Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Jødedommen ChevronRight
  5. Jødedommen – opphav og utbreiingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Jødedommen – opphav og utbreiing

Jødedommen er den eldste av dei abrahamittiske religionane. Kristendommen og islam er dei to andre. Alle dei tre religionane er monoteistiske, dei trur på éin Gud. Jødane ser på seg sjølv som eit folk med ei spesiell forplikting til å halde reglane i Toraen – lova som er gitt dei av Gud.

Abraham omgitt av familie og husdyr. Noen sitter på kamel, andre går. Maleri.
Abraham og familien hans reiser frå Ur mot Kanaan. The Departure of Abraham, József Molnár (1850).

Abraham

Den jødiske bibelen, Tanakh, fortel at Gud befalte Abraham, i byen Ur i dagens Irak, å utvandre. Abraham skal ha levd rundt 1800 f.Kr. Gud peikte på landet Kanaan ved Middelhavets austlege breidd som han ville at Abraham skulle reise til. Som teikn på pakta skulle Abraham la alle gutebarn omskjere. Denne pakta, avtalen mellom Abraham og Gud, er sjølve ryggrada i jødedommen.

Moses

Ifølgje tradisjonen skal Abraham sine etterkommarar ha busett seg i Egypt på grunn av tørke i Kanaan. Der blei dei etter kvart slavar under farao, og først rundt 1200 f.Kr. skal dei ha klart å flykte under leiing av Moses. På Sinai-fjellet fekk Moses overlevert lova, dei ti boda, av Gud. Lover, reglar og påbod blei etter dette ein viktig del av det religiøse livet for det jødiske folket.

Etter 40 år med nomadetilvære i Sinai-ørkenen reetablerte dei seg i Kanaan. Sentrum for kulten blei lagt til Jerusalem, der kong Salomo fekk bygd det første tempelet. Her ble steintavlene med dei ti boda oppbevarte.

Digital rekonstruksjon av paktkisten. Kiste i gull med to engler på lokket. Digitalt bilde.
Digital rekonstruksjon av arken til pakta, slik ho blir beskriven i Toraen. Her skal steintavlene med dei ti boda ha vore oppbevarte. Kista skal ha stått i det heilagste rommet i tempelet, tabernaklet.

Eksilet i Babylon

Etter kong Salomo blei riket delt i to: Isarel og Juda. Israel gjekk etter kvart i oppløysing, og Juda blei okkupert av babylonarane. Store delar av folket blei førte bort til Babylon, i dag Irak. Den sentrale møteplassen til jødane, Jerusalem og tempelet, blei øydelagd. Perioden blir kalla eksilet i Babylon (586–538 f.Kr.).

Når jødane no var lagde under eit framandt styre, blei det endå viktigare å halde saman og ta vare på tradisjonen. Det blei derfor eit auka fokus på tekstane, og det utvikla seg nye former for religiøsitet utan Tempelet. Jødane fekk etter kvart vende attende, men somme valde å bli i Babylon. Å leve utanfor sitt eige land blei kalla diaspora. Eksil og tilbakevending er eit sentralt tema i jødisk historie og identitet.

Forvising

Etter eksilet i Babylon blei tempelet i Jerusalem bygd opp att. Tempelet var sjølve symbolet på det jødiske. Romerane okkuperte området frå 63 f.Kr. Under eit jødisk opprør mot romerane i år 70 e.Kr. blei byen og tempelet rasert nok ein gong. Berre den vestlege tempelmuren, seinare kalla Klagemuren, blei ståande att.

Etter dette og seinare opprør blei mange jødar forviste frå landet. Frå før fanst det jødiske busetjingar i dei større romerske byane rundt Middelhavet. Jødane fekk no forbod mot å vende attende til heimlandet, og ein ny diaspora byrjar. Jødedommen mista det religiøse sentrumet sitt i Jerusalem og Tempelet, og utvikla ein ny religiøs praksis rundt synagogane.

Forfølging

Jødane i diasporaen blei jamleg utsette for grov vald, drap og utsletting. I Europa var jødane ein religiøs minoritet i eit elles kristent samfunn og blei fort peikte ut som syndebukkar. Bak dette låg blant anna ein idé om at jødane hadde skulda for avrettinga av Jesus. Mange jødar gjorde økonomisk suksess og blei mistenkeleggjorde på grunn av det. Konspirasjonsteoriar om jødar lever vidare den dag i dag.

Mennesker kledd i middelalderklær står rundt et bål med mennesker. Maleri.
Jødane fekk blant anna skulda for Svartedauden og tusenvis blei brende på bålet. Illustrasjon frå Flandern i dagens Belgia frå1300-talet.

Under korstoga, mellom 1095 og 1291, blei jødiske busettingar angripne ulike stader i Europa. Under Svartedauden på 1300-talet fekk jødar ofte skulda for massedøden. Berre i 1349 blei 2000 jødar drepne i byane Mainz og Köln i Tyskland. Reformatoren Martin Luther skreiv i boka Om jødene og deres løgner (1543) at skulane og synagogane til jødane burde brennast. Noregs grunnlov frå 1814 gjorde det klart at jødar framleis var utelukka frå tilgang til riket. “Jødeparagrafen” blei først oppheva i 1851.

I åra 1941–45 blei ca. 6 millionar jødar systematisk utrydda etter ordre frå den tyske nazistiske leinga, ofte kalla holocaust (frå gresk, “fullstendig brent”). Over halvparten av jødane i Europa blei drepne. Mange jødar refererer til masseutryddinga som shoah, som er det hebraiske ordet for katastrofe. I alt blei 773 av omtrent 2100 norske jødar deporterte. Resten klarte å rømme, for det meste til Sverige. 28 norske jødar overlevde konsentrasjonsleirane.

Staten Israel

Sionismen var ei politisk rørsle blant jødar frå midten av 1800-talet, som var oppteken av å få dra attende til det landet som dei meinte var heimlandet deira, men som no låg under Det osmanske riket. Allereie frå slutten av 1800-talet skaut busetjinga av jødar i dagens Israel fart. Andre jødar var ikkje opptekne av, eller var motstandarar av, tanken om å opprette ein eigen jødisk stat.

Etter første verdskrig blei området lagt under britisk styre under namnet Palestina, hovudsakleg folkesett av arabiske muslimar. Den jødiske innvandringa til Palestina auka fram til andre verdskrigen. Behovet for ein eigen jødisk stat blei ein viktig sak i det nyoppretta FN etter andre verdskrigen. Staten Israel blei oppretta i 1948, med David Ben-Gurion som den første statsministeren.

Talet på jødar

Det bur ca. 6,3 millionar jødar i staten Israel (2016), av til saman 14 millionar jødar i verda. I USA bur det 5,7 millionar jødar, i Frankrike 460 000 og i Canada 388 000. I Noreg bur det berre 1400 jødar, hovudsakleg i Oslo og Trondheim. Trass i at jødedommen ikkje er større enn mange religiøse sekter i verda, reknar vi han som ein verdsreligion. Grunnane er alderen, at han er utbreidd i store delar av verda, og den tette forbindelsen med dei andre abrahamittiske religionane.


Kjelde:

Sergio D.-P. (2017). World Jewish Population, 2017. i A. Dashefsky og I. M. Sheskin (Red.), The American Jewish Year Book, 2017 (Volume 117, s. 297-380). Dordrecht: Springer

Viktige omgrep:

  • pakt

  • omskjering

  • Tempelet

  • diaspora

  • Klagemuren

  • synagoge

  • holocaust

Læringsressursar

Jødedommen

SubjectEmne

Fagstoff