Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. BuddhismenChevronRight
  5. Buddhisme – etikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Buddhisme – etikk

Buddhismen er kjend som ein tolerant og open religion. Som andre indiske religionar vektlegg buddhismen at framtida di blir bestemt av korleis du behandlar deg sjølv og andre.

Dalai Lama, fredsprisvinner 1989
Tibets åndelege leiar Dalai Lama mottok i 1989 Nobels fredspris i Oslo for den ikkje-valdelege motstanden sin mot Kinas okkupasjon av Tibet. Ikkje-vald er eit sentralt prinsipp i buddhismen.

Buddhismen er ein religion som set omtanke og vennlegheit i sentrum. Gode gjerningar som gjevmildskap og hjelpsemd er viktige element i buddhistisk etikk. Aller viktigast er påboda om å ikkje skade andre levande vesen. For å forstå etikken i buddhismen må vi sjå nærare på Buddha som etisk førebilete, læra om karma og den moralske treninga som utgjer ein sentral del av den åttedelte vegen.

Buddhas døme

Dei mange forteljingane om Buddha som finst i buddhistiske tekstsamlingar, slik som dei vi finn i Tripitaka, gir eit levande bilete av Buddha som lærar og etisk førebilete.

Mann står foran buddhastatue. Han holder hendene over hodet med håndflatene mot hverandre. Foto.
Buddha er eit etisk førebilete for buddhistar.

Buddha blir framstilt som ein vismann som har fullstendig sjølvkontroll, grenselaus medkjensle for andre skapningar og djuptgåande innsikt, toleranse og forståing for alt og alle rundt seg. Heile livet hans eksemplifiserer buddhistiske dydar som sjølvdisiplin, visdom, hjelpsemd og kjærleg omsorg. Særleg munkar og nonner blir inspirerte av Buddhas avkall på materielle goder og luksus som prins, for å finne sanning og fridom frå liding.

Læra om karma

I buddhismen heng lære og etikk tett saman, og karma er eit sentralt omgrep for å forstå begge to. Karma er ei moralsk lov som seier at handlingane dine har konsekvensar for dette livet og seinare atterfødingar. Behandlar ein andre bra eller dårleg, får ein tilsvarande att seinare. Karmalova blir rekna som like fastsett som naturlovene, noko ein ikkje kan sleppe unna. Påfører ein andre skade, er det til sjuande og sist ein sjølv som blir mest skada. Derfor streker Buddha under at alle tener på å behandle andre levande skapningar godt, uansett.

Til dømes lærte Buddha at ein kan atterfødast i helvete, i ein tilstand med massiv liding og smerte. Dette kan skje viss ein har påført andre mykje skade og liding gjennom til dømes drap, utruskap eller tjuveri. Handlingar som er motivert av vankunne, grådigheit eller hat, fører til karma og dårlegare atterfødsel. Poenget med atterføding i helvete og karma er ikkje hemn og straff, men rettferd.

En grusom, rød skikkelse sitter på en trone omgitt av andre grusomme, blå skikkelser som piner mennesker på ulikt vis. Maleri.
Førestillingar om helvete frå ei nepalesisk utgåve av Livets hjul.

I buddhismen er karmalova noko som blir sett på som korrigerande – etter å ha gjennomgått ein periode i helvete vil ein omsider bli atterfødd i ein betre tilstand. Helvete er dermed ikkje noko evigvarande i buddhismen. Etter ein periode i helvete er ein mindre tilbøyeleg til å gjere same feilen, for ein vil sleppe å lide slik att. Eit mål med buddhistisk etikk og forståinga av karma er altså å streke under at ein aldri må skade andre.

Buddhistisk etikk vektlegg intensjonen bak handlingar. Viss ein gjer ein feil ved uhell, til dømes tråkkar på eit insekt, medfører ikkje dette karma. Viss ein derimot med vilje drep eit insekt, medfører handlinga dårleg karma. Jo tydelegare intensjon, desto større karma. Derfor blir moralsk trening vektlagd like mykje som meditativ trening i buddhismen, fordi intensjonen er så avgjerande.

Moralsk trening

Den åttedelte vegen er Buddhas praktiske manual for korleis ein kan oppnå opplysing, frigjering frå atterfødselen sitt kretsløp (samsara), og dermed total fridom frå eige begjær. Den åttedelte vegen handlar om å framdyrke visdom og moral gjennom trening og meditasjon. Han er også ei oppsummering av den viktigaste praksisen i buddhismen.

I buddhismen er god moral ein føresetnad for å bli i stand til å meditere riktig og finne visdom. På same tid blir balanse og harmoni vektlagd. Det er eit klart skilje mellom forventningane til «ordinære» lekbuddhistar og «spesialistar», slik som munkar og nonner, som vier heile livet sitt til buddhismen (sjå side 2–4 i presentasjonen under).

Unikt med buddhismen er tanken om at empati er noko som kan og skal trenast opp ved hjelp av den åttedelte vegen. Dei tre sinnsgiftene – vankunne, grådigheit og hat – er grunnlaget for all liding. Gjennom buddhistisk etikk kan desse tre forvandlast til visdom, sjenerøsitet og empati.

Dei fem levereglane er vanleg å resitere saman med den buddhistiske truvedkjenninga og er eit minimum av etiske forpliktingar ein buddhist må følgje.

En fugl, en slange og en gris biter hverandre i halen og danner en sirkel. Rundt dem er det en sirkel som er delt i en mørk og en lys del. I den mørke delen blir mennesker i lenker dratt og jaget av blå demoner. Den lyse delen viser mennesker på en sky. Utenfor ringen ser man deler av andre motiver. Maleri.
Dei tre sinnsgiftene fører til dårleg karma og bind alle skapningar til livet sitt kretsløp. Desse sinnsgiftene er vankunne, grådigheit og hat, symboliserte av høvesvis grisen, hanen og slangen.

Viktige omgrep

  • den åttedelte vegen
  • karma
  • Tripitaka
  • samsara
  • sanghaen
  • dei fem levereglane
  • dei tre sinnsgiftene

Læringsressursar

Buddhismen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs