Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. FilosofiChevronRight
  4. Filosofiske problemstillingarChevronRight
  5. Konfutse ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konfutse

Ifølgje den kinesiske filosofen Konfutse kan enkle forandringar av dei daglegdagse rutinane våre gjere oss til betre menneske. Ved å utvikle dydar som godheit og visdom vil vi forandre oss sjølve og det samfunnet vi er ein del av, i ei fredeleg og harmonisk retning.

Statue av Konfutse. Foto.
Konfutse (551–479 fvt.) blir av mange rekna som den første kinesiske filosofen. Sjølv ville han likevel ikkje skape noko verkeleg nytt, men først og fremst gjenopplive tradisjonar og innsikter frå fortida. Tankane hans var med på å forme Kina og er framleis levande. I 2018 blei det reist ein 72 meter høg bronsestatue av Konfutse i fødebyen hans, som kvart år blir besøkt av over seks millionar menneske.

Konfutse (551–479 f.Kr.) levde i ei uroleg tid. Det var krig og undertrykking, og Konfutse var overtydd om at dei kinesiske fyrstene måtte gjenopplive dei gamle verdiane og tradisjonane i samfunnet for å skape fred og velstand.

Utan hell forsøkte han gjentekne gonger å få gjennomslag for ideane sine, men dei einaste som lytta var ei trufast samling av elevar og studentar. Dei heldt fram med å spreie læremeisteren sine idear, og konfutsianismen blei til slutt den mest dominerande tankeretninga i Kina.

Dei siste åra har Konfutse fått fornya popularitet, og tankane hans er ein nøkkel til å forstå Kina og sentrale delar av Aust-Asia. Kinesiske makthavarar har omfamna filosofien hans som ein del av ein kulturell renessanse. Dei framhevar konfutsianske verdiar som lydnad og lojalitet og tanken om at alle har sin plass innanfor ein harmonisk fellesskap. Men Konfutse har også blitt brukt for å kritisere kinesiske leiarar for blant anna korrupsjon og maktmisbruk.

Sør-Koreas president Kim Dae-Jung blir gratulert av Kronprins Haakon etter å ha motteke Nobels fredspris. Foto.
Må gode leiarar ha god moral? Ifølgje Konfutse må ein god leiar leve som eit moralsk eksempel og stå til ansvar overfor innbyggjarane. Tidlegare president i Sør-Korea og vinnar av Nobels fredspris, Kim Dae-Jung, har derfor hevda at asiatiske demokrati burde byggje vidare på Konfutse sine tankar. Biletet: Kim Dae-Jung blir gratulert av Kronprins Haakon etter å ha motteke Nobels fredspris i 2000.

Konfutses dydsetikk

Konfutse startar med eit tilsynelatande enkelt og daglegdags spørsmål. Korleis bør vi menneske leve?

For å leve eit godt liv og bli eit edelt menneske må vi utvikle dydar, ifølgje Konfutse. Dydar er positive eigenskapar eller karaktertrekk, og den aller viktigaste eigenskapen mennesket må utvikle er rein som kan omsetjast med "godheit", "medmenneskelegdom" eller "velvilje".

Vi har godheit når vi til dømes viser omtanke for andre og følgjer samvitet vårt. På same tid er det også viktig å vise respekt for lover og reglar i samfunnet ifølgje Konfutse. Denne eigenskapen kallar han li. For Konfutse må vi derfor finne ein harmoni og balanse mellom samvittigheten sitt indre krav og dei ytre reglane i samfunnet.

For å unngå ytterlegheiter og finne den riktige middelvegen er det viktig at vi også utviklar andre dydar. Vi må utvikle evna til å handle moralsk riktig (yi), og vi må utvikle visdom (zhi), evna til å bedømme andre menneske og vite kva som er riktig.

Det er også viktig at vi ikkje bruker ein annan målestokk for oss sjølv enn for andre. Vi burde tvert imot vise medkjensle (shu) overfor kvarandre, og Konftuse formulerte ein tidleg versjon av den gylne regelen: "Du burde ikkje gjere mot andre det du ikkje ville at andre skulle gjere mot deg". Det betydde likevel ikkje at Konfutse meinte ein burde behandle alle menneske likt.

OMgrep

Forklaring

Ren

Godheit, velvilje eller medmenneskelegheit

Li

Respekt for lover, tradisjonar og ritual

Yi

Evna til å handle moralsk riktig

Zhi

Visdom. Evna til å bedømme andre og ta riktige avgjerder

Shu

Medkjensle. Evna til å bruke seg sjølv som målestokk for andre

Kinesisk familie. Foto.
Ifølgje Konfutse er familien svært viktig. Det er i dei nære relasjonane til foreldra våre at vi utviklar oss moralsk. Vi har også eit større moralsk ansvar overfor vår eigen familie og dei nære venene våre enn overfor andre menneske. Denne tanken kan vi i dag finne att i omsorgsetikken.

Sosiale relasjonar

Ifølgje Konfutse er det dei sosiale relasjonane som bestemmer kvar for dydar eller eigenskapar som er relevante i kvart enkelt tilfelle. Vi har ikkje den same sosiale relasjonen til barna våre som vi har til ein ven. Overfor barna sine bør ein far derfor utvikle eigenskapar som faderleg kjærleik, mens han burde utvikle eigenskapar som ærlegdom overfor venen sin.

Med unntak av venskap er dei fleste sosiale relasjonane heller ikkje likeverdige. Ein fyrste har ikkje den same relasjonen til undersåttane som undersåttane har til fyrsten. Derfor er det heller ikkje dei same dydane som er relevante. Overfor fyrsten må undersåttane utvikle dyden lojalitet. Overfor undersåttane må fyrsten utvikle dydane rettferd og gjevmildskap.

Det betyr at fyrsten ikkje kan oppføre seg som han vil. Fyrsten er like bunden av relasjonen sin til undersåttane som dei er det til han. Det er nettopp desse gjensidige banda mellom samfunnsmedlemmane som ifølje Konfutse skal sikre ro og stabilitet og hindre undertrykking og maktmisbruk.

Relasjon

Dyd

Barn overfor foreldre

truskap

Yngre bror overfor eldre bror

respekt

Undersått overfor fyrste

lojalitet

Ven overfor ven

ærlegdom

Kone overfor ektemann

undergjevnad

Konfutse sin dydsetikk er tilbakeskuande og konservativ. Han er sterkt prega av det samfunnet han levde i. Kvinna har ein underordna posisjon, og alle må kjenne sin plass. Kritikarar av Konfutse har derfor meint at tankane hans i for liten grad gir rom for individuell fridom og alternative måtar å organisere samfunnet på.

Kvit byste av mann med skjegg. Foto.
Slik som med Aristoteles sin dydsetikk vektlegg Konfutse at einkvar situasjon er unik, og at ein må utvikle den praktiske dømmekrafta si. Konfutse meiner også at visdom og klokskap er ein viktig dyd, men i motsetnad til det Aristoteles meiner, er ikkje klokskap den viktigaste dyden.

Tradisjonar og ritual

Konfutse hadde eit svært annleis syn på mennesket enn vi har i dag. I dag er det ideal at vi skal vere tru mot oss sjølv, og at vi kan finne svaret på viktige livsval inni oss sjølve. Vi treng berre gjere det som kjennest rett og lytte til "magekjensla".

Ifølgje Konfutse er vi menneske likevel ei kompleks samling av motstridande kjensler og lyster som er forma av dei tidlegare erfaringane våre. Desse kjenslene trekkjer oss i ulike retningar og kan derfor ikkje fortelje oss kva vi skal gjere eller kven vi kan bli i framtida.

Konfutse fokuserte i staden på korleis mennesket kan forandre kjenslene og dei fastlåste tankemønstra sine. Gjennom ritual, tradisjonar og små endringar av daglege rutinar kan vi ifølgje Konfutse gradvis utvikle oss til betre menneske.

Tenk deg at du blir introdusert for ein framand. Du smiler, strekkjer handa fram og helsar, uavhengig av kva humør du er i akkurat denne dagen. I ein kort augenblink glir du inn i ei anna rolle og følgjer ein velkjend tradisjon for handhelsing.

Ifølgje Konfutse hjelper denne tradisjonelle vanen deg ikkje berre til å framstå som hyggeleg og velmeinande. Han hjelper deg også til å erfare at du har eit potensiale til å bli ein annan person. På denne måten kan daglegdagse rutinar og tradisjonar hjelpe deg å bryte ut av mønster du er blitt van med og gradvis endre deg i ei betre retning.

Ein mann og ei kvinne som giftar seg, kyssar kvarandre. Foto.
Kvifor skal ein gifte seg? Er det ein innhaldslaus tradisjon, eller oppfyller seremonien ein viktig funksjon? Vil ritualet der ein lovar å elske og ære kvarandre, framfor alle venene og slektningane sine, gjere det lettare å vere trufast og leve saman i ettertid?

For å bli eit edelt menneske måtte ein følgje dei gamle tradisjonane og rituala ifølgje Konfutse. Denne evna (Li) var noko ein måtte lære, og Konfutse hevda at fyrsten hadde eit eige ansvar for å gi befolkninga tilgang til utdanning. På denne måten blei Konfutse og konfutsianismen ein viktig inspirasjon for utbygginga av det kinesiske utdanningssystemet.


Litteratur

  • Harrison, V.S (2019) Eastern philosophy. The basics. London: Routledge
  • Konfutse (2008) Samtalar. Oslo: De norske bokklubbene AS
  • Mengzi 1994. Læra om det gode mennesket. Oslo: Samlaget
  • Norden, B.W. (2011) Introduction to classical chinese philosophy. Indianapolis: Hackett Publishing Company Inc.
  • Puett, M. (2016). Veien. Kinesiske filosofer og læren om det gode liv. Oslo: Flux Forlag
  • Rongen, O.B. (2008) Innleing. I Konfutse, Samtaler. Oslo: De norske bokklubbene AS

Læringsressursar

Filosofiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter