Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. FilosofiChevronRight
  4. Filosofiske problemstillingarChevronRight
  5. Å forstå vondskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å forstå vondskap

Kva er vondskap? Korleis kan vi forklare vonde handlingar? Den følgjande teksten tek føre seg ulike filosofar og deira syn på vondskap.

Det tyske skipet Donau
MS Donau, november 1942. 532 jødar blei overleverte til skipet av norske politimenn og transporterte til Auschwitz. Ni overlevde og vende attende til Noreg.

Aldri før i historia har like mange menneske blitt offer for krig og folkemord som i det tjuande hundreåret. Medan ein tidlegare var oppeken av å forstå korleis Gud kunne tillate vondskap i form av naturkatastrofar, sjukdom og krig, er filosofane i dag først og fremst opptekne av korleis ein skal forstå den menneskelege vondskapen – den vondskapen som viste seg i Holocaust, folkemordet i Rwanda og den etniske reinsinga i Bosnia.

Kollektiv vondskap

Korleis kan vi forklare at tilsynelatande vanlege menneske deltek i bestialske handlingar og folkemord? Dette forsøkte den jødiske filosofien Hannah Arendt å svare på. Etter andre verdskrigen følgde ho rettssaka mot Adolf Eichmann, som var ein av dei leiande organisatorane av det systematiske drapet på seks millionar jødar.

Adolph Eichmann står i en skuddsikker boks i en rettssal. Han er omgitt av tre vakter. Eichmann ble stilt for retten i Jerusalem.
Adolf Eichmann under rettssaka i Jerusalem i 1961. Etter andre verdskrigen flykta han til Chile, men blei oppspora av israelsk etterretning og ført til Jerusalem.

Ein av dei tinga som overraska Arendt, var at Eichmann sjølv ikkje uttrykte noko hat overfor jødane. Eichmanns vondskap var ikkje resultat av nokon glødande antisemittisme. Årsaka var langt meir banal. Ho skuldast Eichmanns tankeløyse og det overflatiske ønsket hans om å bli forfremja. Ein av lærdommane frå nazistane sitt folkemord var derfor at ei slik tankeløyse kan leie til langt meir liding enn vonde instinkt og motiv.

Dette synet på vondskap har røter heilt attende til antikken. Dei greske filosofane Sokrates og Platon var overtydde om at den som eigde riktig kunnskap og erkjenning, ikkje ville kunne handle gale.

Adolf Eichmann hevda likevel sjølv at han visste at det han gjorde var gale, men at han berre følgde ordre og derfor ikkje var skuldig i folkemord. For å undersøkje denne påstanden, og for å sjå kor langt vanlege menneske er villige til å gå for å følgje ordre, gjennomførte Stanley Milgram eit psykologisk eksperiment i 1961.

Forsøkspersonane blei beordra av ein vitskapsmann i kvit frakk til å gi eit anna menneske elektriske sjokk. Eit flertal av dei valde å følgje ordrane, sjølv om personen som fekk elektrosjokka viste tydelege teikn til smerte. Han som mottok dei elektriske sjokka, var i verkelegheita ein skodespelar, men det fekk ikkje forsøkspersonane vite før etter at eksperimentet var ferdig. På denne måten viste Milgram kor lett det kan vere å bøye seg for autoritetar og påføre andre liding under dei rette føresetnadene.

Individuell vondskap

Den vondskapen som jødane blei utsette for under andre verdskrigen, kan synast fjern frå oss i dag, men det betyr ikkje at vondskap ikkje skjer i samfunnet vårt. Vondskap kan definerast som eit medvite ønske om å påføre andre menneske liding. Då kan handlingar som mobbing, overgrep og vald reknast som vondskap.

For å forstå korleis vanlege menneske erfarer vondskap, intervjua filosofen Fred C. Alford ei rekkje ulike menneske – frå husmødre til draps- og valdtektsdømde fangar i amerikanske fengsel. Eit fellestrekk ved mange av skildringane av vondskap han samla inn, var at overgriparen viste ei sadistisk glede ved å påføre eit anna menneske liding. Rota til denne sadismen meinte Alford at ein kunne finne i overgriparen si eiga usikkerheit og maktesløyse.

Ved å utsetje andre for liding forsøkjer ein å kvitte seg med si eiga kjensle av sårbarheit, hjelpeløyse og avhengigheit. På denne måten kan for eksempel ein mordar, ved å gjere seg til herre over liv og død, oppleve ein lette, ei kjensle av styrke og usårbarheit. Eit problem med denne forståinga av vondskap er likevel at ho kan gjere vondskap til ein grunnleggjande menneskeleg eigenskap.

Den komplekse vondskapen

Vakter i uniform står rundt en mann som ligger på bakken. Vaktene ler. Foto.
Vakter bankar opp ein jødisk mann i den polske gettoen Lodz i 1942.

Ifølgje den norske filosofen Arne Johan Vetlesen er vondskap komplekst. Eit fenomen som Holocaust kan derfor ikkje forståast ut frå eit enkelt perspektiv. For det første er det viktig å forstå dei sosiale mekanismane som gjorde folkemordet på jødane mogleg. Nazistane sin ideologi skilde skarpt mellom «dei» og «oss», og den hatefulle demoniseringa av jødane som ein trussel mot det tyske folket skapte eit sterkt fiendebilete som legitimerte utrydjingane.

Den industrielle arbeidsdelinga gjorde at kvar enkelt nazist berre følte seg som ei enkelt betydningslaus brikke i eit stort maskineri, og den fysiske avstanden som nazistane etablerte mellom seg sjølv og offera, gjorde det lettare å gjennomføre massedrapa. Det er likevel ein fare for at slike sosiale forklaringar overskyggjer dei enkelte nazistane sitt ansvar for sine eigne handlingar, ifølgje Vetlesen. Det var nokon som iverksette Holocaust, og ikkje alle tyskarar valde å delta. Ein må derfor også forstå dei individuelle drivkreftene bak vondskapen.

Tidlegare såg vi korleis Arendt beskreiv nazistane sin vondskap som eit resultat av ei manglande innsikt, ei manglande evne til å tenkje og forstå at det ein gjorde var gale. Dette meiner Vetlesen blir for enkelt, og han hevdar at leiande nazistar i like stor grad mangla ei kjenslemessig evne til å kjenne empati med offera sine. Deira handlingar kan i like stor grad skuldast ei manglande evne til å setje seg inn i offera sin situasjon og føle med dei. Under rettssaka i Jerusalem stod for eksempel Adolf Eichman totalt upåverka, nærmast uinteressert og betrakta dei tidlegare offera sine mens dei braut saman i vitneboksen.

Fleire nazistar utsette også offera sine for ein tilfeldig brutalitet og tortur som best kan forklarast som sadisme. Eit eksempel er dei tyske vaktene som ler mens dei bankar opp ein jødisk mann i ein getto i Lotz i Polen, eit anna er leirkommandanten Amon Götz, som skaut tilfeldige jødar frå balkongen sin i konsentrasjonsleiren Plaszow. Ved å mishandle offera sine får sadisten ei kortvarig lystkjensle – ei kjensle av kontroll, som for ei kort stund minskar sadisten si eiga frykt for å lide og døy. Å forstå eit folkemord som Holocaust krev derfor fleire ulike tilnærmingar, men vondskap av denne storleiken er så kompleks at ein kanskje aldri finn noko endeleg svar.

Viktige omgrep

  • vondskap
  • vondskapens banalitet
  • sadisme

Læringsressursar

Filosofiske problemstillingar