1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. BuddhismenChevronRight
  5. Buddhisme – menneskesynChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Buddhisme – menneskesyn

Buddhismen sitt menneskesyn er radikalt annleis frå dei fleste andre religionar. På den eine sida avviser buddhismen at mennesket har ei fast sjel. På den andre sida trur dei på atterføding, og at vanlege menneske gjennom trening kan transformere seg om til udøyelege supermenneske – buddhaer.

Rosa lotusblomst. Foto.
Lotusblomen er eit viktig symbol i buddhismen. Ein vakker blome veks ut av gjørmete vatn, slik mennesket ifølgje buddhismen kan kome ut av liding og vondskap og bli ein buddha, ein opplyst.

Kva er eit menneske?

Då Buddha nådde oppvakninga si gjennom meditasjon, og fekk innsyn i røyndomen sitt inste vesen, blei han noko heilt anna enn eit vanleg menneske. Han forsto òg kva som eigentleg utgjer eit menneske. Han meinte at det konvensjonelle synet på individet – at vi er udelelege, at vi har ei sjel – er ein illusjon. For å forstå denne tankegangen, og det buddhistiske menneskesynet, må vi sjå på tydinga av fire sentrale buddhistiske omgrep: duhkha, anatman, skandha og buddha.

Duhkha

Duhkha (“å vere utilfreds”) betyr liding, og er den første av Buddha sine fire edle sanningar. Duhkha, at alt liv inneheld element av å vere utilfreds, er òg eit av buddhismen sine tre grunnleggjande trekk i tilværet. Dei to andre trekka er tanken om at alt er i kontinuerleg forandring, og at det ikkje finst noko permanent sjølv eller sjel. Livet blir dermed kjenneteikna av at alt er liding, alt er forgjengeleg, og at alt er utan evigvarande eigeneksistens.

Dette høyrest veldig pessimistisk ut, men Buddha si lære må vi her forstå som ei analytisk beskriving av eksistensen sine kjensgjerningar. Ubehag, å vere utilfreds og liding er universalt, noko alle opplever.

Folk sitter i campingstoler utenfor en Expert-butikk. Plakat i forgrunnen viser iPhone 4.
Ifølgje buddhismen vil det å knyte seg til materielle ting før eller sidan føre til liding. Desse unge menneska som står i kø for å sikre seg iPhone 4 i 2010, opplevde kanskje ei lykkekjensle der og då, men det tek ikkje veldig lang tid før ein ønskjer seg noko nytt, og den gamle telefonen gir meir liding enn lykke.

Ifølgje buddhismen kjem opplevinga av ubehag av vankunne, feil innstillingar og forventningar til røyndommen, og ønske om det uoppnåelege. Menneske forstår ikkje, eller gløymer, at livet er forgjengeleg, og dermed opplever ein ubehag når noko ein er glad i, blir borte. Men at ting forandrar seg, er naturleg og uunngåeleg. Ifølgje Buddha inneber derfor første steg for å sleppe liding å anerkjenne røyndommen sine grunnleggjande trekk. Det betyr å akseptere at alt blir forandra. Det betyr òg å godta at vi ikkje har ei evig, uforanderleg sjel.

Anatman

Fråveret av eigeneksistens er ein måte å forklare omgrepet anatman på. Det kan òg omsetjast til «ikkje-sjølv», eller «ikkje-sjel», i motsetnad til hinduismen sin atman (permanent sjel).

Jente ser seg selv i speilet. Foto.
Finst du eigentleg? Ein av dei mest revolusjonære tankane Buddha introduserte, var tanken om at sjølvet er ein illusjon.

Buddha si innsikt her handlar om at sjel, ånd, bevisstheit og alle andre omgrep for eit konstant sjølv eigentleg berre er språklege konstruksjonar som er usanne. Gjennom meditasjon oppdaga dei første buddhistane at den vanlege måten å forstå verda på, er feil. Verda består ikkje av ting, gjenstandar og materie. Den korrekte måten å stille seg til verda på er å sjå alt som prosessar, relasjonar, eller ei rekkje korte enkelthendingar.

Tenk på menneskekroppen og konseptet identitet. Er din kropp den same som han var for sju år sidan? Er kven du er, identiteten din, den same akkurat no som han var i går, i fjor, i barndommen? Tanken er at både det fysiske og det psykiske forandrar seg heile tida, og er avhengig av ting utanfor seg sjølv. Kroppen er avhengig av næring, vedlikehald, kvile. Identiteten vår er avhengig av tankane våre, minne, relasjonar til andre. Ifølgje buddhistane har altså ingenting sjølvstendig eksistens uavhengig av andre.

Buddhismen skil seg tydeleg frå andre indiske religionar med si avvising av sjelsomgrepet. Men korleis forklarer buddhistane då samsara, atterfødingsprosessen, viss dei ikkje trur på noko sjølv eller sjel? Kva er det som blir atterfødd? Forklaringa ligg i omgrepet skandha.

Skandha

Skandha betyr grupperingar av energiglimt som er avhengige av kvarandre. Desse energiglimta eller hopane av energi, utgjer til saman ingrediensane til levande vesen sin eksistens – til vår fysiske og mentale eksistens.

Skandhaene sorterer vi i fem haugar energiglimt, som til saman inkluderer det materielle, kjensler, tenking, handlingsimpulsar og bevisstheit. Desse glimta er kortvarige, avhengige av kvarandre, og i konstant forandring, som betyr at dei ikkje har uavhengig eigeneksistens.

Det som blir atterfødd, er nokre delar av desse skandha’ene, særleg handlingsimpulsane – det som produserer karma – frå tidlegere liv. Dermed kan vi snakke om ein slags kontinuitet mellom døden til ein person og hans neste tilvære, sjølv om dødsprosessen også inneber ei betydeleg forandring. Det er ikkje nøyaktig den same personen som blir atterfødd, fordi omgrepet «person» berre er ein språkleg konstruksjon.

Det buddhistiske menneskesynet er altså fokusert på forandring som den eine konstanten hos levande vesen. Menneske, i likskap med ei elv, har eigennamn for enkelheita si skuld. Men det som i røynda kjenneteiknar både menneske og ei elv, er at vi er i kontinuerlig forandring.

Buddha

Et stort antall buddhastatuer i gull er oppstilt i en fjellvegg. Foto.
Ifølgje buddhismen kan alle menneske nå same innsikt som Buddha og bli ein buddha. Men det kan ta mange liv å nå så langt. Buddhastatuar i Myanmar.

Buddhismen har eit radikalt, positivt og individualistisk menneskesyn. Radikalt, fordi dei meiner at vanlege menneske kan forvandle seg om til supermenneske. Positivt, fordi vegen til denne transformasjonen inneber å behandle andre skapningar og deg sjølv betre, inkludert tanken om at vi kan bli fri frå all liding. Individualistisk, fordi det viktigaste arbeidet i denne disiplineringsprosessen kjem fullstendig an på deg sjølv, uavhengig av kaste- eller familietilhøyrsle.

Ordet for dette supermennesket er buddha, som betyr «den oppvakna.» Ifølgje buddhistiske tekstar er ein buddha totalt fri frå atterfødinga sitt fengsel, har ei rekkje magiske krefter, kan hugse alle sine tidlegare liv i detalj, og opplever røyndommen slik han faktisk er. Ein buddha har frigjort seg frå liding og smerte, og er høgare stilt enn sjølv gudane i buddhismen, fordi gudane sjølve er underlagde samsara.

Fagomgrep

  • duhkha
  • anatman
  • samsara
  • skandha
  • buddha

Læringsressursar

Buddhismen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs