Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. FilosofiChevronRight
  4. Filosofiske problemstillingarChevronRight
  5. Konfutse – oppgåver ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Konfutse – oppgåver

Kan vi bli betre menneske av å utføre ritual? Er mennesket frå naturen si side godt eller vondt? I desse oppgåvene skal du utforske tankane til Konfutse og konfutsianismen.

Kvinne klemmer ein liten gut med sykkelhjelm. Foto.
Vi utviklar eigenskapane våre gjennom relasjonane våre til andre, og den viktigaste eigenskapen vi kan utvikle er godheit eller medmenneskelegdom (rein) ifølgje Konfutse. Skriftteiknet for "rein" består av dei to symbola "menneske" og "to". Godheit viser seg med andre ord i omsorga for eit anna menneske. Vi må utvikle ei finkjensle overfor andre, slik at vi kan gjere det som er godt for dei og frambringe det beste i dei rundt oss.

Vel to av dei tre oppgåvene.

Oppgåve 1 – Konfutses dydsetikk

  1. Ifølgje Konfutse er godheit eller medmenneskelegdom den viktigaste eigenskapen vi burde utvikle hos oss sjølve. Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret.
  2. Ifølgje Konfutse er dydane avhengige av rollene og dei sosiale relasjonane våre.
    • Kva for dydar meiner du er aktuelle for desse relasjonane:
      • lærar – elev
      • foreldre – barn
      • vener
      • sjef – tilsett
    • Samanlikn det du kom fram til med Konfutses dydsetikk. Er det nokon likskapar og forskjellar?
    • Ser du nokon konfliktar mellom Konfutses dydsetikk og demokratiske verdiar som likskap og individuell fridom?
  3. Les artikkelen Aristoteles og samanlikn dydsetikken til Konfutse og Aristoteles. Kva for likskapar og forskjellar er det mellom dei?

Oppgåve 2 – Ritual

Ifølgje Konfutse er ikkje ritual berre heilage handlingar som blir utførte i religiøse seremoniar. Også daglegdagse vanar og rutinar er potensielle ritual som kan hjelpe oss til å bli betre menneske.

Generelt bilete av skuletoget 17.mai. Foto.
17. mai-feiringa i Noreg følgjer eit fast ritual. Dei fleste pyntar seg og tek med seg norske flagg og symbol, og dagen følgjer eit fast mønster med flaggheising, barnetog og 17. mai-talar. På kva måte kan ein slik tradisjon gjere oss til litt betre menneske?

Når vi følgjer sosiale konvensjonar, deltek i ritual eller følgjer gamle tradisjonar, får vi gjerne ei ny rolle. Vi lèt til ein viss grad som vi er nokon andre enn dei vi er til kvardags. Dette gjer at rituala kan få oss til å oppdage og dyrke fram ei ny og betre side ved oss sjølve.

  1. Vel nokre ritual eller tradisjonar de sjølv har vore med på og/eller bruk forslaga under. På kva måte kan utføring av desse rituala gjere deg til eit litt betre menneske?

    • handhelsing
    • julenissen på julaftan
    • bryllup
    • lystenning for dei døde
    • 17. mai
    • familiemiddag
    • takke for maten
    • rekkje opp handa i timen
  2. Ifølgje Konfutse er det verknadslaust å utføre eit ritual viss du ikkje verkeleg meiner det du gjer og lever deg inn i rolla. Er du einig eller ueinig i at rituelle handlingar, som å handhelse, takke for maten eller gifte seg, er verknadslause viss ein ikkje utfører dei oppriktig?

Oppgåve 3 – Er mennesket godt eller vondt?

  1. I dag meiner mange at vi kan finne ut kven vi er ved å lytte til kjenslene våre. Diskuter om kjenslene våre kan fortelje oss kven vi er. Er kjenslene våre upålitelege, eller kan dei fortelje oss kven vi er og korleis vi burde handle?
  2. Ifølgje den konfutsianske filosofen Mengzi er mennesket frå naturen si side godt. Han grunngir dette med at alle menneske ville redde eit barn som heldt på å drukne i ein brønn. Finn nokre andre grunngivingar og døme på at mennesket er født godt.
  3. Ifølgje den konfutsianske filosofen Xun Zi er mennesket frå naturens si side egoistisk. Finn nokre grunngivingar og konkrete døme som tyder på at mennesket er født egoistisk.
  4. Diskuter døma og grunngivingane de kom fram til i spørsmål B og C opp mot kvarandre. Er mennesket frå naturen si side godt eller vondt? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Filosofiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter