Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. ReligionskunnskapChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Jezidi

Dokumentarfilmen Jezidi handlar om den sjeldne minoriteten jezidiar. I 2008 reiste filmregissør Anja Breien til områda der jezidiane oppheld seg. Der laga ho eit personleg og storslått visuelt portrett av dei.

Filmdetaljar

Sjanger: Dokumentar

År: 2009

Opphav: Noreg

Speletid: 53 min

Regi/manus: Anja Breien

Produsent: Espen Thorstenson

Foto: Halvor Næss

Lyd: Håkon Lammetun

Forteljar: Sidsel Endresen

Filmen gir godt innblikk i kulturen og trusretninga til jezidiane, samstundes som han skaper forståing for ein gammal førkristen naturreligion og eit levesett som vi i moderne tid ikkje lenger har kunnskap om. I tillegg blir vi kjende med ein jezidifamilie som bur på Lier utanfor Drammen.

I filmen får vi vite at heilagdagen for jezidiane er onsdag. På denne dagen tenner dei 366 lys – eitt lys for kvar dag i året i samsvar med den babylonske kalenderen. Dei reknar engelen Melek Tawus, påfuglengelen, for å vere den ypparste mellom englar og Guds representant her på jorda. Fleire kristne og muslimske grupper jamsteller Melek med djevelen og kallar derfor jezidiane for djeveldyrkarar.

Les meir om Anja Breiens dokumentarfilm på Rushprint.no:

Anja Breiens Jezidi, Rushprint.no

Kven er jezidiane?

Alle jezidiar er kurdarar og dei lever i Nord-Irak, Tyrkia, Syria, Georgia, Iran og Europa. Mange av områda er prega av krigskonfliktar, og jezidiane er og har vore – som kurdisk og religiøs minoritet – utsette for harde forfølgingar. Jezidiane lever etter strenge levereglar. Dette vil mellom anna seie at dei ikkje kan blande seg med andre folkeslag. Dei misjonerer heller ikkje. Jezidiane høyrer til ei av dei eldste, førkristne naturreligionane på jorda. Jezidismen blandar mellom anna element frå jødedom, kristendom og islamsk mystisisme – sufismen.

Læringsressursar

Religionskunnskap

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.