Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. Jødedommen ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Jødedommen

Jødedommen er ein monoteistisk religion med opphav i Midtausten. Staten Israel er ein jødisk stat, men det bur jødar over heile verda, dei fleste i USA, og nokre i Europa. Omgrepet jøde blir også brukt om ikkje-truande personar med jødisk opphav.

I denne videoen møter du tre norske jødar i synagogen i Oslo. Å vere jøde handlar ikkje berre om religiøs overtyding. Det handlar også om identitet og ein måte å leve livet sitt på.

Jødedommen eksisterte lenge før dei andre abrahamittiske religionane. Kristendommen og Islam har derfor har henta mykje av tankegodset sitt frå jødedommen. Felles for dei tre religionane er at dei trur på ein gud, og at denne guden har openberra seg for menneska og gitt dei lover dei skal leve etter. Moses fekk desse lovene (Toraen) av Gud på Sinai-fjellet, og Toraen er derfor sentral i den jødiske religionen.

Jødedommen er ein etnisk religion. Det vil seie at religion er knytt til eit folk, israelfolket. Tilhøvet mellom Gud og israelfolket er sentralt i jødisk historieforståing og identitet. Jødane ser på seg sjølve som eit folk med ei spesiell plikt til å halde reglane i Toraen – lova som er gitt dei av Gud.

Landet Israel står også sentralt som landet Abraham, stamfaren til jødane, blei beden om å flytte til av Gud. I hovudstaden Jerusalem sto også jødedommens største heilagdom, Tempelet, fram til det ble øydelagt av romarane i år 70 e.Kr.

Det finst fleire ulike former for jødedom: ortodoks jødedom, konservativ jødedom og reformjødedom. I Noreg regknar ca. 1400 personar seg i dag som jødar.

Læringsressursar

Jødedommen