Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske omgrep og modellarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Etiske omgrep og modellar

I dette emnet blir du kjent med dei viktigaste etiske omgrepa og nokre etiske modellar som kan hjelpe deg til å gjere gode etiske val.

Mann med munnbind og hårnett held fram eit glas med ei hårlaus mus. Foto.
Kor går grensa for kva som er akseptabelt? Kan ein påføre dyr smerte dersom det er til hjelp for menneske? Er plikta du har i høve til dyret viktigare enn dei gode konsekvensane for menneska?

Nokre gonger er konsekvensane av handlingane det viktigaste når vi skal avgjere om noko er rett eller gale. Andre gonger er normer eller moralske prinsipp viktigare. Etiske modellar som konsekvensetikk og pliktetikk hjelper deg til å sjå ei sak frå fleire sider og kan gjere det enklare å drøfte slike spørsmål på ein ryddig måte.

I religion og etikk skal du kunne forklare etiske omgrep og modellar. Du skal også kunne kjenne att dette i andre sin argumentasjon og vurdere argumenta på grunnlag av det.

Læringsressursar

Etiske omgrep og modellar