Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. FilosofiChevronRight
  4. Filosofiske problemstillingarChevronRight
  5. Kjønn og filosofi – ein introduksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjønn og filosofi – ein introduksjon

Kva gjer kvinner og menn like, og kva gjer dei forskjellige? Kva betydning har kjønn når ein skal fordele makt, fridom og arbeidsoppgåver i samfunnet? Det er spørsmål som har oppteke filosofar heilt tilbake til antikken.

Likestilling. Foto.
Platon og Aristoteles

I antikkens Hellas var kvinner underordna mannen og kunne ikkje delta i politikken. Dette var ikkje den beste måten å organisere samfunnet på ifølgje den greske filosofen Platon. Han meinte at dei klokaste burde styre staten og hevda at kvinner har like stor evne til å bruke fornuften som menn. Å nekte kvinner å delta i politikken betyr derfor at ein kastar bort halvparten av dei mest talentfulle personane, meinte Platon.

Ifølgje Platon er kvinner og menn biologisk forskjellige, men det er ikkje relevant når ein skal avgjere kven som burde styre, sidan den oppgåva krev eigenskapar som både kvinner og menn har felles. Grunnen til at kvinner ikkje deltek i styret av staten, er derfor ikkje biologiske forskjellar, men ulik oppseding og ulike moglegheiter. Dette var Platons elev Aristoteles heilt ueinig i. Han meinte at kvinner ikkje burde delta i politikken, men ta seg av barn og heim.

Mange menn, og noen få kvinner, samlet i en sal. De er ikledd kapper. Omgitt av statuer. Maleri.
"Skolen i Athen" av renessansekunstnaren Rafael, 1511. I midten av biletet ser vi Platon (til venstre) og Aristoteles (til høgre) i samtale. Biletet skulle heidre store personlegdommar gjennom historia. Ser du nokon kvinner på biletet?

Ifølgje Aristoteles er det fleire grunnar til at kvinner og menn har ulike roller i samfunnet. For det første meinte Aristoteles at alle menneske har nokre medfødde evner som dei strever etter å verkeleggjere. Kvinner har likevel ikkje dei same rasjonelle evnene som menn og derfor ikkje dei same moglegheitene til å utvikle fornufta si. Dei er derfor mindre eigna til å styre samfunnet.

For det andre meinte Aristoteles at det er nødvendig med ei arbeidsdeling viss samfunnet skal fungere best mogleg. Det er derfor naturleg og formålstenleg at kvinner blir heime, mens mannen deltek i politikken og yrkeslivet, ifølgje Aristoteles. Aristoteles sitt syn på kjønn fekk stor innverknad i antikken og middelalderen, mens Platons tankar om likestilling ikkje blei teke på alvor før to tusen år seinare.

Kampen for like rettar

På 1700- og 1800-talet oppstod den første bølgja av feministar som kjempar for fridom, rettferd og likestilling mellom kjønna. I kjølvatnet av den amerikanske og franske revolusjonen skreiv Mary Wollstonecraft eit forsvar for kvinna sine rettar (1792). I motsetnad til Aristoteles hevda ho at kvinner og menn er fødde med same evne til å tenkje fornuftig og handle moralsk. Derfor har dei også den same grunnleggjande retten til å fritt utvikle evnene sine. For at denne retten skal bli reell, må kvinner få moglegheita til å forsørgje seg sjølv og få ei utdanning på lik linje med menn, ifølgje Wollstonecraft. Først då får kvinna moglegheita til å skape sin eigen identitet og bidra fullt ut til samfunnet.

Mary Wollstonecrafts sin kamp for likestilling blei vidareført av Harriet Taylor Mill og John Stuart Mill på midten av 1800-talet. Akkurat slik som Wollstonecraft hevda dei at samfunnet ikkje har rett til å undertrykkje kvinner sin fridom. Samfunnet si oppgåve er å fremje mest mogleg lykke for flest mogleg, og kvinneundertrykking skaper unødvendig liding. Dei samanlikna dåtidas ekteskapslover med slaveri. Slik som Platon hevda dei at forskjellane mellom kvinner og menn ikkje er relevante for evna til å delta i samfunnet, og dei meinte at det uansett ikkje er mogleg å avgjere kva som er kvinna sin eigentlege natur så lenge ho ikkje får moglegheita til å fritt utvikle seg sjølv.

Likskaps- og forskjellsfeminisme

I løpet av 1800- og 1900-talet fekk kvinner etter kvart dei same juridiske rettane som menn, men framleis var det mange som meinte vi ikkje hadde oppnådd reell likestilling.

På den eine sida har vi likskapsfeminstar. Dei fokuserer på det som er felles for kvinner og menn og kjempar for like rettar og moglegheiter. Ein feminist som fekk stor innverknad på den andre bølgja feminisme som oppstår på 1960- og 1970-talet var Simone de Beauvoir. Ifølgje de Beauvoir er kvinner og menn fødde med den same eksistensielle fridommen. Dei har likevel ikkje den same konkrete moglegheita til å leve sitt eige liv. Gjennom heile oppveksten blir kvinner oppdradde til å underordne seg mannen. Like rettar er derfor ikkje nok. For å oppnå reell likestilling må ein også endre den mannsdominerte og kvinneundertrykkjande kulturen i samfunnet.

På den andre sida har vi forskjellsfeministar som fokuser på ulikskapane mellom kvinner og menn. Dei kjempar for at samfunnet og kulturen i større grad skal anerkjenne kvinners erfaringer og til dømes gi husmorrolla og omsorgsyrke høgare status. Ei anna kampsak er at kvinner burde delta på alle nivå i samfunnet. Ikkje fordi kvinner er like menn, men fordi dei er forskjellige og derfor bidreg til større breidde og mangfald. Innanfor filosofien har forskjellsfeministar blant anna kritisert tradisjonell etikk for å leggje for lite vekt på verdiar som omsorg og kjærleik og betydninga av nære sosiale relasjonar.

På 1990-talet hevda Judith Butler at kjønn og omgrepa kvinne og mann er ein sosial konstruksjon. Kjønn er ikkje noko vi blir fødde med, men noko vi uttrykkjer gjennom handlingane våre. Grunnen til at kvinner og menn oppfører seg forskjellig, er at dei møter ulike normer og forventningar i oppveksten. I verkelegheita finst det også maskuline kvinner og feminine menn. Dei ulike forventningane til kvinner og menn bidreg derfor berre til å undertrykkje fridommen til enkeltmenneska og individuelle forskjellar. Butlers syn på kjønn står i sterk kontrast til dei som hevdar at biologiske forskjellar er viktige for å forstå ulikskapane mellom kvinner og menn i samfunnet.

Kvinne smiler og strekker armene i været. Har et bånd med påskriften "Spain" i høyre hånd. Foto.
I 2018 blei Angela Ponce den første transkjønna som deltok i Miss Universe-finalen. Å vere transkjønna vil seie at kjønnsidentiteten din ikkje er den same som den biologiske identiteten din. Ifølgje Judith Butler bryt transkjønna ned den tradisjonelle todelinga mellom kvinne og mann. Dei viser at kjønn ikkje er eit medfødt faktum, men tvert imot måten vi heile tida uttrykkjer og isceneset oss sjølv ved hjelp av kropp, klede, språk og handlingar.

Litteraturliste:

Holst, C. (2009). Hva er feminisme. Oslo: Universitetsforlaget

Mill, J.S. (2006). Kvinneundertrykkelse. Oslo: Pax

Midtun, B.H. (2008). Kvinnereisen. Møter med feminismens tenkere. Oslo: Humanist forlag

Pettersen, T. (2011). Filosofiens annet kjønn. Oslo: Pax

Wollstonecraft, M. (2003) Et forsvar for kvinnens rettigheter. Oslo: Pax

Viktige fagomgrep

  • feminisme
  • likskapsfeminisme
  • forskjellsfeminisme
  • transkjønna

Læringsressursar

Filosofiske problemstillingar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter