Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. NyreligiøsitetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Nyreligiøsitet

Nyreligiøsitet er religiøse rørsler som har oppstått i moderne tid, det vil seie frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Rørslene legg gjerne vekt på åndelegheit og mystikk, og har ofte oppstått i møte mellom austleg og vestleg religion og filosofi.

En ung hvit kvinne ser kjærlig på en mørkhudet mann. Foto.
I Noreg har prinsesse Märtha Louise vore ein forkjempar for nyreligiøse førestillingar om klarsyntheit, healing, englar og sjamanisme, og har måtte tåle mykje kritikk for dette. Her er ho avbilda saman med sjamanen Durek Verrett. Dei to blei eit par i 2019.

Som følgje av sekularisering og demokratisering har dei store verdsreligionane mista mykje autoritet i Europa og USA. I kjølvatnet av dette har det vekst fram ein flora av nye religiøse rørsler.

Nokre av desse hentar fram igjen førestillingar og ritual frå gamal folketru. Slike førestillingar har gjerne vore undertrykte av religiøse autoritetar, men likevel overlevd i folkedjupet. Andre nyreligiøse rørsler legg vekt på nytolking av etablere religionar, eller på å finne ein felles ståstad mellom fleire religionar.

Læringsressursar

Nyreligiøsitet