1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske problemstillingarChevronRight
  5. Diskuter mennesket si rolle i naturenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Diskuter mennesket si rolle i naturen

I denne debattoppgåva skal de setje dykk inn i andre sin tankegang gjennom å argumentere i tråd med eit bestemt livssyn. Temaet er mennesket si rolle i naturen.

Illustrasjon av fire personer som deltar i en skoledebatt. Illustrasjon.

Steg 1

Heng opp ein plakat i kvart hjørne i klasserommet. Plakatane skal ha følgjande tekst:

  • Plakat 1: kristen
  • Plakat 2: buddhist
  • Plakat 3: urfolk
  • Plakat 4: økosof

Steg 2

Elevane deler seg i like store grupper i kvart hjørne. De skal så ta stilling til følgjande påstandar:

  • Det bør framleis vere lov å drive med pelsdyrnæring i Noreg
  • Ingen bør få lov til å gjere meir enn ei flyreise i året
  • Fisk og dyr bør ikkje drepast for sporten si skuld

Steg 3

Gruppene får 10 minutt til å førebu synspunkt og argumentasjon i tråd med det livssynet dei skal representere.

Steg 4

Deretter blir det køyrd debatt i 20 minutt. Lærar, eller ein elev i klassen, er ordstyrar.

Steg 5

Ta ei oppsummering til slutt. Kva var de einige om? Kva var de ueinige om? Kvifor var de ueinige?

Læringsressursar

Etiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter