Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
  5. Samane – eit urfolk ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samane – eit urfolk

FN definerer samane som eit urfolk. Urfolk er folkeslag som har fleire tusen års nærvær i eit bestemt geografisk område. Religionen til samane er tett knytt til førhistoria deira, og segn og forteljingar er med på å definere kva det vil seie å vere same i dag.

Samer med reinsdyr på snødekt vidde. Foto.

Historisk opphav

Samane var opphavleg nomadar som følgde reinflokkane sine på vandringa frå beiteområde til beiteområde. Samisk kultur og religion utvikla seg i tusenåret fvt. i det sørlege Finland. Vi kallar religionen til samane animistisk, det vil seie at trua på andar i naturen prega den religiøse tenkinga og praksisen.

Då nye folkeslag, som levde av jordbruk, kom frå sør, blei samane pressa nordover. Men det var òg mykje samkvem mellom samane og dei nye jordbrukskulturane. I møtet med finsk jordbrukskultur, og etter kvart også den svenske og den norske, tok samane i bruk nye ord og uttrykk. Men dette kulturmøtet førte òg til at samane blei meir bevisste på sin eigen kultur, sin eigen religion og sitt eige språk.

Nomadar har sjeldan nokon utvikla skriftkultur. Eiga historie og religion blir gjerne overlevert munnleg frå generasjon til generasjon.

Samisk segn om stalloen fortalt av Eirin Edvardsen. Stalloen (sørsamisk staaloe, nordsamisk stállu) er ein kjempe eller ein troll-liknande figur. Barn blei skremde med Stallo som ein del av oppdraginga. Han er ein fæl røvar, reintjuv og kannibal.

I møte med det nordiske jordbrukssamfunnet blei samisk religion først knytt til norrøn religion og seinare til den kristne religionen. Lenge levde religionane side om side, men på 1700-talet begynte kristen misjonering i sameland å gå ut over samane sin eigen religiøse praksis. I dag reknar vi ikkje den tradisjonelle samiske religionen som nokon levande religion.

Kven er same i dag?

I dag er samane stort sett bufaste, og berre eit mindretal av dei arbeider med reindrift. Vi finn samar nordvest i Russland, i Nord-Finland, i Nord-Sverige, i Nord-Noreg og i traktene rundt Røros og dei nordlege delane av Hedmark, Jämtland og Härjedalen (sørsamar). Men i dag bur det flest samar i Oslo.

Det å vere same er først og fremst eit spørsmål om kven ein sjølv meiner at ein er. I 2018 reknar vi med at det finst mellom 50 000 og 80 000 samar – i Noreg ca. 40 000, i Sverige ca. 17 000, i Finland 7500 og i Russland 2000. Samisk språk er ei fellesnemning for elleve ulike språk.

Læringsressursar

Samisk religion