Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. IslamChevronRight
  5. Islam – lære og skrifterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Islam – lære og skrifter

Islam gir den truande ei heil truspakke frå vogge til grav, og vidare til eit evig liv. Den heilage boka Koranen er hjørnesteinen i religionen, og undervisninga i moskeane og bruken av rituala understrekar umma – fellesskapet i trua.

Ei hand følger linjene i ei bok med arabiske skriftteikn. Foto.
Den heilage boka Koranen har ei autoriativ stilling i islam. Ho er Guds ord til menneska.

Koranen

Ordet koran kjem frå al-qara, som betyr å «lese opp», «resitere» eller «forkynne». Ifølgje muslimane finst Koranen hos Allah i himmelen. Ein kopi av han blei via engelen Jibril (Gabriel) gitt til Muhammed gjennom fleire openberringar. Koranen er heilag, så lenge han ikkje blir omsett eller skriven om til ei meir moderne form for arabisk. Koranen består av 114 kapittel eller surar. Dei lengste surane kjem først, med unntak av den første, som er ei kort innleiing, opningsbøna.

Koranen er autoritativ for muslimane. Det vil seie at alt i Koranen blir rekna for å vere Guds ord, og dermed sant. Han gir retningslinjer for heile livet, i alt frå spørsmålet om frelse til kva ein kan ete. Koranen må alltid bli oppbevart slik at han får ein opphøgd plass i rommet. Før ein les frå han, er det vanleg å vaske hendene, for så å gi boka eit kyss.

I Koranen finn vi også dei sentrale religiøse mytane. Dei handlar om korleis verda og menneska blei skapte, korleis menneska blei freista, og syndefallet. Dei fortel også om korleis Gud reddar menneska, blant anna ved å sende profetar til dei.

Hadith – forteljingar om Muhammed

I Koranen høyrer vi også om Muhammed. Han er den siste og for muslimane største profeten av 25 profetar som har fått ei openberring i form av ei bok av Allah. Både Ibrahim (Abraham), Musa (Moses) og Isa (Jesus) er døme på tidlegare profetar. I tida etter Muhammeds død blei det samla mange tusen forteljingar om livet hans. Desse tekstane om kva Muhammed sa og gjorde blir kalla hadith.

Dei fleste historiene er ikkje omtalte i sjølve Koranen, men blei samanstilte av lærde personar, der dei viktigaste var Muhammad al-Bukhari og Muslim ibn al-Hajjaj. Begge døydde i 870-åra. For sjiamuslimane er hadith sett saman noko annleis, sidan Ali, Muhammeds fetter og svigerson, har fått ein meir sentral plass der.

Sharia – islamsk lov

Både i Koranen og i hadith finst det lover og reglar som menneska skal følgje. For muslimar er dette normer som gjeld til evig tid. Summen av desse lovene og reglane blir kalla «veg» eller sharia.

Allereie kort tid etter Muhammeds død begynte diskusjonen om sharia skulle tilpassast dei ulike kulturane og samfunna som blei muslimske. Tilpassinga blei kalla fiqh, som betyr «kunnskap» eller «forståing». Konservative muslimar meiner at sharia skal tolkast ein gong for alle, mens reformvennlege muslimar meiner at det er eit skilje mellom sharia og fiqh. Dei meiner at rettspraksisen må tilpassast den nye tida.

Skapinga

Før skapinga diskuterte Allah med englane om det var føremålstenleg å skape menneske. Resultatet blei at han skapte mann og kvinne, Adam og Eva. Allah lét dei bu ein stad som blei kalla paradis, der de hadde tilgang til alle tenkjelege goder. Vilkåret var at dei ikkje skulle ete frukta frå eit bestemt tre. Då dei likevel gjorde det, ble dei utviste frå paradis og sende ut i verda.

Menneska fekk ifølgje Koranen forvaltaransvaret for den verda Allah hadde skapt. Dei var utstyrte med evne til å velje mellom det som er tillate, og det som er forbode, mellom halal og haram. Dei som lokkar menneska til å gjere det Allah ikkje ønskjer, er fråfalne englar og Iblis, som er djevelen eller Satan. Verda er Allahs verk, men menneska har ei grad av fri vilje. Dei kan velje å gjere det gode eller det vonde. Likevel trur muslimane at Allah styrer mykje. Derfor blir mange samtalar avslutta med setningen «Insha'Allah», eller «om Gud vil».

Butikk med disk for halal kjøtt. Foto.
Mange religionar har forbod mot å ete bestemte matvarer. Slik er det også i islam. Svinekjøt og blodmat er til dømes "haram". Mat som er merka med "halal" er tillaten å ete, til dømes kjøt av dyr som er slakta på ein bestemt måte. Det blir då framført ei kort velsigning mens dyret enno har puls.

Livets gang – førebuinga til dommens dag

Ein rettruande muslim skal kvar dag tenkje på å handle slik at han eller ho kan vere førebudd på å møte Allah på dommens dag. Kvar muslim blir følgd av to englar. Engelen på den høgre sida noterer ned alle gode handlingar, og engelen på den venstre sida noterer på same måten ned dei gjerningane som er haram. Når ein muslim døyr, kjem begge englane til den avdøde og spør kva han meiner om Allah og Muhammed. Då bør den avdøde svare med å resitere truvedkjenninga: «Det finst ingen annan Gud enn Allah, og Muhammed er hans profet.»

Dommedag

Ingen unntatt Allah kjenner dagen og tida for dommedag. På den dagen blir alle menneske samla, levande og døde, på Arafat-sletta utanfor Mekka. Det var hit muslimane meiner at dei første menneska blei sende etter at dei blei kasta ut frå paradis.

Kvart menneske blir kalla fram saman med dei to englane som har registrert gode og vonde handlingar. Handlingane blir lagde i kvar si skål, og innhaldet i desse skålene avgjer om om dette mennesket skal få eit liv i himmelen, det vil seie i paradis, eller om det skal gå til evig smerte og liding i eit brennande helvete. Muslimar kan ikkje på førehand vite kor dei vil ende, men stolar på at Allah er barmhjertig.

Læringsressursar

Islam