Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Jødedommen ChevronRight
  5. Jødedommen – estetiske uttrykkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Jødedommen – estetiske uttrykk

Jødedommen vektlegg livet her og no meir enn mange andre religionar. Under høgtidene blir det gjort enkle ritual, som å ete eit måltid saman mens ei forteljing blir attfortald. Slik blir hendingar i fortida gjort nærverande. I rituala blir det gjerne brukt gjenstandar som er dekorerte med symbol.

Her kan du utforske Synagogen i Oslo:

Biletforbod

Jødedommen praktiserer eit biletforbod basert på det første av dei ti boda. Dette blir praktisert ulikt i ulike retningar, men i synagogane er som regel utsmykkinga abstrakt, og forbodet mot avbilding av Gud blir følgt av alle.

Du skal ikkje ha andre gudar enn meg. Du skal ikkje lage deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokke til å dyrke dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar barn i tredje og fjerde ledd for fedrane si synd når dei hatar meg, men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.

(2. Mos. 20:3-6.)

Askenasisk og sefardisk jødedom

Etter at romarane øydela tempelet i Jerusalem i år 70, levde jødane vidare med synagogekult rundt om i romerske byar. Etter at islam etablerte seg, utvikla jødedommen seg i to hovudretningar, ikkje minst når det gjeld dei estetiske utrykka. Dei askenasiske («tyske») jødane var dei som heldt til i kristne område, og dei sefardiske («spanske») budde i dei muslimske.

Fasade på bygning med kuppelformet tak. Utsmykket med søyler, buer og ornamentikk. Foto.
Synagogen i Sofia er Europas største sefardiske synagoge.

Askenasiske synagogar kan minne meir om kyrkjer enn sefardiske synagogar, som minner meir om moskear. Det er stort sett dei same tekstane som blir sungne eller resiterte i gudstenestene, men det kan vere vanskeleg å høyre, for det askenasiske uttrykket kan minne om europeisk kyrkjemusikk, mens det sefardiske har meir til felles med arabisk song. Askenasiske jødar har gjennom historia budd oftare i ghettoar enn sefardiske jødar, og vi kan snakke om to kulturelle hovudspor i jødedommen si historie dei siste 2000 åra.

Tora og menora, mizra og mezuza

Den viktigaste teksten i jødedommens er utan tvil Toraen, dei fem mosebøkene, kalla «Lova» eller «Læra». Han er ikkje berre ei bok med ein meiningsfull tekst, han er også ein rituell gjenstand. Torarullane blir oppbevarte i eit skap som blir kalla Arken. I askenasiske synagogar er arken gjerne opphøgd, slik at ein må gå opp ei trapp når ein skal hente ein bokrull, slik Moses gjorde då han steig opp på fjellet Sinai for å motta boda. Torarullane er heilage fordi dei er nøyaktige avskrifter av heilag tekst, men dei har på same tid ei særeigen kraft, noko som blir synleg til dømes når dei blir bærte i høgtideleg prosesjon under høgtida Simchat Torah («Toraens glede»).

Her kan du sjå eit klipp frå Simchat Torah i Jerusalem, som blir feira med song og dans i gatene og i synagogane. Reporteren fortel at hausten sine høgtider no er over i Israel. Dei to siste, Lauvhyttefesten og Simchat Torah, har vore prega av glede.

Tora-rullen skal ikkje røras ved, så det følgjer med ein yad (peikar eller «lesehand») som kan førast langs linjene mens ein les. Av same grunn er rullen vikla rundt to stenger, slik at ein kan «bla» fram og tilbake utan å røre ved sjølve pergamentet. Stengene er som regel påsette, forseggjorde spir av sølv. Dei blir kalla rimmonim (granateple), er forma som frukt og ofte smykka med små bjeller eller duskar. Det blir sagt at eit granateple har 613 frø, og at Toraen inneheld 613 påbod og forbod. Mange Tora-rullar har også ei kongekrune, noko som tydeleggjer at Lova representerer Gud og kongedømmet hans. Sefardiske Tora-rullar blir oppbevarte i eit slags etui, mens dei askenasiske blir svøpte i eit stykke tøy.

Den sjuarma lysestaken (menoraen) som stod i tempelet gjekk tapt i år 70. Han er ikkje erstatta, men avbildinga av menoraen har blitt eit viktig symbol, både på det tapte tempelet og på håpet om eit nytt. Ein mizra er ei dekorert plate som er festa til veggen i synagogen og viser retninga mot Jerusalem, mens ein mezuza er ein liten behaldar med ein bibeltekst montert på høgre dørkarm i heimen.

Gjenstandar knytte til livsfasar

Nokre symbol og rituelle gjenstandar knytte til høgtider

I den ti dagar lange fasten mellom nyttår (rosh hashana) og den store botsdagen (jom kippur) er bukkehornet den sentrale gjenstanden. Det gir assosiasjonar til både Abrahamforteljingar og det gamle ritualet der ein «syndebukk» blei send ut i ørkenen for å døy som ei soning for syndene til folket. Lyden av hornet skal oppfordre til sjølvransaking.

Her kan du høyre lyden av bukkehornet, shofar, spela tidleg ein morgon i Jerusalem:

Fem dagar seinare blir lauvhyttefesten (sukkot) feira, blant anna ved å overnatte i lauvhytter til minne om dei 40 åra i ørkenen som inngår i grunnforteljinga til jødedommen. Til pesach blir det ete eit rituelt måltid (seder, «orden») der ein eigen tallerken inngår, og alle tekstane som blir brukte er nedskivne i ei vakker bok kalla Haggada. Ein omer-kalender høyrer med under nedteljinga av dei 49 dagane frå pesach til shavuot, som blir feira til minne om då Moses mottok Toraen og blir symboliserte med to steintavler.

Hanukka (tempelinnviingsfesten) er ei yngre høgtid enn dei fem nemnde, som alle er påbodne i Tanak. Han blir feira til minne om då den jødiske presten og opprørsleiaren Juda Makkabeeren, rundt 160–70 f.Kr., gjenerobra tempelet frå syriske okkupantar. Han kasta ut gudefigurar og fekk tent menoraen, som ifølgje ei legende brann i åtte dagar, heilt til ny olje var klar. Ein hanukkia – hanukka-stake med åtte lys (pluss eit niande til å tenne dei andre med) – er det viktigaste estetiske uttrykket her. I feiringa inngår også å spele om godteri med ein spesiell snurrebass – ein dreidel.

Niarmet lysestake og snurrebass. Foto.
Hanukkia og dreidel

Til sist skal nemnast ein uvanleg rituell gjenstand til purim, nemleg noko ein kan lage bråk med. Både barn og vaksne blir nemleg oppfordra til å bråke så mykje at namnet «Haman» blir overdøva kvar gong det blir nemnd i Esters bok. Haman er skurken i denne forteljinga om den jødiske Ester, som blei ei av perserkongen sine koner, og frå denne posisjonen forhindra eit massedrap.

Læringsressursar

Jødedommen

SubjectEmne

Fagstoff