Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. NyreligiøsitetChevronRight
  5. Kva er nyreligiøsitet?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er nyreligiøsitet?

Omgrepet «nyreligiøsitet» er det motsette av «gammal religiøsitet». Det blir derfor brukt om nye religionar og trussamfunn, nye trusførestillingar og nye religiøse praksisar, eller nye «blandingar» av element frå ulike tradisjonar. Omgrepet kan også vise til nye forståingar av dei gamle religionane.

Mennesker kledd i hvite kapper står i en stor ring ved Stonehenge i England. Svart-hvitt. Foto.
Druideordenen utfører ein seremoni ved Stonehenge i England i 1964. Ordenen blei stifta i 1909, men hevdar å byggje på urgamle druide-tradisjonar frå før-kristen tid i Frankrike og på Dei britiske øyane. Dette er eit tidleg døme på nyreligiøsitet som representerer ei ny forståing av gammal religion.

Historisk bakgrunn

På 1800-talet voks det fram nye forståingar av kva eit menneske eigentleg er, både politisk, psykologisk og naturvitskapleg. For første gong blei det også forska på ikkje-kristne religionar, som i stadig større grad blei forstått som inspirasjonskjelder og ikkje som misjonsmarker. All denne nye kunnskapen om mennesket medførte store endringar på trus- og livssynsfeltet. Ateisme, naturalisme og positivisme fekk vind i seila, men det fekk også Jehovas vitne og andre som inntok ei fundamentalistisk haldning og forkasta alt som ikkje harmonerte med Bibelen eller eit anna heilag skrift – også når det gjaldt historie og naturvitskap.

Dermed fikk ein to nye ytterpunkt i forståinga av mennesket og plassen vår i verda: Det naturvitskaplege ytterpunktet, som forkastar religiøse dogme og berre held seg til den fysiske observerbare verkelegheita, og det fundamentalistiske ytterpunktet, som avviser dei nye, vitskaplege funna og tviheld på religiøse dogme.

Eit mellomstandpunkt gjekk ut på å harmonisere eller tilpasse desse ytterpunkta til kvarandre, ofte ved hjelp av ein modell som deler verkelegheita i to: På den eine sida ein åndeleg del som omhandlar trussanningane i religionen og eksistensielle spørsmål. På den andre sida den fysiske verkelegheita som kan forståast ved hjelp av moderne vitskap.

Eit anna mellomstandpunkt kan knytast til Teosofisk Samfunn, som blei stifta i 1875, basert på ei overtyding om at alle religionar hadde ein felles indre kjerne, og at naturvitskapen ein dag vil bekrefte det. Dette synspunktet dominerer i nyreligiøsiteten i dag, til dømes hos antroposofane og store delar av alternativrørsla.

Sjå professor i religionsvitskap, Ingvild S. Gilhus, forklare kva som er nytt og kva som er gammalt i nyreligiøsiet i videoen under. Videoen er produsert av Religionsoraklene , Universitetet i Bergen.

Nye religionar og trussamfunn

Mens jødedommen har ei ganske lang historie i Noreg, er islam, hinduisme, buddhisme og sikhisme å rekne som nye. Dei blir likevel ikkje kategorisert som nyreligiøse, sidan dei har så lang historie andre stader. Når gamle religionar møter kvarandre på grunn av migrasjon eller misjon, oppstår likevel ofte miljø med nyreligiøst preg. Eit døme er Hare Krishna-rørsla (ISKCON), som på den eine sida er ei tradisjonell hinduisk misjonsrørsle, men som i Vesten framstår som nyreligiøs.

Bahá’í reknar seg som den yngste av verdsreligionane. På same tid er han så ung at han i mange samanhengar forståast som nyreligiøs. Ahmadiyya-islam oppstod, i likskap med baha’i, i sjia-muslimske område på andre halvdel av 1800-talet. Begge hevdar å vere grunnlagde av profetar, Mizra Ghulam Ahmad for Ahmadiyya og Baha’u’llah for Baha’i, og begge har omtrent like mange medlemmar i Noreg. Dei har også til felles at dei kan forståast som forsøk på å modernisere islam på område som likestilling og religionsdialog. Ahmadiyya forstår likevel seg sjølv som eit uttrykk for det sanne islam, mens baha’i forstår seg sjølv som ein ny, sjølvstendig religion.

Stor, blå bygning. Øverst på bygningen står et kors og ordet "Scientology" med store bokstaver. Foto.
Scientologi har opphavet sitt og hovudbasen sin i California. Her frå eit av hovudkvartera i Los Angeles.

Scientologi er eit døme på ein ny, original religion som etablerte seg i Noreg i 1960-70-åra. Han blei utsett for sterk kritikk, dels frå representantar for etablert kristendom, og dels frå kritikarar som advarte mot tankekontroll og hjernevask, økonomisk avhengighet, seksuelt misbruk og vanskar med å komme ut av sekta. Sjølv om biletet seinare er kraftig nyansert, er det framleis ein viss skepsis til slike nye religionar. Scientologi er, i motsetnad til andre nye religionar, verken ein openberringsreligion eller ein oppdatert versjon av ein gammal religion. Sjølv samanliknar han seg med buddhisme: Begge er grunnlagde av menneske (som L. Ron Hubbard, d.1986,), og ikkje av gudar. Begge er baserte på analysar av tilværet (reinkarnasjon m.m.), og begge hevdar å kunne tilby metodar for å oppnå lykke.

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja kan få statsstøtte i Noreg. Scientologikyrkja får ikkje støtte fordi myndigheitene ikkje er overtydd om at ho driv med religiøs verksemd. Elles er det store fleirtalet av statsstøtta trussamfunn kristne.

Medlemstal i utvalde nyreligiøse trussamfunn i Noreg (2018):

Trus- /livssynssamfunn

Medlemmar (2018)

Ahmadiyya Muslim Jama'at

1617

Bahá'í-samfunnet i Noreg

1115

Den foreinte familie

92

Forn Sed Noreg

117

Holistisk forbund

866

ISKCON Noreg

1332

Norsk spiritualistisk trussamf.

842

Sjamanistisk forbund

210

Åsatrufellesskapet Bifrost

380

Kjelde: Antall tilskuddstellende medlemmer i tros- og livssynssamfunn (2018)

Alternativrørsla

Prinsesse Märtha Louise med mikrofon. Står foran en stor skjerm med bilde av et øye med linjer som stråler ut. Under øyet står det skrevet "The Now Age. The Happinez Festival". Foto.
Prinsesse Märtha Louise er ein av dei mest framtredande representantane for alternativrørsla i Noreg, blant anna gjennom "Engleskulen" sin Soulspring, som ho dreiv mellom 2007 og 2019. Her taler ho ved ein alternativ-festival i Nederland i 2019.

Alternativrørsla har blitt kalla «religion smurd tynt utover». Rørsla er ingen religion, men ho viderefører idear, og særleg praksisar, med bakgrunn i ulike religionar. Desse blir ikkje formidla gjennom kyrkjer eller tempel, men på kurs og retrettar, gjennom tidsskrift og alternativmesser. Rørsla er i hovudsak nettverksorganisert, men i 2002 blei Holistisk Forbund stifta som ein «livssynsorganisasjon for dei som søkjer kunnskap og refleksjon omkring åndelege spørsmål ubundne av dogme og tradisjonelle trusretningar».

Viktige omgrep

  • migrasjon
  • ateisme
  • naturalisme
  • positivisme
  • fundamentalisme
  • Teosofisk samfunn
  • Hare Krishna-rørsla (ISKCON)
  • bahá’í
  • ahmadiyya-islam
  • scientologi
  • alternativrørsla

Læringsressursar

Nyreligiøsitet