Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Fordeling av godarChevronRight
  4. Makt og fordeling i politiske ideologiarChevronRight
  5. Liberalismen og klimaproblemaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Liberalismen og klimaproblema

Liberalismen set menneska sin fridom i sentrum, så lenge fridomen som grunnleggjande gode gagnar heile samfunnet.

Et cruiseskip til sjøs med en havn i bakgrunnen. Foto.
Kan vi foreine våre eigne ønske om velstand med merksemd om klimaproblema?

Oppgåve

Her får du to problemstillingar som du skal tenkje over og så diskutere med nokon i klassen. Det kan vere lurt å skrive ned nokre stikkord før de diskuterer.

  1. Korleis kan vi foreine våre eigne liberale ønske om velstand med dei globale klimaproblema som verda står overfor i dag?
  2. Demokratiske politiske avgjerder er løysingsorienterte og gjerne kortsiktige, sidan makta er midlertidig og knytt til valperiodane. I kor stor grad er dagens demokrati i stand til å handtere utfordringa med klimaproblema?

Læringsressursar

Makt og fordeling i politiske ideologiar