1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etiske problemstillingarChevronRight
  5. Synspunkt på det gode livetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Synspunkt på det gode livet

Kva er eit godt liv? Musikaren Andreas Sandnes, kunstnaren og forfattaren Ari Behn og filosofen May Thorseth ser spørsmålet frå ulike synsvinklar. Sjå filmen, og ta stilling til ulike synspunkt.

Det gode livet

Diskusjonsoppgåver til filmen

  1. Musikaren Andreas Sandnes seier i starten av filmen at for han handlar det gode livet om å oppleve meistringskjensle. Diskuter:
    • Er meistring nødvendig for at ein skal oppleve å ha eit godt liv?
    • Og kva inneber i så fall meistring?
  2. Aristoteles og Platon meinte at det gode livet var knytt til det å utvikle dygder, ferdigheiter som gjer at du kan leve eit godt liv, eller det å strekkje seg etter nokre idéar om eit godt liv. Sofistane meinte at det gode livet handla om å få tilfredsstilt flest mogleg lyster.
    • Kjenner du att nokre av desse synspunkta frå dagens syn på «det gode livet»?
  3. Ari Behn omtaler det gode livet som det å fullføre sitt eige potensial.
    • Diskuter denne påstanden: Lykke inneber å få fullført sitt eige potensial.
  4. May Thorseth er kritisk til utsegnet om at det er «betre å vere fattig og lykkeleg enn rik og ulykkeleg», ettersom ho meiner desse omgrepa ikkje nødvendigvis heng saman.
    • Diskuter: Er materiell velstand viktig for å kunne ha eit godt liv?
  5. Behn snakkar om møtet med andre menneske som sentralt for å kunne ha eit godt liv.
    • Kor viktig meiner du møtet med / samvær med andre menneske er for at ein skal ha eit godt liv?
  6. På ulike måtar kjem det fram synspunkt i filmen om at ein for å ha eit godt liv må vere tru mot seg sjølv, realisere sitt fulle potensial og oppleve meistring.
    • Kan ein slik tankegang gå ut over dei sosiale sidene ved eit godt liv?
    • Bør ein alltid streve etter å nå draumane sine?
  7. Kva er viktigast for å kunne ha eit godt liv: Oppleve meistring, tilfredsstille lyster, realisere sitt fulle potensial, samvær med andre eller materiell velstand? Ranger individuelt og diskuter i klassen etterpå.

Læringsressursar

Etiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter