Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
  5. Samisk religionChevronRight
LearningPath
Du er no inne i ein læringssti
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Veiviseren, ein film bygd på samiske mytar

Filmen Veiviseren gir eit innblikk i sentrale verdiar i samisk kultur og religion, der mennesket inngår i eit større fellesskap som omfattar alt som lever og gror.

I filmen Veiviseren (Ofelaš) frå 1987 tek manusforfattar og regissør Nils Gaup utgangspunkt i eit gammalt samisk segn frå 1200-talet. Ein same blir teken til fange av ein karelsk røvarbande (tsjudane). Valet står mellom å bli drepen eller å forråde sitt eige folk. Men den samiske vegvisaren klarer med kløkt å leie angriparane utfor eit stup. Slik reddar han folket sitt frå ytre fiendar som vil plyndre og drepe dei.

I den samiske folketradisjonen blei den religiøse leiaren, noai´di eller noaide på norsk, tillagd magiske evner. Ein noaide var ein vegvisar for den gruppa han var leiar for. I filmen er det i utgangspunktet karakteren Raste som har rolla som vegvisar. Etter kvart blir oppgåva overført til ungguten Aigin, som blir sett på den største av alle prøvar, nemleg å måtte velje mellom å redde seg sjølv eller ofre livet for dei andre.

Samarbeidsoppgåve

Sjå filmen heime eller på skulen. Jobb deretter saman to og to med desse spørsmåla:

  1. Beskriv scener i filmen som viser kva magiske evner noaiden (vegvisaren) Raste har, og korleis desse evnene blir brukte til det beste for gruppa.
  2. I filmen møter vi fleire ville dyr som har ei viktig rolle i livet til samane: bjørn, ramn og reinokse. Kva eigenskapar blir desse dyra tillagde i filmforteljinga?
  3. Korleis ser ei runebomme ut? Kva blei ho brukt til? Kva rolle speler runebomma i filmen?
  4. Kva verdiar står sentralt i den samiske kulturen som blir skildra i filmen?
  5. Kva fortel tittelen «Veiviseren» om innhaldet i filmen?