Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. SikhismenChevronRight
  5. Sikhismen – høgtider og overgangsritualChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sikhismen – høgtider og overgangsritual

Feiring eller markering av høgtider er viktig, også for sikhar. Høgtidene blir markerte til minne om viktige hendingar i sikhar si historie eller om ein av guruane sin fødsels- eller dødsdag. Overgangsrituala er knytte til ulike livsfasar, som namngiving, ekteskapsinngåing og død.

Fem menn med sverd i orange klær og blå turban går først i en parade. Foto.
Vaisakhi-parade i Los Angeles 11. april 2004.

Høgtider

Vaisakhi

Denne høgtida blir feira i april til minne om at Guru Gobind Singh innstifta sikh-fellesskapen, khalsaen. Sikhane sitt gudshus, gurdwaraen, er pynta til fest. Khalsa-flagget, som har hengt oppe eit heilt år, blir teke ned, og eit nytt flagg blir heist opp i den høge flaggstanga. Inne i gurdwaraen blir hele skriftsamlinga, Guru Granth Sahib, resitert, og nye medlemmar blir tekne opp i khalsaen.

I Oslo blir det arrangert ein stor prosesjon i gatene den første laurdagen etter sjølve vaisakhi-dagen. Mennene ber turban eller oransje hovudtørkle, og kvinnene dekkjer håret slik dei gjer i gurdwaraen. Framfor marsjerer fem menn, som symboliserer dei som først blei innvia i khalsaen i 1699. Dei ber oransje klede og har lange sverd festa i beltet. Fem kvinner i blå uniformer går også langt framme i prosesjonen. Dei symboliserer den kvinnelege khalsa-identiteten. Prosesjonen blir avslutta med feiring av Turbandagen og framføring av tradisjonell kampsport, samt fargerike folkedansar og musikk frå Punjab.

Vaisakhi er ei høgtid sikhbarn over hele verda gler seg til, på linje med religiøse høgtider som Id, Hanukkaa og julaftan. Slå gjerne på automatisk teksting til norsk når du ser videoen.

Bandi chorh diwas

Denne høgtida blir feira i oktober/november, samtidig med den nordindiske divali-lysfesten. Sikhar si feiring er knytt til forteljinga om Guru Hargobind som blei lauslaten frå festninga Gwalior, der han hadde sete som fange fordi den muslimske stormogulen Jahangir blei lurt av astrologane sine til å sende guruen dit. Då Hargobind omsider blei lauslaten, ville han ikkje dra dersom han ikkje også fekk med seg femtito hinduprinsar som framleis sat fanga. Med stor oppfinnsemd greidde han dette, og då han kom tilbake til hovudstaden Amritsar etter lauslatinga, blei folk så glade over å sjå han at dei tente masse lamper for å ønskje han velkomen.

Høgtida markerer også at Guru Ram Das i 1577 la ned grunnsteinen til sikhar sin viktigaste gurdwara, Harimandir Sahib, i Amritsar.

Kvinner tenner mange små stearinlys på en opphøyd firkant. I bakgrunnen et tempel. Foto.
Kvinner tenner lys framfor det gyldne tempelet i Amritsar

Sikhar feirar kvart år bandi chorh diwas med lys og fyrverkeri til minne om desse hendingane. I Amritsar er Harimandir Sahib opplyst på spektakulær måte, og mange kjem for å feire høgtida. Norske sikhar feirar med song og musikk, fellesmåltidet langar og lystenning. Tidlegare var fyrverkeri del av feiringa, men det er ikkje lenger tillate i Noreg på grunn av brannfare.

Gurpurab

Årleg markerast fødselsdagar og dødsdagar for guruane, såkalla gurpuraber. Fire av desse er viktige for sikhar i dag:

  • Nanaks fødselsdag i oktober/november
  • Arjans martyrium i mai/juni
  • Tegh Bahadurs martyrium i november/desember
  • Gobind Singhs fødselsdag i desember/januar

I gurdwaraen startar lesing av heile Guru Granth Sahib på fredag, og ho blir avslutta søndag morgon. Både kvinner og menn skiftar på å lese. Feiringa blir avslutta med synging av hymnar dikta av guruen som blir markert. I India og andre land med mange sikhar er det vanleg med prosesjonar i gatene, men dette har ikkje vore praksis i Noreg.

Overgangsritual

Dei viktigaste overgangsrituala for sikhar i dag er: namngivningsritualet, ekteskapsritualet og kremasjonsritualet. Rituala viser korleis Guru Granth Sahib følgjer den enkelte sitt liv frå fødsel til død.

Namngivningsritualet

Ifølgje sikhar sin tradisjon skal ei nybakt mor og familien hennar kome til gurdwaraen med den nyfødde. Der slår leiaren for seremonien tilfeldig opp på ein hymne i Guru Granth Sahib og føreslår eit namn som startar med den første bokstaven i det første ordet i hymnen. Namnet skal så godkjennast av foreldra. I dag er det ikkje uvanleg at foreldre vel den andre bokstaven i det første ordet, dersom dei ikkje klarer å finne noko namn dei likar på den første bokstaven, eller dersom ordet begynner med ein bokstav det er vanskeleg å lage eit namn på (som z eller x).

Ikkje alle sikhar følgjer denne tradisjonen i dag, og mange vel namn til barnet før dei kjem til gurdwaraen. Det er uansett vanleg at foreldra kjem tilbake dit etter to veker for å få godkjend namnet av sikh-fellesskapen.

Ekteskapsritualet

Dei fleste sikh-bryllaup i Noreg føregår i gurdwaraene på Alnabru, i Lier eller i Bergen. Under bryllaupsritualet les seremonileiaren ei bøn om lykke for brudeparet og gir formaningar om plikter dei to har overfor kvarandre, familien og fellesskapen.

Synging av ein bestemt hymne (‘lavan’) er kjernen i ekteskapsritualet. Under denne vandrar brudeparet fire gongar rundt Guru Granth Sahib, noko som markerer eit skilje frå hinduar sitt bryllaupsritual, der brudeparet går rundt ein ‘heilag eld’.

Hånden til en mann over en dekorert kvinnehånd. Foto.
Ekteskap er eit viktig overgangsritual. Når seremonien er slutt i gurdwaraen, velsignar bryllaupsgjestene paret ved å sirkulere pengar over hovuda deira. Noko blir gitt til brudeparet, men det meste blir gitt til fattige.

Kremasjonsritualet

Sikhar følgjer indisk skikk og kremerer sine døde. I India blir liket vanlegvis kremert same dag, men i Noreg er det vanleg at liket ligg i kjølerom nokre dagar medan slektningar kjem reisande frå India. I India startar kremasjonsritualet med at den døde kroppen blir kledd i reine klede og blir lagd på eit bål, mens i Noreg skjer kremeringa i krematoriet. I begge tilfelle er det gjerne ein av sønene som startar kremasjonsprosessen.

Mens kremasjonen går føre seg, blir ein tekst frå Guru Granth Sahib resitert. Oska blir deretter spreidd i ei elv eller i havet. Gravferdslova som kom i 1996 gjorde oskespreiing tillaten etter søknad til fylkesmannen, noko som gjer at mange sikhar vel å spreie oska i rennande vatn i Noreg. Men blant sikhar frå den eldre generasjonen er det mange som framleis ønskjer å sende oska til India.

Litteratur

  • Breidlid, H. (kommer 2019). Sikher. Oslo: Universitetsforlaget
  • Neegaard, G. (1993). Religion, livssyn og gravferd. Oslo: Kommuneforlaget
  • Plesner, I. T. og C. A. Døving (2009). Livsfaseriter. Religions- og livssynspolitiske utfordringer i Norge. Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
  • Reichelt, V. (2005). «Til døden skiller oss. Sikhers ekteskapsritualer». I Thorbjørnsrud, B. S. (red.) Evig din? Ekteskaps- og samlivstradisjoner i det flerreligiøse Norge. Oslo: Abstrakt forlag

Læringsressursar

Sikhismen