Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
  5. Eit djupdykk i samiske mytar og ritualChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Eit djupdykk i samiske mytar og ritual

Mytar, segn, materielle uttrykk og religiøse ritual gir oss eit innblikk i kjerneelementa i ein religion samt i kva for tankemønster som er dominerande i den religiøse kulturen.

Oppgåve 1

I alle kulturar finst det forteljingar om korleis verda og menneska har blitt til. Slike forteljingar blir gjerne kalla mytar. Skapingsmytar inneheld gjerne òg ei forteljing om kampen mellom orden og kaos, og mellom det gode og det vonde.

Samisk skapingsforteljing
  1. Lytt til forteljinga. Korleis blei verda til ifølgje samisk mytologi?
  2. Korleis blei menneska til?
  3. Korleis blei kvinna til, og kvifor blei ho skapt?
  4. Kva er det som skaper konflikt mellom dei første menneska?
  5. Kva har denne skapingsforteljinga til felles med andre skapingsforteljingar eller mytar du kjenner til?

Oppgåve 2

Bjørnen blei sett på som eit heilag dyr i samisk mytologi. Samane meinte at han hadde overnaturlege krefter, og ingen kunne nærme seg han utan å gjennomføre spesielle religiøse ritual, mellom anna å ofre til jaktguden Leaibolmmái. Dersom ein ikkje gjorde det, ville bjørnen angripe jaktlaget og rive dei i hel.

Det blei likevel drive jakt på bjørn, sidan både kjøtet og skinnet var verdifullt. Når jakta var over, samla gruppa seg til ein religiøs fest der ein åt kjøtet.

Sjå filmklippet frå filmen Veiviseren (Ofelas). Sjå gjerne klippet fleire gonger, og legg merke til det som blir sagt og gjort.

  1. Det er noaiden Raste som til slutt drep bjørnen. Kvifor er det han som gjer det, og kva seier han når bjørnen er drepen?
  2. Kva ritual gjennomfører mennene etter drapet på bjørnen?
  3. Kva for rolle trur du dette ritualet speler?
  4. Når mennene kjem til leiren med bjørnen, får barna høyre at noaiden må halde seg på avstand nokre dagar. Korleis blir dette grunngitt?
  5. Kva må ein gjere dersom ein møter ein som har drepe ein bjørn?

Oppgåve 2

Stallo er namnet på eit overnaturleg vesen i samisk tradisjon. Stalloen er ein gjennomgangsfigur i mange samiske segn og eventyr.

Stalloen
  1. Lytt til forteljinga om stalloen. Kva handlar forteljinga om?
  2. Kva er den underliggjande bodskapen i forteljinga?
  3. Kva forståing gir denne forteljinga deg av samisk religion og kultur? Formuler svaret i tre setningar.

Læringsressursar

Samisk religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs