1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
  5. Oppgåver om religion blant urfolkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om religion blant urfolk

Religionane til urfolk har mange likskapspunkt. Du skal no setje deg inn i nokre sentrale omgrep og samanlikne tradisjonell samisk religion med religionar i andre nomadekulturar. I tillegg skal du leite etter fotavtrykk frå slike religionar i vår eiga tid.

En påle med utskjærte figurer. I bakgrunnen et landskap med skog og fjell. Foto.
Ein totempåle er ein stokk med utskorne figurar, ofte dyrefigurar. Totemet signaliserer eit spesielt slektskap mellom ei gruppe menneske og dyr som blir tillagde særlege eigenskapar. Totempålar finst blant urfolk i Nord-Amerika, men også blant urfolk andre stader i verda.

Oppgåve 1

I tekstar om religionen til urfolk er det enkelte omgrep som ofte dukkar opp:

  • animisme
  • sjaman/noaide
  • runebomme/-tromme
  • ofring
  • totemisme
  • verneand/hjelpeand

Forklar desse omgrepa for ein medelev.

Oppgåve 2

I alle dei fire universa i samisk mytologi fanst det gudar som utøvde makt over universet sitt, men som òg hadde innverknad på dei tre andre universa. Forklar kva område desse gudane rådde over. Søk deretter på nettet for å finne gudar med tilsvarande funksjon i andre religionar.

Bruk gjerne eit skjema som dette til å registrere det du finn ut:

Namn på samisk gudFunksjon/områdeTilsvarande gudar
Beaiviforklarande tekstbeskrivande tekst
Dearpmisforklarande tekstbeskrivande tekst
Leaibolmmáiforklarande tekstbeskrivande tekst
Máttaráhkkáforklarande tekstbeskrivande tekst
Sáráhkkáforklarande tekstbeskrivande tekst
Uksáhkkáforklarande tekstbeskrivande tekst

Oppgåve 3

Jobb i mindre grupper i klassen. Søk på nettet etter meir informasjon om tradisjonell religion blant urbefolkninga i Nord-Amerika, Sør-Amerika, Sibir og Tibet.

  • Kvar gruppe vel eitt område som gruppa vil fordjupe seg i.
  • Set dykk godt inn i den informasjonen de finn, og hugs å vurdere informasjonen kjeldekritisk.
  • Sjå spesielt etter likskapstrekk med tradisjonell samisk religion.
  • Presenter kort det de har funne ut, for resten av klassen. Bruk gjerne visuelle hjelpemiddel.
En sirkel med tråder i spindelvev og fjær som blafrer i vinden. Foto.
Dei eldste draumefangarane vi kjenner til, blei laga av ojibwa-stammen i Nord-Amerika. Men draumefangarar finst òg i mange moderne heimar. Sirkelen skal vere eit symbol på mennesket sitt livslaup. Vonde krefter ønskjer å øydeleggje harmonien i den naturen mennesket er ein del av. Draumefangaren si oppgåve er å fange opp vonde draumar forårsaka av vonde krefter.

Oppgåve 4

Diskuter dette i klassen:

  • Draumefangarar er eitt eksempel på korleis gjenstandar og førestillingar frå religionen til urfolk pregar moderne tankemønster. Kva grunnar kan det vere til at element frå religionen til urfolk blir populære i vår moderne kultur?

Læringsressursar

Samisk religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs