Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
  5. Samisk kultur i møte med det norskeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samisk kultur i møte med det norske

Tradisjonell samisk kultur og religion har opp gjennom historia blitt sterkt påverka av strøymingar og haldningar i det norske storsamfunnet. Dei fleste samane blei kristne på 1700-talet.

Samer framfor kyrkje i Sørvaranger i Finnmark, ca. 1890–1910. Foto.
Samar samla framfor kyrkja i Sørvaranger

Thomas von Westen og samemisjonen

Fram til midten av 1600-talet levde samane parallelt med norske nybyggjarar i Nord-Noreg. Dei to kulturane levde for det meste fredeleg side om side, utveksla varer, men hadde elles lite med kvarandre å gjere.

Skiftet kom i 1631, då kong Kristian 4. påla sokneprestane i Trøndelag og Nordland å drive misjon i dei samiske områda. Rundt 1710 starta Thomas von Westen (1682–1727) eit aktivt misjonsarbeid blant samane. I 1716 sette derfor biskopen i Trondheim han til å leie Samemisjonen.

Westen lærte seg samisk og heldt ofte lange preiker der han trua samar som heldt fast ved «trolldom og anna avguderi», med at dei kom til å få ei framtid i helvete. Han var stadig på reise mellom dei ulike samiske busetnadene og blir derfor også kalla «sameapostelen».

Læstadianismen

Dei fleste samane blei kristne på 1700-talet. Mange fortsette likevel å praktisere den samiske religionen, noko dei ikkje trong gudshus til. Kyrkjebygga var få, og avstanden mellom dei var ofte stor. Kristendommen, som samane kom i kontakt med, var først prega av pietismen, ei streng form for kristendom der gudfryktigheit og ein enkel måte å leve på stod i sentrum. Sidan blei forkynninga til den svenske leikpredikanten Lars Levi Læstadius viktig for korleis den samiske kristendommen utvikla seg.

Læstadianismen var ei rørsle som oppstod rundt den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800–1861) i svensk lappland. Læstadius kombinerte kristendommen sitt bodskap med gamle samiske førestillingar og nådde derfor lettare fram til den samiske delen av befolkninga enn den tradisjonelle kyrkja gjorde.

I 1840-åra spreidde vekkinga seg til Finland og Nord-Noreg. Læstadius prøvde å få bukt med fattigdommen og alkoholmisbruket som rådde blant samane. I motsetning til kyrkja sitt ønske om å tukte misbrukarar og få bukt med likegyldigheit i avhaldssaka gjekk han hardt ut mot brennevinshandlarar som tente seg rike seg på alkoholmisbruket i samfunnet.

Slik blir Læstadius framstilt i filmen Kautokeino-opprøret:

Skattlegging og andre byrder

Allereie i år 890 skreiv hovdingen Ottar frå Hålogaland at mange av småhovdingane i Troms fekk inntekter frå samane i form av kjøt, skinn, fjær og kvalbein. Problemet for samane var at også svenske og russiske skatteoppkrevjarar fann fram til dei og kravde tilsvarande skatt. Det var ofte uklart kvar grensene gjekk.

Først i «Lappekodisillen» av 1751 innrømte styresmaktene i Sverige og Noreg at samane ikkje skulle betale skatt i to riker. Men no måtte samane bestemme seg for kvar dei budde. Grensepasseringar fekk berre skje to gonger i året – om våren og om hausten.

Raselære og andre krenkingar

Fram til midten av 1600-talet fekk samane fritt praktisere sin eigen religion, utan innblanding frå storsamfunna i Noreg, Sverige og Russland. Men det norske storsamfunnet var som regel nedlatande mot samane. Særleg gjekk dette ut over sjamanane, dei som leidde dei samiske religiøse ritane. Heilt fram til etter andre verdskrig var det mange, også ved universiteta, som meinte at samane stod lågt på raserangstigen. Dei blei kalla «lappar» og var skapt av Gud til å stelle med rein. Slik dei såg det var samane enkle menneske med låg intelligens.

Slike synspunkt var utbreidde i nasjonalromantikken på midten av 1800-talet. For å skilje samane frå dei etnisk norske innbyggjarane blei det bygd eigne skular for samane, «kåtaskular». Der var det ikkje lov å snakke samisk eller å drive med noko som kunne knytast til samisk religion. Kåtaskulane hadde lågare krav til kva elevane skulle lære. Martin Luther si vesle katekisme var sentral.

Fornorskingsprosjektet

På slutten av 1800-talet og fram til 1970 var fornorsking offisiell politikk i Noreg. Dette innebar at samar skulle bli norske, og at dei måtte gi opp sin eigen kultur, religion og sitt eige språk. Dette kallar vi for «assimilering».

Kautokeino-opprøret i 1852 var eitt av nokre få eksempel på at samane sette seg til motverje mot fornorskingspolitikken. Mange samar i og rundt Kautokeino var prega av den læstadianske rørsla. Dei reagerte særleg på at norske handelsmenn selde billig sprit til dei. To av leiarane blei avretta ved halshogging.

Opprørarar blir filmatisk framstilte på denne måten:

Hovudskallen til ein av dei som var med på opprøret, Mons Somby, blei send til Anatomisk institutt ved Universitetet i Oslo. Poenget var å sjå nærmare på forskjellen på samane sin hovudskalle og hovudskallen til dei etnisk norske. Først i 1997 blei hovudskallen til Somby bringa tilbake og gravlagd saman med resten av leivningane etter han.

Etter andre verdskrig – samane si sak på dagsordenen

Fram til 1970 blei fornorskingspolitikken driven vidare, men i meir humane former. Samtidig med at velferda i storsamfunnet auka, fekk også samane del i velstanden. Det blei lov å snakke samisk på skulen, men det var lite att av den samiske religionen. Delar av religionen overlevde likevel i den samiske kulturen, i musikk og i forteljingar.

Alta-konflikten var ein politisk strid som varte omtrent frå 1968 til 1982. Striden stod om bygginga av ei stor demning i Altaelva. Damprosjektet førte til store protestar frå samisk hald. No fekk samane dessutan støtte frå mange etnisk norske grupper, og saka vekte oppsikt i utlandet. I tida etter aksjonen for å stoppe utbygginga blei saker som gjaldt samar, oftare tekne opp av dei folkevalde på Stortinget.

Det resulterte mellom anna i at Sametinget blei oppretta i 1989, der det sit 39 valde representantar. Sametinget er eit rådgivande organ for Stortinget. For å ha stemmerett ved sametingsval må du vise til den samiske identiteten din og late deg skrive inn i Sametingets valmanntal.

I 2017 kunne samane feire at det var hundre år sidan det første samiske landsmøtet, som blei halde i Trondheim i 1917. Datoen for dette møtet, 6. februar, er blitt samefolkets dag. I 1992 blei Samisk kyrkjeråd oppretta. Rådet har som oppgåve å samordne den lutherske kyrkja sitt arbeid blant samane.

Læringsressursar

Samisk religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs