Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske problemstillingarChevronRight
  5. Sortering og design av menneske ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sortering og design av menneske

Retten til sjølvbestemt abort, fosterdiagnostikk og genteknologi byr på moglegheiter – og utfordringar. I sine ytste konsekvensar kan vi få eit sorteringssamfunn, der individ med eigenskapar vi ikkje ønskjer oss, blir sorterte bort.

Forsker fjerne er bit fra et molokyl. Manipulert foto.

I 1978 blei lova om sjølvbestemt abort vedteken av Stortinget, og kvinner i Noreg kunne frå då av sjølv bestemme om dei ville fjerne eit foster fram til veke 12, med visse unnatak for seinare abort. Lova om sjølvbestemt abort blei vedteken etter mange års kamp for kvinner sin rett til å bestemme over eigen seksualitet. I 2017 blei det registrert 12 733 svangerskapsavbrot i Noreg.

For 40 år sidan blei den første genetiske analysen av ein fostervannsprøve gjennomført i Noreg. Og i 2012 utvikla genforskarar CRISPR (Clustered Regularly Interspaced Short Palendromic Repeats), som er ein ny, enklare og billegare metode for genmodifisering. Metoden kan i prinsippet brukast til å endre akkurat dei genene ein ønskjer. I 2015 varsla kinesiske forskarar at dei hadde genmodifisert menneskelege embryoer, altså befrukta egg.

Det er relativt få motstandarar av abortlova i Noreg i dag. Få ønskjer seg attende til ei tid med illegale abortar og offentlege råd som avgjer om kvinner kan ta abort eller ikkje. Legevitskapen har også store forventningar til dei moglegheitene som ligg i dagens kunnskapar om gener og genmodifisering. På sikt kan dette brukast til å fjerne eller heile sjukdommar som forårsakar store lidingar.

Men den kunnskapen og teknologien vi i dag rår over, gjer at vi både som samfunn og som enkeltindivid står overfor viktige etiske val. Er det rett å sortere ut liv vi ikkje ønskjer oss? Er det rett å endre på genmaterialet til ein organisme – og i tilfelle – når er det rett å gjere det?

Skeptikarane er redde for den såkalla skråplaneffekten, at vi skritt for skritt, med små steg, gradvis ven oss til eit samfunn med heilt andre verdiar enn dei som gjeld i dag. I sine ytste konsekvensar kan vi få eit sorteringssamfunn, der individ med eigenskapar vi ikkje ønskjer oss, blir sorterte bort –eller eigenskapar vi ikkje ønskjer oss, blir endra gjennom genmodifisering og genredigering. Då er ikkje vegen lang frå å sortere bort det ein ikkje vil ha til å lage dei designarbabyane ein vil ha. Kunnskapen og teknologien er der.

Læringsressursar

Etiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter