Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Samisk religionChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Læra i tradisjonell samisk religion

Det finst likskapstrekk mellom tradisjonell samisk religion og religiøse førestillingar og praksis blant urbefolkninga i Nord-Amerika, Sibir og i Tibet. Dei var alle nomadar og utvikla eit sett av skikkar og ritual som hadde som føremål å kommunisere med gudar og andemakter. Meininga var å sikre gode kår for dyra og sikre leveforholda for familie og slekt.

Den samiske solguden framstilt som brosjer lagd av reinhorn og bjørk. Foto.
Den samiske solguden framstilt som brosjer laga av reinhorn og bjørk, laga av kunstnaren Lars Sunna.

Dei fire universa

Den samiske verda var delt inn i fire univers:

  1. den vanlege verda som menneske blir fødde inn i, lever i og døyr i
  2. himmelen slik vi ser han frå jorda med sol, måne og stjerner
  3. ei verd over himmelen
  4. ei underjordisk verd

I alle dei fire universa fanst det gudar som hadde makt over sitt univers, men som i tillegg hadde innverknad på dei tre andre universa. Mellom anna ved å bruke ei spesiell tromme, ei runebomme eller «goavddis», kunne mennesket setje seg i samband med himmelen, det som var over himmelen, og det underjordiske.

Gudelære

I likskap med menneska var gudane delte inn i to kjønn. Solguden, toreguden og jaktguden var alle maskuline. Men det var kvinnene som var opphavet til mennesket, og som vakta dei mot vonde krefter.

Himmelgudane Beaivi og Dearpmis

I dei nordlege samiske områda er sola borte fleire månader i året. Derfor hadde solguden Beaivi ein viktig plass i kulten. Ifølgje gammal samisk mytologi fekk samane kjennskap til reinen fordi han kom vandrande til jorda på strålane frå sola. Sola la grunnlaget for liv og vekst, noko vi kan sjå av den sentrale plasseringa sola har på runebommen. Les meir: Kva er ei samisk sjamantromme?

Guden Dearpmis kan minne om den norrøne toreguden Tor. Begge blei gjerne avbilda med hammar. I norrøn religion viste guden Tor seg fram når det tora og lynte, mens Dearpmis i tillegg rådde over alt slags vêr, over vatnet og derfor også over velstand og lykke blant dyr og menneske.

Jaktguden Leaibolmmái

Samane var nomadar og følgde dei årlege vandringane til reinen. I tillegg var dei avhengige av jakt på villrein og andre dyr. Jaktguden heitte Leaibolmmái. Denne guden hadde makt over alle dyreslag, også fiskane i havet. Sjøsamane var dyktige fiskarar. Eit viktig ritual var å leggje att eit offer frå fisket eller jakta på heilage stader. Dersom du gløymde det, kunne neste fangst bli mager.

«Oldertremannen», som er eit anna namn på Leaibolmmái, jaktguden, hadde ansvar for dei ville dyra. Han skulle ha offer før bjørnejakta, slik at jegeren fekk eit ekstra vern under jakta. Oldertreet (eller oretreet) blei sett på som heilagt. Den raude fargen frå barken blei brukt til å teikne symbola på runebommene.

Máttaráhkká, stammor til alle menneske

Guden som hadde ansvar for å skape menneska sin kropp, var Máttaráhkká. Ho var stammora til alle menneske. Ein av dei tre døtrene hennar, Sáráhkká, var ei slags jordmor. Ho hadde ansvar for at eit nytt barn blei ført inn i kvinnekroppen, og at det kom ut att i god behald. Sáráhkká heldt til ved eldstaden midt i teltet eller gammen. I samband med matlaginga passa ein på å setje av litt mat til ho òg. Ei anna dotter, Uksáhkká, passa på utgangen til gammen, slik at ingen vonde krefter sneik seg inn. Uksáhkká passa særleg på dei små barna.

Samisk skapelsesberetning

Samandrag

Jupmele, den mektigaste av alle gudane, ser seg lei på alt bråket frå daudingar og underjordiske, og bestemmer seg for å lage ei ny, vakker jord. Han allierer seg med solguden Beaivi, og av ei simle (hokjønnsnemning for rein) skaper han jorda i sitt bilete. Dei to sønene til solguden, Njavvis og Attjis, er dei første menneska i den nye verda, og lenge er alt berre vel.

Men ein dag ser bror til solguden, Mano, eller Månen, all denne herlegdomen, og han vert misunneleg. Misunninga hans smittar over på Attjis, som dreg seg unna bror sin og gøymer seg i fjella. Njavvis saknar bror sin og joikar sorga si. Dette høyrer Jupmele, og av ei tåre frå Beaivis kinn skaper han ei kvinne til Attjis, og det er Soldottera.

Sáivu-guolli og Sáivu-sarvvá

Samane trudde sjølv dei hadde ei form for verneenglar, eller hjelpeandar, Sáivu-guolli og Sáivu-sarvvát, som passa på dei. Hjelpeandane var gjerne mindre enn menneska, men dei kunne òg sjå ut som dyr. Dei var viktige hjelparar, men òg ein del av identiteten til det enkelte mennesket.

Ein kunne gi bort ein slik ande i gåve til ein familiemedlem eller ein venn. Ofte blei det gjort i samband med dødsfall, giftarmål og fødsel. Verne- eller hjelpeandane budde på bestemde stader i naturen. Og enkelte stader, mellom anna i spesielle steinar eller steinformasjonar, var krafta til dei ulike hjelpeandane særleg sterk.

Bjørnen

Bjørnen, eller bierdna som samane kalla dyret, hadde ein viktig plass i samisk religion. Sjølve jakta på bjørn var regulert etter bestemde religiøse ritual. Jegerar som ikkje følgde desse rituala, blei straffa av andane. Når ein bjørn blei nedlagd, var det viktig at alt frå bjørnen blei brukt, både skinnet, kjøtet, senene og knoklane. Knoklane blei gravne ned på ein eigen stad. På Bonkholmen i Lyngenfjorden finst det ei slik grav, som arkeologane har datert til ca. 700 evt.

Livet etter døden

Noaiden, den samiske sjamanen, hjelpte dei daude over til dei daude si verd. Vonde menneske hamna ein stad i det underjordiske der det var mykje sjukdom og naud. Gode menneske kom til eit paradisliknande samfunn, sáivu. Her var livet ganske likt livet på jorda, men menneska var lykkelegare. Det var fisk i elvene, rein på viddene, og menneska var vennlege mot kvarandre.

Noaiden kunne kommunisere både med gudane og med dei avdøde i sáivu. Kommunikasjonen var nødvendig for at noaiden skulle ta gode avgjersler om når ein skulle flytte reinflokken. Kontakten med gudane gav han kunnskap om korleis vêret skulle bli, men òg innsikt i spørsmål om sjukdom og død.

Læringsressursar

Samisk religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs