Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Jødedommen ChevronRight
  5. Forholdet til GudChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Forholdet til Gud

I jødedommen er forholdet til Gud heilt sentralt. Kva tenkjer ein buddhist om Gud? Jael og Nhu snakkar saman om dette og andre store spørsmål i ei lauvhytte under den jødiske lauvhyttefesten sukkot.

Før du ser videoen

Kva tenkjer du er dei største forskjellane mellom jødedommen og buddhismen?

Etter at du har sett videoen

  1. Kva for likskapar og ulikskapar ser du i Jael og Nhu sitt syn på:
    • Gud
    • gode og dårlege handlingar
    • tilgiving
  2. Korleis kan du bruke det du veit om synet på Gud i jødedommen og buddhismen til å forklare ulikskapar i dei to religionane når det gjeld synet på gode og dårlege handlingar og tilgiving?
  3. For jødar er det viktig å vise respekt og takksemd overfor Gud. Kva for døme på dette kunne du høyre om i videoen? Kan du komme på liknande døme i andre religionar?
  4. Buddhistar trur ikkje på nokon dømmande gud som har skapt og herskar over verda. Dette blir ofte brukt som argument for påstanden om at buddhismen ikkje er ein religion. Er det noko i det Nhu fortel i videoen som gjer at du likevel vil sjå henne som religiøs?

Læringsressursar

Jødedommen