Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Fordeling av godarChevronRight
  4. Makt og fordeling i politiske ideologiarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konservatismen

Konservative tankar byggjer på ideen om at raske endringar av samfunnet ikkje nødvendigvis er eit gode, og lett kan føre til kaos. Konservatismen sin tanke om mennesket og samfunnet byggjer på førestillinga om at tradisjon og sedvaner inneheld meir visdom og erfaring enn enkeltpersonar sine idear og teoriar.

Tegnet portrett av den britiske statsmannen og filosofen Edmund Burke. Trykk.
Konservatismen er i stor grad bygt på den britiske statsmannen og filosofen Edmund Burke sine tankar.

Å bevare

Dei konservative meiner at samfunnsutviklinga har skjedd gjennom ein evolusjon, der alle samfunnsmedlemmane har fått sin naturlege plass i samfunnshiarkiet. Konservatismen ønskjer gradvise reformer, men utan å fjerne seg frå tradisjonelle verdiar.

"Omgrepet konservatisme kjem av det latinske concervare, som tyder «å ta vare på». Ideologien har grunnlag i tankane til Edmund Burke (1729–1797), som han skreiv ned etter den franske revolusjonen i 1789. Lidingane og angsten som følgde i tida etter revolusjonen, hadde skremt mange. Slik voks det fram eit forsvar for å ta vare på system som hadde lange tradisjonar."[1]

Samfunnet som organisme

Konservatismen sin tanke om mennesket og samfunnet byggjer på førestillinga om at tradisjon og sedvanar inneheld meir visdom og erfaring enn enkeltpersoner sine idear og teoriar. Dei konservative har derfor større tiltru til naturlege autoritetar og tradisjonar enn til enkeltmennesket sin fridom og fornuft. Grunngjevinga ligg i trua på at samfunnet er ein kompleks organisme der alle individ og sosiale klasser inngår i eit naturleg hierarki. Å endre dette blei for dei konservative direkte meiningslaust og ein trugsel mot ordenen i samfunnet.

Mangfaldet i samfunnsorganismen danna til saman fellesskapet, der dei ulike individa og samfunnsgrupper hadde funne sin naturlege plass i samfunnshierarkiet. Dei konservative vedgjekk at menneska skal sjåast på som ulike, og rettferdiggjorde at arbeidsfordeling, klasseskilje og økonomisk ulikskap var både nødvendig og naturleg. Likevel hadde alle individ rett til eit liv, men samfunnet som organisme fungerte best når individa blei verande ved sin naturlege plass.

Konservatismen avviser forestillingene om at det gode i samfunnet kan skapes ved politisk handling. Alle reformforsøk vil være belemret med usikkerhet, og ettersom samfunnet anses for å være uferdig, komplekst og tradisjonsbundet, må utvikling kun skje gradvis, gjennom skrittvise reformer.[2]

Storminen av Bastillen under den franske revolusjonen i juli 1789. Opprørere og soldater i kamp. Maleri.
Konservatismen var imot revolusjon, som den franske revolusjonen, og for utvikling av naturlege tradisjonar.

Eit sentralt poeng for konservatismen er at raske samfunnsendringar ikkje er til det beste for samfunnsmedlemmane. Terroren under den franske revolusjonen viste med tydeleg kva som skjedde viss ein fjerna naturlege tradisjonar. Konsekvensane såg ein ikkje før skaden hadde skjedd. "Derfor argumenterer dei konservative med at det er viktig å «reformere for å ta vare på». Tanken er at mindre og trinnvise endringar er å føretrekkje framfor revolusjon. Altså evolusjon framfor revolusjon! Då unngår vi å øydeleggje gode sider ved dei samfunnsinstitusjonane som har fått utvikle seg og tilpasse seg over tid."[3]

Stat og "demokrati"

For konservative tenkjarar er statsformer som har utvikla seg naturleg dei beste for samfunnet. For ein pressa adelsstand var konservative idear eit verkemiddel for å vinne tilbake samfunnsgruppa sin tradisjonelle posisjon. Derfor argumenterte dei for ei sterk kyrkje og kongemakt, og naturlege hierarki som eksisterte før den franske revolusjonen. Makta skal utgå frå folket, men erfaringane frå den franske revolusjonen gjorde at Edmund Burke forkasta folkestyre som eit styringsprinsipp. Dei tidlegaste konservative tankane om samfunnsstyringa bygde på førestillinga om at det fanst naturleg utvalde menneske som kunne leie massane. Makta skulle utgå frå menn med eigedom og personleg sjølvstende. Parlamentet skulle velgjast ut mellom desse medlemmane sine standpunkt og at dei var personleg eigna, ikkje gjennom ålmenn stemmerett og fleirtalstyranni.

Nasjonen

Nasjonalisme spelte ei betydeleg rolle for liberale tenkjarar i første halvdel av 1800-talet. Målet for liberale nasjonalistar var frigjering og sjølvstyre for nasjonane, og eit statsstyre der eit folkestyre låg til grunn. I andre halvdel av 1800-talet var konservative idear framståande idear i nasjonalismen. Nasjonen var, i dei konservative sine auge, det unike og storslagne ved eige folkeslag. Lovprisinga av eige folk skapte ein avstand til andre nasjonar. I sin ytste konsekvens, og ispedd sosialdarwinistisk og imperialistisk tankegods, leidde denne oppfatninga oss til "nasjonane sin krig" 1914-18.

Betyding før og no

Fleire vil hevde at konservatismen ikkje er ein samanhengande ideologi, men eit sett av ulike verdiar for samfunnsgrupper i maktposisjonar. Fascismen og nazismen hadde tydelege konservative verdiar i mellomkrigstida, med ønsket om tradisjonelle kjønnsroller og at makta skulle utgå frå "naturlege autoritetar". Det same kan truleg seiast om diktatoriske statsleiarar på venstresida som såg på endring som ein trugsel mot sin eigen maktposisjon.

I vår tid speler konservative verdiar framleis ei viktig rolle. Innanfor religiøse miljø ser ein med skepsis på dei liberale sine tankar om homofili, abort og andre etter deira skjønn radikale idear. Men konservative idear finst også i andre politiske miljø når folkegrupper sine livsvilkår står på spel. Etter i 2008 har verda i større grad sett populistiske parti i framgang ved å spele på forsvaret av eigne nasjonale interesser, og i kampen mot innvandring og multikulturalismen. Donald Trump sin regjeringsperiode er i dag kanskje det beste dømet på eit konservativt forsvar for dette politiske synet: å bevare nedervde verdiar og idear og tilbakevise nye idear som kan truge det beståande.

  1. 1«Konservatisme, tradisjonalisme og nasjonalisme». Nanna Paaske. NDLA. 2016.
  2. 2«Verdibørsen: Konservatismen». Kai Sibbern Bernt Hagtvet. NRK. 2004.
  3. 3«Konservatisme, tradisjonalisme og nasjonalisme». Nanna Paaske. NDLA. 2016.

Læringsressursar

Makt og fordeling i politiske ideologiar