Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. NyreligiøsitetChevronRight
  5. Nyreligiøsitet – møte mellom aust og vestChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nyreligiøsitet – møte mellom aust og vest

Dei store verdsreligionane spring ut frå to store tradisjonar: éin austleg med utgangspunkt i Inda og éin vestleg med utgangspunkt i Midtausten. Frå 1800-talet dukkar det opp nye former for religiøsitet i Europa og USA som kan forståast som resultat av eit møte mellom desse to tradisjonane.

Kvinne sitter og mediterer i skogen. Foto.
Meditasjon er ein aktivitet med røter i Austen, som har blitt vanleg i den vestlege verda.

Vestleg okkultisme (før 1875)

Omgrepet «okkult» kan omsetjast med mørkt eller skjult. I okkultismen forstår ein det slik at alt heng saman, sjølv om samanhengane er skjulte og ikkje kan påvisast empirisk. Eit enkelt døme er astrologi, som føreset ein samanheng mellom menneske og stjerner/planetar. Tal, fargar, lydar, metall, visse gjenstandar, himmelretningar, englar, guddommar og så vidare er slik forstått referansesystem. Ein magikar er ein som kan skape endringar på eitt nivå ved å utføre visse handlingar og/eller seie visse ord på eit anna nivå.

Før 1875 var mange okkulte og esoteriske grupper i funksjon rundt om i Europa. To døme er Rosenkors-ordenen, der medlemmane undersøkte skjulte sider ved kristen tradisjon, og Frimurar-ordenen, som meinte å vidareføre tradisjonar frå omvandrande murarar i mellomalderen, blant anna dramatiske innviingar og godt bevokta yrkeshemmelegheiter.

Til venstre står en mann på et podium ved en talerstol med et sverd og en klubbe i hendene. I sentrum står en mann og røyker på en stor pipe. En annen mann er halvveis påkledd og får et bind satt for øynene. Til høyre står en forsamling av menn. Alle har lik uniform. Illustrasjon.
Innviing i ein frimurar-orden. Illustrasjon frå 1800-talet.

Franskmannen Eliphas Levy gav i 1860 ut Magiens historie, som saman med andre innspel skapte fornya interesse, både i populærkulturen og blant dei som dreiv med magi. På same tid blei spiritisme, trua på at ein kan kontakte åndene til avdøde menneske, eit populærfenomen. Spiritisme blei populært blant medium, dei som trudde på spøkjelse, og dei som ville underkaste fenomenet naturvitskaplege undersøkingar.

Teosofisk samfunn og Det gylne daggry (frå 1875)

Teosofisk Samfunn blir rekna som eit startpunkt for moderne okkultisme, fordi det blei stifta i India med eit uttalt ønske om å lære av Austen. Medlemmane kom frå vestlege land og skulle blant anna «studere dei skjulte lovene i naturen og mennesket sine latente krefter». Dei hadde altså eit tydeleg okkult program.

Madame Blavatsky og dei andre teosofane arbeidde for å etablere religionshistorie som universitetsfag. Dei erklærte seg som buddhistar og bidrog til å føre dei ulike retningane i buddhismen saman. Dei hevda også å ha kontakt med «åndelige meistrar» (mahatmaer, «det store kvite brorskap»), og dei arbeidde politisk for kvinnefrigjering og indisk uavhengigheit.

Dei siste åra før årtusenskiftet vaks det også fram miljø som fokuserte på ritualmagi, dvs. magisk arbeid i form av ritual, der hensikta var å forandre seg sjølv. Mest kjent var Det gylne daggry (Hermetic Order of the Golden Dawn), der medlemmane studerte vestleg og etter kvart austleg okkultisme og lagde sitt eige rituelle utstyr.

Rudolf Steiner (frå 1904)

I 1904 gav Rudolf Steiner ut Teosofi, ei bok der han gjorde greie for eit menneskesyn som ligg nært opptil det teosofiske synet. Så var han då også leiar for Teosofisk Samfunns tyske avdeling i mange år. Han rekna reinkarnasjon og karma, og andre meir eller mindre austlege førestillingar, som «den sjudelte naturen til mennesket». Han var likevel (i motsetnad til dei fleste teosofar) oppteken av kva «Kristushendinga» betydde for utviklinga til menneskja . Ulikt syn på Jesus førte etter kvart til at Steiner braut med Teosofisk Samfunn og i staden stifta Antroposofisk selskap i 1913.

Aleister Crowley (frå 1904)

I 1904 kom også Lovens bok frå Aleister Crowley. Han såg denne som ein tekst som var openberra og var grunnlag for ein heilt ny religion: Thelema («Vilje»). To sitat: «Kvar mann og kvar kvinne er ei stjerne» og: «Gjer kva du vil skal vere heile lova». Crowley var ein skandaløs person som likte å sjokkere og spele ut ulike roller i samfunn og media. Han arbeidde likevel grundig med okkulte spørsmål heile livet og lét blant anna etter seg 777, ei omfattande samling referansesystem som er sett opp slik at dei korresponderer med kvarandre. Crowley er elles kjend for sitt arbeid i losjen O.T.O (Ordo Templis Orientis) og for sitt eige okkulte system. («magick»).

Austlege misjonærar i Vesten

I løpet av to verdskrigar stagnerte mykje av den okkulte aktiviteten som det er gjort greie for i denne artikkelen. Han tok seg likevel opp att då alternativ religion blei etterspurd i hippietida, og endå meir under «New Age»-bølgja på 1980-talet. Då George Harrison, som spelte gitar i verdas mest populære band, lærte å meditere av den indiske guruen Maharishi Mahesh Yogi i 1967, blei nyheita spreidd til heile verda. Og då han litt seinare organiserte ei plateinnspeling med medlemmar av Hare Krishna-rørsla, var det også god PR.

Indisk mann med stort hår og skjegg omgitt av medlemmene av The Beatles. Foto.
Maharishi Mahesh Yogi omgitt av medlemmane til The Beatles i 1967. George Harrison til høgre.

Transcendental Meditasjon (TM, grunnlagd i 1958) er ei form for mantrameditasjon, det vil seie bruken av lyd som fokuseringspunkt i ei dagleg øving i å roe ned medvitet. Metoden er lansert som enkel og uavhengig av utøvaren sin livsstil eller religionstilhøyrsle, og omgrep som «kreativ intelligens» (reint medvit) blir brukte i staden for tradisjonelle religiøse omgrep.

Hare Krishna-rørsla (ISKCON) er ei form for bhakti-fromheit tilpassa vestlege menneske, grunnlagt av Swami Prabhupada i 1965. Bhakti-fromheit betyr å ha eit personleg gudsforhold prega av kjærleik og truskap. Både denne og TM var – sjølv om dei representerte ulike hinduiske retningar – ferdig organiserte rørsler som verva medlemmar. På 1980-talet med «New Age» endra dette seg. Då blei det lettare for den enkelte å velje delar av eit trussystem, kombinere det med delar frå andre system og kombinere dei på eiga hand, slik teosofane hadde gjort 100 år tidlegare.

Krishna-tilhengere danser og synger i Prahas gater. Foto.
Hare Krishna-tilhengjarar dansar og syng i Prahas gater.

Viktige omgrep:

  • okkult
  • spiritisme
  • Teosofisk Samfunn
  • mahatma
  • Antroposofisk Selskap
  • Det gylne daggry (Hermetic Order of the Golden Dawn)
  • O.T.O (Ordo Templis Orientis)
  • Transcendental Meditasjon (TM)
  • mantrameditasjon
  • Hare Krishna-rørsla (ISKCON)

Læringsressursar

Nyreligiøsitet

SubjectEmne

Fagstoff