Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Religion og livssynChevronRight
  4. KristendommenChevronRight
  5. Den lutherske kyrkja – lære og skrifterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den lutherske kyrkja – lære og skrifter

Ved sida av Bibelen er skriftet Confessio Augustana det viktigaste for lutheranare. Dette skriftet er normgivande. Det vil seie at det skal vere ei rettesnor for dei truande. Læra har i tillegg vore formidla i Luthers store og vesle katekisme.

Confessio Augustana

I Confessio Augustana er dei 28 viktigaste standpunkta som avvik frå den katolske kyrkja presentert. Skriftet blei i 1530 presentert for den tysk-romerske keisaren Karl 5. og utsendingar frå fyrstedømma i heile riket. Mange av dei nordlege fyrstedømma gjekk no over til den lutherske læra. Somme forskarar meiner at det blant anna var fordi Luther argumenterte med at fyrsten sjølv skulle ha mykje makt – og at makta var gitt direkte frå Gud.

Luthers lille og store katekisme

Læra blei også forkynt i Luthers store og vesle katekisme. Ei katekisme er ei bok som skal hjelpe presten med å formidle den kristne læra slik at ho blir lettare å forstå.

Den vesle katekisma er Luthers kortversjon av dei viktigaste sanningane i kristendommen, forenkla slik at ho kan brukast i undervisninga av barn. Dei fleste menneske på 1500-talet var analfabetar og måtte ha hjelp til å få med seg kva som stod i Bibelen.

Interiør fra gammel steinkirke. Grå vegger og bueganger. Enkle pinnestoler er satt opp på rekke. Foto.
I katolsk tid var det vanleg å måle bilete med motiv frå Bibelen rett på kyrkjeveggen. Slik kunne kyrkjelyden sjølv oppleve dei viktigaste bibelforteljingane. Under reformasjonen blei mange kyrkjebygg plyndra, og katolsk symbolikk blei fjerna. Gamle Aker kyrkje frå 1100-talet er Oslos eldste bygg. Kyrkja såg nok ganske annleis ut før reformasjonen.

Jesus Kristus aleine

Den lutherske læra påpeikar at det er Jesus Kristus aleine som er hovudpersonen i kristendommen. Det er han som fortel om Gud Fader og formidlar frelsesplanen for menneska. Frelsesplanen handlar om trua på at Gud openberra seg i menneskeform som Jesus, blei krossfesta og stod opp frå dei døde – alt som ledd i ein guddommeleg plan for å betale for alle menneske sine synder. Trua på denne frelsesplanen, og den absolutte nåden Gud viser gjennom han, står heilt sentralt i luthersk lære. Derfor blir det personlege gudsforholdet mellom mennesket og Jesus Kristus lagt vekt på.

Den katolske kyrkja sin tradisjon og autoritet blir avvist av Luther. Ifølgje katolisismen er frelse berre mogleg via tru på Kristus og utføring av heilage handlingar i kyrkja – sakramenta.

Etter luthersk lære derimot er trua på Kristus det einaste nødvendige mellomleddet mellom mennesket og Gud som fører til frelse. Dermed har ikkje kyrkjeorganisasjonen den same autoriteten eller viktigheita i luthersk kristendom.

Kunst bak alteret i Bøler kirke. Foto.
I lutherske kyrkjer er alltid motiv og symbol knytte til Jesus, framståande. Her er eit moderne døme frå Bøler kyrkje i Oslo, der tornekrona er vald som symbol. Kunstverket "Kransen" av Thomas Hestvold skal symbolisere Jesu liding, men også seieren over døden som viste seg i oppstandelsen.

Skrifta aleine

Den lutherske læra byggjer på Luthers forståing av Bibelen, særleg dei fire første bøkene i Det nye testamentet – evangelia. Derfor blir den lutherske læra også kalla evangelisk-luthersk. Bibelen gir uttrykk for Guds ord og har ifølgje Luther berre éi betyding – det er ein profeti og presentasjon av Kristus.

Prinsippet om sola scriptura – skrifta aleine – betyr at Bibelen skulle vere ytste autoritet som kjelde til kristen lære. Luthers tanke var at viss noko ikkje står i Bibelen, er det ikkje Guds ord. Derfor kritiserte han blant anna pavedømmet, avlatshandel, helgendyrking og annan katolsk praksis – fordi dette ikkje er nemnt i Bibelen. Dette prinsippet er derfor sentralt i alle protestantiske tradisjonar.

Sidan Bibelen opphaveleg var skriven på hebraisk og gresk, blei det viktig å gå tilbake til originalspråket for å finne meininga bak teksten. Det blei derfor viktig å omsetje Bibelen til lokale språk, slik at fleire fekk tilgang til Guds bodskap. Luther sjølv og mange andre protestantar omsette Bibelen til lokale språk under reformasjonen.

Ved å tolke og forklare bibeltekstar under gudstenesta hjelper presten kyrkjelyden med å forstå og konkretisere vegen til frelse. Fordi truvedkjenninga byggjer på Bibelen, blir ho lesen opp under gudstenesta. Der gjerningar har stor betydning for frelsa for katolikkane, blir trua aleine det sentrale for lutheranarane.

Trua aleine

Ifølgje Luther er menneske fanga i synd. Vegen ut av fangenskapen til synda inneber først å anerkjenne dette, for deretter å akseptere trua på frelsa i Kristus. Den lutherske kyrkja meiner at trua er ei gåve frå Gud. Å bli fri frå synd er berre mogleg gjennom trua – dette blir kalla rettferdiggjeringa ved tru aleine. Menneske er små og uviktige i forhold til Gud. Gode gjerningar har ikkje noko å seie for å oppnå frelse.

Når presten les bibeltekstar, skal dette skape grobotn for tru hos den enkelte. Derfor er preika som presten held under gudstenesta, langt viktigare enn i den katolske kyrkja. Poenget er å vekkje tru hos den enkelte.

Interiør fra hvitmalt steinkirke. Kirkebenker, alter og prekestol. Foto.
Lesing frå Bibelen er ein viktig del av gudstenesta i lutherske kyrkjer. Derfor har gjerne preikestolen ei sental plassering i kyrkjerommet. Gildeskål gamle kyrkje, Nordland.

Nåden aleine

Nåde er noko den truande får av Gud. Det er ikkje eit opparbeida gode, men noko ein får av Gud utan å ha fortent det. Nåden kan samanliknast med lukke, hell eller godheit. Han kan også samanliknast med å leve saman med kjærlege og omtenksame foreldre. Guds nåde er særleg til stades i dei to sakramenta, dåpen og nattverden.

Samfunnet

Luther meinte at det ikkje var nødvendig med ein eigen organisasjon for å formidle Guds nåde. Menneska stod jo i direkte personleg kontakt med Gud gjennom Jesus Kristus. Kyrkja skulle ikkje vere ein maktfaktor i samfunnet. Men samfunnet og landet måtte styrast. Somme var betre eigna til det enn andre.

Kongen eller fyrsten fekk gjerne ei ekstra nådegåve til å styre. Luther talte også om sverdet si makt. Ifølgje Luther skal dei kristne bruke politiske kanalar for å øve innverknad på samfunnet, mens kyrkja skal bruke ordet si makt. Gjennom ordet si makt får kyrkja innverknad på lovgivarane, slik at lovene i samfunnet kan harmonere med kristne verdiar og ideal.

Fagomgrep:

  • Confessio Augustana
  • katekisme
  • sakramenta
  • evangelia
  • sola scriptura
  • pavedømmet
  • avlatshandel
  • helgendyrking
  • rettferdiggjeringa ved tru
  • nåde

Læringsressursar

Kristendommen