rett eller gal handling? Og spørsmålet var då vidare om det skulle leggast vekt på kva konsekvensar handlinga ville få, eller på det som låg bak handlinga i form av prinsipp, haldningar eller motiv.

Normativ og deskriptiv etikk

Normativ etikk handlar om korleis vi som menneske bør handle, og korleis vi bør leve liva våre. Det kan delast inn i teoriar om det gode livet og teoriar om den rette handlinga. Det er denne sida ved etikk som er sentral i faget religion og etikk.

Det motsette av normativ er deskriptiv. Deskriptiv etikk skal undersøkje og beskrive korleis menneske handlar, og kva som blir oppfatta som rett eller gale. Dette kan gjerast gjennom spørjeundersøkingar, observasjon eller eksperiment, mens normativ etikk er ei gren innan filosofien.

Teoriar om det gode livet

Dygdsetikken skal gjennom opparbeidde ferdigheiter gi mennesket høve til å leve eit godt liv. Det finst framleis filosofar som er opptekne av dygdsetikk, særleg av teoriar som kan takast i bruk på menneskelege fellesskap i sin heilskap.

Teoriar om den rette handlinga

På individnivå er ein derimot meir oppteken av teoriar om å gjere det rette. I konsekvensetikken er det konsekvensane av den aktuelle handlinga som avgjer om ei handling er rett eller ikkje. Eit eksempel på konsekvensetikk er utilitarisme eller nytteetikk. Ifølgje utilitarismen skal ein velje det handlingsalternativet som gir mest mogleg lykke for flest mogleg individ.

Teoriar som skal hjelpe oss med å velje det rette, legg vekt på nettopp føresetnadene for kva handlingsalternativ som skal veljast. Ein slik føresetnad kan vere haldningar, som ein er oppteken av i sinnelagsetikken. Sinnelagsetikk kan for eksempel leggje vekt på at nestekjærleik er ei haldning som bør påverke korleis eit menneske vel å handle overfor andre. Så lenge haldninga som ligg bak handlinga, er god, er det ei rett handling.

Ein annan føresetnad for å velje handlingsalternativ er prinsipp og reglar, som står sentralt i plikt- eller regeletikken. Her vurderer ein ei handling ut frå reglane eller plikta uavhengig av konsekvensane av handlinga. Eit eksempel på eit prinsipp eller ein regel er påbodet om ikkje å drepe andre menneske, slik dette mellom anna er nedfelt i Dei ti boda i Bibelen. Når ein person føler seg forplikta til å overhalde slike prinsipp eller reglar, utelukkar det handlingar som gjer at menneskeliv kan settast i fare.


I praksis ser vi likevel at situasjonar som regel er påverka av så mange element at ein blandar desse ulike etiske teoriane med kvarandre når ein skal ta ei avgjersle. Både sinnelag, dygder, reglar, plikter og konsekvensar kan spele inn når ein gjer eit konkret val.

Viktige fagomgrep

  • dygdsetikk
  • sinnelagsetikk
  • pliktetikk
  • konsekvensetikk
  • utilitarisme
  • nytteetikk
  • det gode
  • det rette

Læringsressursar

Etiske omgrep og modellar