Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. ReligionskunnskapChevronRight
  5. Fordjupingsoppgåve – Samanlikning av religionarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Fordjupingsoppgåve – Samanlikning av religionar

Til denne oppgåva vil det vere nyttig å bruke Ninian Smarts sju religionsdimensjonar. Oppgåva kan brukast til vurdering.

Ulike bilder av mennesker som ber. Foto.

Mål

Du skal samanlikne kristendommen med buddhisme og/eller islam med utgangspunkt i ei sjølvvald problemstilling. Problemstillinga skal handle om eitt eller fleire av følgjande tema:

  • gudetro
  • menneskesyn
  • frelse/frigjering
  • verdsbilete
  • mytar
  • ritual
  • opplevingar
  • etikk
  • sosial organisering
  • kunst og materielle uttrykk

Les meir om Ninian Smarts syv religionsdimensjoner.

Omfang

Du kan presentere oppgåva på to måtar:

  1. skriftleg (maks 2000 ord)
  2. munnleg (maks 15 minuttar)

Krav til kjeldebruk

Du skal underbyggje påstandane ved å bruke både dei religiøse tekstane og moderne/nyare kjelder.

Les meir om bruk av kilder til religioner og livssyn.

Forslag til disposisjon

Disposisjonen vil variere etter kva for problemstilling de har vald, men dette kan vere eit utgangspunkt for mange:

  • Innleiing
    • Introduksjon til temaet
    • Utdjuping av problemstilling
    • Grunngjeving for val av problemstilling
    • Litt om korleis du vil jobbe for å finne svar på problemstillinga
  • Hovuddel
    • Gjennomgang av forskjellar og likskapar. Begynn med det mest grunnleggjande
    • Drøft om dei er grunnleggjande like eller ulike
    • Trekk inn ulike kjelder for å underbyggje påstandane og forklare kvifor dei er like/ulike
    • Vis samanhengar med andre sider av religionen
  • Avslutning
    • Oppsummer og svar på problemstillinga

Læringsressursar

Religionskunnskap

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Jezidi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.