Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske problemstillingarChevronRight
  5. Med livet i hendeneChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Med livet i hendene

Kva får ein norsk FN-soldat til å senke maskingeværet og forsøkje roe ned rusa og tungt væpna motstandarar?

FN-soldatar med skytevåpen bak sandsekkar ved sida av armert køyretøy. Foto.
Norske soldatar i FN sine fredsbevarande styrker i Libanon (UNIFIL) i 1988.

Dei siste tiåra har Noreg delteke i fleire FN- og NATO-leda militære operasjonar, og soldatane blir ofte stilte overfor store moralske spørsmål og dilemma. Frank er tidlegare soldat og har lang erfaring frå norske militære operasjonar i utlandet. I denne podkasten beskriv han ein dramatisk episode frå tida si som soldat.

Før du lyttar til podkasten

  1. Når er det riktig å drepe?
  2. Kva er ein god soldat? Nemn minst tre eigenskapar ein god soldat bør ha.

Lytt til podkasten Etiske dilemma

Programleiar Marthe Sveberg. Produsert for NDLA av Moderne Media.

Transkribert versjon av podkasten Etisk dilemma

Etiske Dilemmaer – transkribert

Frank (F)

Intervjuar (I)

F: Det tok ikkje lang tid før eg tenkte: ’Faen, eg skulle ha skote’. Fordi at eg visste jo kva den drittsekken hadde gjort før denne situasjonen, og – kva han gjorde etter – då hadde ein jo spart mange menneske for mykje liding.

I: Frank har rundt ti års erfaring med utanlandsteneste i forsvaret. Fleire gonger har han stått i fare for å bli drepen, og for sjølv å måtte drepe. Når det er du som skal bestemme om nokon skal leve eller døy – korleis veit du kva om er rett og gale? Kva skjedde?

F: Nei, eg ligg på sovevakt. Det betyr då at eg har vakt, men eg søv. Og så går det alarm om ’klæsj’ i CP-en, og det kan jo vere kva som helst. Det kan vere at det er ein medisinsk situasjon, eller at det er full krig i kontrollpostane våre. Så eg hoppar ut, hiv på meg uniforma, tek med meg våpenet mitt, tek på meg støvlane, som eg ikkje rekk å knyte, og så spring eg inn og går inn på vogna. Og ho står jo då sjølvsagt klar, og eg går inn på maskingeværet som er på toppen av vogna, og tek ladegrep og sikrar det.

Og så kjem dei andre på som skal på vogna, og så køyrer vi det lille, korte stykket ned til kontrollposten. Kontrollposten er delvis skjult for posisjonen vår, heilt til vi kjem rundt ein sving. Og idet vi kjem rundt svingen, så ser eg med éin gong – eg kjenner igjen både køyretøy og dei som er der. Han eine står og veivar med eit handvåpen og ein pistol. Og han andre spring rundt med et maskingevær, type Colt og er veldig, veldig ... Altså, eg ser at det er veldig mykje aggresjon i situasjonen. Det er ikkje direkte peiking med våpenet, men det er ganske ukontrollerbart, for dei beveger seg veldig mykje i situasjonen. Og eg ser jo veldig tydelig at spesielt han eine, han med maskingevær, er rusa eller full, kombinasjon av begge.

Og at det er altså – eg legg veldig nøye merke til peikefingeren hans, for han er på avtrekkjaren, og han er kvit. Det betyr at han har lagt trykkpunkt på avtrekkjaren. Men samtidig, igjen – det er ikkje retta våpen, så situasjonen er ustabil, men foreløpig ikkje livsfarleg. Og så veit vi at i køyretøyet deira så har dei tunge våpen. Og han med maskingeværet begynner å bevege seg mot bagasjerommet. Han som gjekk bak til bilen var den største trusselen då, for då kunne han bruke bilen som dekning. Han andre stod såpass nære oss, med ryggen til, så han var ikkje ein trussel der og då. Då var det nummer to, han med maskingeværet, som var den største trusselen, og det var der vurderinga var. Og det er klart at då spenner ein jo kroppen litt ekstra, og det er ein vipp av sikringsfløya, det, så har ein eit våpen ein kan bruke.

Så han hadde ikkje mykje moglegheiter, for å seie det sånn. Så flyttar han sjefen hans, han flyttar seg nærmare vogna vår, og det er då eg bestemmer meg for å ta kontakt med han. Så eg snakkar til han, og får etter kvart kontakt – for han er også ganske sinna – får også kontakt med han der han faktisk ser på meg, og begynner å prate: ’Kva er problemet, kva er problemet?’. Og han er veldig forbanna, men etter kvart så kjem eg i ein dialog med han, sånn at han faktisk roar seg ned. Og då ropar han til assistenten sin at han også skal roe seg ned, og våpna blir senka. Og fingrane blir teke av avtrekkjaren, som er det viktigaste for meg.

I: Men gjer du ikkje deg sjølv og dine veldig sårbare då, ved å leggje vekk det våpenet?

F: Jo, men nokon må ta ei avgjersle i situasjonen, og sånn som eg vurderte det – å backe ut – då var det enklast for meg å gjere det, fordi eg hadde i utgangspunktet makta, med det tunge våpenet. Og då valde eg å snu det vekk frå situasjonen, og ta ut den faktoren. Og sjølvsagt gjere meg sjølv sårbar i den situasjonen, men då såg eg situasjonen mindre truande enn då eg hadde kome inn i han, og eg ville heller prøve på dialog.

I: Så var det sånn at det kjendest ikkje som at du tok ein veldig stor risiko ved å gjere det, eller var det eit element av ’dette kan koste dyrt, men eg vel det likevel’?

F: Nei, du har ikkje tid til det. Og i og med at eg kjende desse personane, så valde eg å bruke den – å tiltale den personen med respekt – valde eg å bruke den taktikken i situasjonen. Men det var ei vurdering, sjølvsagt, du har kort tid. Men ei vurdering at det ikkje var like farleg i situasjonen der og då. Vi skulle jo ikkje eskalere situasjonen, det var jo monitor, support og beskytte fred, men samtidig så er det jo sånn, at når du har ein såpass uoversiktleg våpensituasjon, så er du klar til å bruke våpenet. Så hadde dei løfta våpenet ti cm, eller peika det i ei retning av våre, så hadde det ikkje vore nokon tvil: Då har vi både tillating til å skyte, og ville måtte ha brukt våpen for å beskytte våre eigne.

Det skal mykje til for å skyte på nokon andre, og i den situasjonen hadde det ikkje vore moglegheit til å skyte varselskot. Og i den augneblinken du har folk med trekt våpen og du skyt eit varselskot, så har du teke av det første skotet, og det er veldig sannsynleg at dei skyt tilbake. Så det betyr at her hadde det rett og slett vore å rette eld, og då med eit maskingevær så seier det seg sjølv at det gjer stor skade. Og då må ein ta ut folk, så dei ikkje kan bruke våpna sine.

I: Når er det er riktig å drepe?

F. Hm. Ja, mandatet vårt seier: for å beskytte seg sjølv eller eigne, og sivile som ein er sett til. Det er klart at i dei situasjonane, viss du skal gå rett ut frå RH1 så ... Men altså ja, i den situasjonen så vil ein jo vere i ein krigssituasjon, og då betyr det at – eg vil seie at då ville eg ha rett til å skyte viss våpenet hadde blitt retta mot våre. Hadde eg ikkje skote då, så hadde det jo vore vi som hadde blitt skotne. Det er eigentleg enkelt, i store gåseteikn.

I: Kva vil det seie å vere ein god soldat i ein sånn situasjon?

F: Nei, mandatet vårt var jo å bevare freden. Det betyr at ’det å vere ein god soldat’, er å få stoppa situasjonen, så han ikkje eskalerte og skada nokon. I tillegg så var det jo – men det har ingen betyding for situasjonen, for skote ville det blitt gjort uansett viss det var retta våpen. Vi visste veldig godt, at dersom vi tok ein av dei, så ville ein av våre gå veldig raskt etterpå. Då ville det bli ein hemnaksjon, så det ville berre eskalere. Men det har inga betyding for situasjonen, det tenkjer ein ikkje på. Men det er faktum.

I: Kva betyr fellesskapen med dei andre soldatane?

F: Nei, det betyr jo alt. Det betyr jo at når ein er ute i ein sånn situasjon, så skal du kunne stole på dei ved sida av deg, at dei gjer jobben sin, og at viss det skjer noko ein stad, så veit du at dei andre sikrar deg, og motsett. Så det er klart at der skal ein stole på kvarandre, og det kan ein berre gjere viss ein har trent saman.

I: Går det an å førebu seg på ein sånn situasjon, eller er han så spesiell at du berre må stole på dømmekrafta di?

F: Nei, altså dei stadene der vi har hatt stasjonære kontrollpostar – og det har jo vore på Balkan, og for så vidt i Afghanistan og i Libanon – så har vi jo trent på sånne situasjonar. Der det rett og slett skjer ting i kontrollpostane våre. Eller skjer ting på marsj, eller skjer ting på køyretøy. Og vi brukte jo køyretøy til å skape mellombels kontrollpostar, og vi hadde faste installasjonar av alle desse stadane. Og det betyr at det trener ein på, då trener ein på å laste ut, korleis ein skal ut-gruppere seg, korleis ein skal sikre kvarandre i ein kontrollpost eller på eit køyretøy, så det må ein trene på.

I: Så det er på en måte ikkje nokon tvil i deg, når du er i denne situasjonen her – du veit kva du skal gjere, og du kan det på eit vis?

F: Ja, ein er jo drilla på det, men litt sånn tvil skal ein jo ha i bakhovudet heile tida. Sånn i høve til handlingane sine. Fordi viss ein er berre maskin, då er det klart: då skyt ein. I ein sånn situasjon så trekkjer ein berre av då, og så er det berre over, så er det ferdig. Så du skal jo ha den der vesle ’er det riktig?’ – den må vere der heile tida.

I: I etterkant av denne episoden her, så har du sagt at du var sliten, oppspilt, hadde problem med å sove – kva for tankar var det som heldt deg vaken?

F: Det adrenalinet ein får når ein kjem i ein sånn situasjon; det sit igjen i mange dagar. Så det er ikkje noko å lure på om det var det som gjorde det. Men så er det klart at ein byrjar jo å tenkje på situasjonen: Er det ting eg kunne gjort annleis? Er det noko eg ville gjort annleis om det skulle skjedd igjen? Og i og med at dette var kjende drittsekkar i området vårt, så begynte det jo å kome ein del tankar på det.

I: Ja, for i etterkant så har du fått vite at denne leiaren som du sparte livet til, han har teke andre sine liv og valda mykje skade. Då du fikk vite det – kva var det du tenkte?

F: Nei, rett og slett; ’Faen, eg skulle ha skote’. Fordi vi fekk jo høyre ein del rapportar, og det var jo ikkje noko ukjent det, for dei var jo kjende for å drive med brot på menneskerettar og andre ting i området, så eg tenkte rett og slett at eg burde ha trekt av. Og det fekk eg dårlig samvit for då.

I: Kva ville vore konsekvensane, då, viss du hadde skote?

F: Nei, då ville det blitt hemnreaksjon mot oss. Og sjølvsagt skal ein jo leve med eit skot. Hadde eg skote i situasjonen sånn som han var, trur eg ikkje eg kunne ... Eg hadde ikkje kunna føle meg god med det, for det var altså i utgangspunktet ikkje direkte grunn til å skyte.

I: Ville du valt annleis viss du hadde visst då du stod der, det du etterpå fekk vite om leiaren?

F: Nei, rett og slett fordi vi visste masse om desse menneska – uansett om vi var på Balkan eller Libanon eller Afghanistan, så har vi jo treft på folk som vi kjenner til veldig godt kva driv med. Og viss du då plutseleg byrjar å tenkje på sånne ting, så legg du altså hemn, eller set deg i ein over-posisjon, der du skal altså kunne vere ’krigs ton torni hag’, og det, det går ikkje.

Etter at du har lytta til podkasten

  1. Når Frank kjem til kontrollposten møter han to truande soldatar frå dei lokale sikkerheitsstyrkene. Dei er sinna, tungt væpna, rusa, og den eine av dei har fingeren på avtrekkjaren av maskingeværet sitt. Vurder om Frank har rett til å skyte i denne situasjonen. Bruk desse to moralske perspektiva:

    1. Konsekvensetikk. Kva ville konsekvensane ha vore viss Frank hadde skote?
    2. Pliktetikk. Kva slags moralske plikter har Frank i denne situasjonen?
  2. Frank står ansikt til ansikt med to væpna soldatar frå dei lokale sikkerheitsstyrkene. Han vel då å vende maskingeværet vekk for å roe ned situasjonen og snakke med soldatane. Vurder denne handlinga ut frå eit konsekvensetisk og pliktetisk perspektiv.

    1. Kva for konsekvensar trur de Frank først og fremst tek omsyn til? Konsekvensane for seg sjølv, soldatane frå dei lokale sikkerheitsstyrkene, hans eigne kameratar og/eller oppdraget?
    2. Kva for plikter trur de Frank tar omsyn til i denne situasjonen? Plikta til ikkje å drepe, plikta til å ta vare på seg sjølv, lojaliteten overfor medsoldatane eller plikta til å ta vare på freden i området?
  3. Vurder Frank si historie ut frå eit dydsetisk perspektiv. Kor viktig er den enkelte soldaten sin karakter og individuelle dømmekraft i ein slik situasjon? Kva for betyding har fellesskapen og treninga med dei andre soldatane? Ifølgje Aristoteles’ dydsetikk er mot den gylne middelvegen mellom feigskap (for lite mot) og dumdristigheit (for mykje mot). Diskuter om Frank fann den gylne middelvegen i dette dømet.
  4. Skriv ei kort oppsummering. Kva for etiske perspektiv er viktigast for å forstå Frank sitt val? Er du einig i Frank sin handlemåte, eller er det noko han burde gjort annleis?

Læringsressursar

Etiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter