Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Lars Levi Læstadius og læstadianismen

Oppgåver om opphavet til læstadianismen og korleis han blir praktisert i dag.

Altertavle i en samisk kirke i Jukkasjärvi i Sverige. Alteratvlen viser Læstadius som taler til folket for å få dem omvendt. Foto.
Altartavle i Jukkasjärvi. Måleriet viser Læstadius som taler til samane for å prøve å omvende dei.

Læstadianismen var ei rørsle med røtter i luthersk kristendom som oppstod rundt den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800–1861). Læstadius kombinerte kristendommen sin bodskap med gamle samiske førestillingar og nådde derfor lettare fram til den samiske delen av befolkninga enn det den tradisjonelle kyrkja gjorde.

Oppgåve 1

I filmen Kautokeino-opprøret blir Læstadius framstilt på denne måten:

Studer filmklippet.

  1. Kva kjenneteiknar måten Læstadius forkynner på?
  2. Kva er ei vekkingsrørsle?

Oppgåve 2

Preiketekst av Lars Levi Læstadius:

Om lengselen etter ei betre verd (frå preika på 4. bededag 1856)

... Alle meisar, snøsporvar og svalar, lovsyng om de kan, for snart kjem vinterkulda over Nordens land! Då må svalane fly til det landet der det ikkje finst kulde, til det landet der sola står rett over hovudet. Dei må flytte til ei anna verd som ligg på andre sida av jorda. Der er det ikkje mangel på mat så som her kor svaleungane får gråte i svolt når det er harde tider. Takk likevel til den store Skaparen som har gitt dykk liv!

Kjelde: Læstadianismen – en tro på vandring

Studer tekstutdraget frå preika til Læstadius.

  1. På kva måte knyt Læstadius forkynninga si til den kvardagen det samiske folket lever i?
  2. Kva bodskap vil Læstadius formidle i denne teksten?

Oppgåve 3

Læstadianismen speler framleis ei viktig rolle i kristenlivet i Nord-Noreg, både blant samar, kvenar og nordmenn elles. Studer nokre av kjeldene nedanfor. Du kan òg bruke andre kjelder som du finn på Internett.

  1. Forklar omgrepet pietisme.
  2. Finn ut kor mange tilhengjarar læstadianismen har i dag.
  3. Kva pregar lære og ritual i læstadianske meinigheiter i vår tid?
  4. Korleis grunngir læstadianarane sjølv haldninga si til homofile og kvinnelege prestar?
  5. Korleis pregar det religiøse tilhøyret kvardagslivet til medlemmene?
  6. På grunn av indre konfliktar er læstadianarane i dag delte i fleire grupperingar. Kva blir dei kalla, og kva består forskjellen i?

Oppgåve 4

Den samiske kunstnaren og artisten Mari Boine har teke imot ei rekkje prisar. Ho har òg blitt utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for det kunstnariske virket sitt. I artikkelen i vekebladet Hjemmet fortel ho om oppveksten i ein læstadiansk heim og kva forhold ho har til tradisjonell samisk religion.

Marie Boine med runebomme på scena saman med bandet sitt. Foto.
Den samiske kunstnaren Marie Boine vaks opp i ein læstadiansk familie, men har henta inn element frå tradisjonell samisk religion og kultur i musikken sin.
  1. Les artikkelen i vekebladet Hjemmet: Mari Boine ser tilbake – Musikken reddet livet mitt
  2. Lag deretter eit lite portrett av artisten der du legg vekt på korleis religionen har påverka livet hennar og kunsten hennar. Finn bilete og musikk som illustrerer det du vil ha fram.

Læringsressursar

Samisk religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs