Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Fordeling av godarChevronRight
  4. Lagdeling, klassar og sosial mobilitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Det indiske kastesystemet

Menneske gjer forskjell på kvarandre. Alle menneske hamnar i ein eller fleire båsar. Nokon av desse båsene er tilsynelatande vanskeleg å sleppe ut frå, til dømes kjønn og etnisitet. Her skal vi sjå nærmare på eit liknande døme: det indiske kastesystemet.

Et fotografi av brahminer i bønn.
Brahminar, eller høgkastar, i bøn.

Du har heilt sikkert vore i eit klasserom og høyrt læraren snakke om kastesystemet. Det er eit system som på mange måtar handlar om å plassere menneske inn i visse kategoriar. Desse kategoriane blir kalla for kastar.

Fem hovudkategoriar

Du har kanskje også blitt fortald at kastesystemet er eit system som deler befolkninga inn i fem kategoriar - frå høge til låge kastar. Før vi går inn på kva de ulike kastane heiter og kvar på rangstigen dei er, er det nødvendig å peike på eit lite paradoks. Kastesystemet blei i teorien avskaffa i 1950, men i praksis blir det framleis vedlikehalde – spesielt på landsbygda, der tradisjonane står sterkt.

På toppen av systemet finn vi brahminkasten (prestar). Dette er den høgaste kasten. Under brahminane kjem resten av kastane som perler på ei snor, i nedgåande rekkjefølgje: khsatriyakasten (krigarar og kongar), vaishyakasten (handelsfolk), shudrakasten (tenarar og arbeidarar) og til slutt – heilt nedst på rangstigen – har vi dei kastelause. På engelsk blir denne gruppa kalla the Untouchables. Denne nemninga blei først brukt av britane. Dei oppdaga at personar frå høgare kastar ikkje utan vidare kunne ta på dei kastelause. Viss dei uforvarande hadde rørt ein kastelaus, måtte dei gjennomgå store reinsingsritual for å “vaske” vekk den rituelle ureinheita dei kastelause var hadde.

Som ein konsekvens av sin lågareståande status har dei kastelause blitt fanga i sitt eige apartheid-liknande tilvære, åtskild frå reell deltaking i det indiske samfunnet. Derfor har mange kastelause grupper danna eigne tempel og parallelle religiøse verder. Sjølv om tanken har vore å lette på sitt eige tilvære, er dei alternative løysingane eigentleg berre med på å forsterke deira mindreverdige posisjon.

Fordeling og rangering

For antropologar har kastesystemet vore eit ynda forskingsmål. Vi skal ta ein titt på noko av det dei har fokusert på, blant anna kastesystemet si rolle og betyding i det indiske samfunnet. Vi har allereie vore inne på korleis systemet kan diktere livet til dei kastelause.

Kastesystemet kan seiast å vere knytt til India på to måtar. Ikkje berre er det ein del av den hinduistiske religionen, men det er også – som vi har sett – med på å organisere det indiske samfunnet. Kastesystemet deler samfunnet inn i ulike grupper, og denne kategoriseringa får konsekvensar for kva for moglegheiter samfunnsmedlemmane har og korleis dei skal oppføre seg i forhold til kvarandre, til dømes at personar av høgare kaster må gjennomgå ei rituell reinsing viss dei har tatt på ein kastelaus.

Tanken om rituell reinleik og ureinleik får elles konsekvensar også på andre område. Eit medlem av ein høg kaste kan blant anna ikkje ete mat som er laga av ein person frå ein lågare kaste.

Indisk jente med bindi og nesepiercing. Foto.
Inndelingen i kaster har påverking på menneska sine liv, yrke og moglegheiter.

Vidare kan kastesystemet sin påverknad grovt sett summerast opp i tre konkrete konsekvensar.

Det fører for det første til ei tydeleg åtskiljing. Medlemmar av ulike kastar har vanskeleg for å omgåast med kvarandre. Det er til dømes ikkje mogleg å gifte seg på tvers av kastar.

Systemet fører for det andre til ei konkret arbeidsdeling. Kvar kaste har sine yrke, og det er ikkje lett for medlemmane å skifte yrke på same måte som vi er vane til her heime. Vi kan i aller høgste grad seie at skomakaren blir ved sin lest.

Til slutt har kastesystemet eit tydeleg hierarkisk preg, der dei ulike kategoriane blir rangert frå høge til låge kastar. Vi kan på sett og vis seie at nokon kastar har meir prestisje enn andre. Det betyr ikkje nødvendigvis at ein høg kaste må vere rikare enn ein låg kaste. Det finst døme på mindre velståande brahminar. Nokon gonger går altså kasteprestisjen framfor dei økonomiske faktorane.

Gjensidigheit

Vi snakkar altså her om eit system som rangerer samfunnsmedlemmane, samtidig som det har eit sett reglar som regulerer korleis dei ulike kastane skal oppføre seg i høve til kvarandre. Sjølv om tilhøvet mellom kastane ber preg av åtskiljing, må vi ikkje tru at dei eksisterer heilt uavhengig av kvarandre. I og med at systemet ber preg av ei tydeleg arbeidsdeling, inneber det at kvar kaste har yrke som berre dei kan utføre. Kastane er derfor gjensidig avhengige av kvarandre. Dei høge kastane kan ikkje gå gjennom livet utan å måtte be nokon frå ein lågare kaste om hjelp – og motsett.

Berre for hinduar?

Kastesystemet blir ofte framstilt som eit hierarkisk system som deler den hinduistiske befolkninga inn i fem kategoriar, men ei slik framstilling gir ikkje nødvendigvis den fulle og heile sanninga. Mange antropologar vil nok seie at dette er ei grov overforenkling, mykje fordi systemet også inneheld ikkje-hinduar. Vi kan derfor ikkje gå ut frå at dette berre gjeld hinduar. India har til dømes ei stor muslimsk befolkning, og dei blir ofte plasserte i eigne, låge kastar. I tillegg finst det mange ikkje-hinduistiske etniske grupper. Desse blir behandla som kastelause. Som vi no veit, er ein slik posisjon langt frå fordelaktig.

Kastesystemet omfattar altså ikkje berre hinduar. Også andre religionar og etniske grupper blir sugd inn i systemet, med dei konsekvensane det måtte ha.

Indiske muslimske jenter i røde sjal. Foto.
Indiske muslimar blir ofte plasserte i eigne låge kastar.

I andre tekstar skal vi sjå litt nærmare på eit element som har interessert både antropologar og sosiologar: sosial mobilitet. Er det mogleg å flytte seg oppover i kastesystemet sitt rigide hierarki? Kva tror du?

Litteraturliste

Eriksen, T. H. (2004). Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Lagdeling, klassar og sosial mobilitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff