Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Fordeling av godarChevronRight
  4. Makt og fordeling i politiske ideologiarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Anarkismen

Historia har vist at synet på revolusjon som rette verkemiddel for eit sosialistisk samfunn delte arbeidarbevegelsen i ulike politiske retningar. Marx si oppfordring til å innføre eit proletariatets diktatur møtte sterk motstand blant anarkistane.

En A i en sirkel, symbolet for anarkisme. Illustrasjon.

Likskap og fridom

Anarkismen sine kjerneverdiar er likskap og fridom. I anarkistane sine auge ville ikkje eit arbeidardiktatur (proletariat) gjere samfunnet meir demokratisk enn det ville bli gjennom eit borgarleg demokrati. Fridomen kunne ifølgje anarkistiske tenkjarar først verkeleggjerast utan ein undertrykkjande stat, uavhengig av kven som satt med makta i staten.

I den anarkistiske tradisjon fantes (…) en intens frihetstrang, dyp uvilje imot staten og alle hierarkier og en innbitt tro på samarbeid og frivillighet, dertil et lyst menneskesyn som hevder at bare all nedbrytning av all autoritet vil kunne frigjøre menneskets iboende godhet.[1]

Spontane opprør frå massane

Verkemidla måtte ta utgangspunkt i spontane aksjonar forankra i massane, og draumen var eit samfunnssystem med desentraliserte kollektiv og direkte demokratiske fleirtalsvedtak. I stor utstrekning vart dei fleste anarkistiske samfunnsstrukturar aldri anna enn utopiar, på grunn av det vedvarande dilemmaet rundt korleis anarkistane ville foreine sosial harmoni med komplett individuell fridom.

Tidvise anarkistiske tankar og idear opptrer også i dag. Kamp mot privat eigedomsrett har gjort seg gjeldande blant husokkupantar over fleire tiår. Fleire av dagens ulike ungdomsopprør krev endringar av etablerte maktstrukturar i offentleg og privat regi. Anarkistiske rørsler har gått til kamp mot det etablerte systemet gjennom bruk av internett og aksjonar i det offentlege rom. Gode døme er fildelingstenesta «The Pirate Bay», og etablering av «kryptovaluta». Eit anna døme er Occupy-rørsla, som er ei global rørsle som vil trekkje merksemda mot finansmarknaden si grådigheit og urett, der systemet berre favoriserer verdas rikaste.

  1. 1«Ideologienes århundre, s.25». Bernt Hagtvet. Dreyer. 2010.

Læringsressursar

Makt og fordeling i politiske ideologiar