Hopp til innhald

Religion og etikk

    Religion og livssyn

    I dette emnet lærer du om religionar og ikkje-religiøse livssyn. Du blir kjent med dei store verdsreligionane, men også med nyreligiøse rørsler og livssynshumanisme. Emnet handlar også om grunnleggjande spørsmål knytt til den rolla religionen har i samfunnet.

    Kristendommen

    Kristendommen er ein monoteistisk religion. Det som skil han frå andre monoteistiske religionar er trua på Jesus som Guds son og verdas frelsar. Ein finn kristne på alle kontinent, men kristendommen har tradisjonelt vore den dominerande religionen i Europa og Amerika.