Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
  5. Ritual og materielle uttrykk i tradisjonell samisk religionChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ritual og materielle uttrykk i tradisjonell samisk religion

Den samiske religionen var animistisk, det vil seie at heile naturen var besjelt av gudar og ånder. For å kommunisere med dei måtte ein ha god kjennskap til ritane kring dei.

En Sieidi, en samisk offerstein på Finnmarksvidda. Foto
Ein "sieiddit", ein samisk offerstein på Finnmarksvidda

Heilage steinar og offersteinar

Framleis finst det avtrykk frå tradisjonell samisk religion. Heilage steinar og offersteinar, sieiddit, står att i naturen. Dei stod ofte nær viktige stader for jakt og fiske. I dag er det berre nokre få samar som ber på minnet om kva slike steinformasjonar betydde for forfedra deira.

Noaiden og bruk av runebomme

Det var oftast det mannlege overhovudet i familien som hadde ansvaret for å vere i dialog med dei overnaturlege kreftene. I større busettingar blei det peikt ut ein åndeleg leiar, ein sjaman eller noaide, som hadde lang erfaring med dei åndelege kreftene.

Ein god noaide kunne vise til at han hadde lækt sjuke og sørgt for godt jaktbytte. Men det viktigaste var at det var han som kunne bruke runebommen. Utan runebommen fekk ein ikkje kontakt med dei tre andre universa.

Runebomme, innkjøpt av Paul Egede Nissen under feltreise august 1925. Foto.
Som eit ledd i fornorskinga av den samiske befolkninga blei det derfor viktig å øydeleggje runebommane. Berre nokre få runebommar er bevarte i norske og samiske museer i dag.

Samane brukte ikkje faste gudshus eller eigne lokaler for å praktisere religionen sin. Dei religiøse ritane gjekk føre seg anten i gammen, i teltet eller ute i naturen. I gammen var det faren eller den eldste mannlege personen i familien som leia rituala.

Sjamanen – noaiden – var ein person som tidleg i livet hadde vist overnaturlege evner. Ein noaide kunne lækje, sjå inn i framtida og setje seg sjølv i ekstase, slik at han (det var oftast menn) kom i kontakt med gudane og dei avdøde slektningane.

Det å vere noaide var ikkje nødvendigvis noko som var hyggjeleg. I mange tilfelle tok noaiden på seg lidingar og forsakingar for å få tak i viktige meldingar frå gudane. Ein meinte at noaiden var utpeikt av åndene. Ein noaide var godt kjend med eventyra og sagna til samane og var ein viktig formidlar av samisk tradisjon. Noaiden hadde eit belte som teikn på statusen sin. På beltet kunne det vere festa gjenstandar som han brukte i kontakten med det overnaturlege.

Det norske storsamfunnet oppfatta samiske ritual som trolldom. Det hende at noaidar blei brende på bålet i Finnmark. Klipet er henta fra NRK-porgramserien Historien om Norge.

I moderne tid har personar som er opptekne av noaiderolla og andre sjamanistiske tradisjonar, oppretta ein eigen organisasjon, Sjamanistisk forbund. Foreininga blei oppretta i 2013 og har i 2018 vel 50 medlemmar. Dei legg vekt på at naturen er besjelt, og at menneska og naturen må vere i harmoni med kvarandre.

Joik

Ein måte noaiden kommuniserte med det overnaturlege på, var gjennom song og resitasjon av tradisjonelle tekstar, kalla joik. Joiken kunne setje både noaiden og tilhøyrarane i transe, slik at dei lettare kunne komme i kontakt med det overjordiske. Det var vanleg at ein same allereie som ung fekk ein eigen joik laga til seg. Slik styrkte joiken identiteten til den enkelte samen.

Joiken var viktig for både primær- og sekundærsosialiseringa. Den forklarte korleis samfunnet var bygd opp, og kven som var kven i det samiske samfunnet. Joiken kunne vidare ta opp spørsmål om jaktlykke, dyrehald, ytre fiendar og konfliktar med omkringliggjande folkegrupper.

Joiken kunne også vere bygd opp slik at bodskapen blei «dobbel». Dei innvidde, samane, skjøna begge bodskapane, medan tilreisande, handelsmenn, misjonærar osv., berre forstod sjølve teksten. Slik blei joiken ein reiskap for å setje seg til motverge mot fornorskinga og kristne skikkar.

Læringsressursar

Samisk religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs