Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Produksjon og arbeidChevronRight
  4. Internasjonal arbeidsdelingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økonomisk vekst og levekår

Når utviklinga går mot auka økonomisk vekst, får ein også auka forbruk. Dette har innverknad på levekåra, men også på miljøet. Er det berekraftig?

Fra en klesbutikk med både etniske og vestlige klær på kjøpesenter i Bangalore, India. Foto.

WTO og den internasjonale handelsmarknaden

Verdas handelsorganisasjon (WTO – World Trade Organization) er ein internasjonal organisasjon som har som mål å leggje til rette for enkel og rettferdig handel mellom statar. Meir enn tre firedelar av verdas land er medlem i organisasjonen. Utgangspunktet for Verdas handelsorganisasjon er at medlemslanda skal ha eit forum for å forhandle fram handelsavtaler, og ein stad der ueinigheiter kan diskuterast. WTO har likevel blitt kritisert for å favorisere dei rikaste landa, og for å svekke dei enkelte land sin kontroll over eigen økonomi sjølv om grunnprinsippet er at alle medlemsland skal behandlast likt.

Kvart år gir WTO ut ein rapport som viser tal og trendar på den internasjonale handelsmarknaden. I rapporten for 2018 blir det meldt at handel på verdsmarknaden hadde ein kraftig vekst i 2017, og at økonomien veks raskare for utviklande økonomiar, enn for dei utvikla. Med andre ord blir vesten tatt igjen av dei ikkje-vestlege landa. Handel mellom land internt i Afrika har nesten dobla seg frå 2010 til 2017. MUL-landa har derimot framleis ei svært låg deltaking på den internasjonale marknaden, under 1%. Desse tala gir ikkje eit fasitsvar på om det går bra med eit land eller ikkje, men det gir ein indikasjon på korleis det står til.

Global utvikling og økonomisk status

Oversikt over data som viser forventet levealder i verden i 2015. Grafikk.
Gapminder viser her data for forventa levealder verda over. Dataa er frå 2015, og viser ein samanheng mellom inntekt, helse og forventa levealder.

«Gapminder» er ei uavhengig svensk stifting som mellom anna produserer statistikk om global utvikling. Dei har blant anna laga ei skisse som viser økonomisk status i 2015, samt ein video som viser korleis dei ulike landa i verda har utvikla seg økonomisk sidan 1809. I materialet sitt tar dei utgangspunkt i forventa levealder og gjennomsnittleg inntekt per person i eit land. Også her ser vi nokre av dei same resultata frå WTO-rapporten. Det går stadig betre med landa som ligg i mellomsjiktet, mens det er store gap ned til dei minst utvikla landa.

Produksjon og samfunnsendring – er det berekraftig?

Med økonomisk vekst i eit samfunn aukar også moglegheitene for dei som bur der. I NIC-landa er det i dag store befolkningsgrupper som lever i eit velstandssamfunn som liknar det vestlige. Med auka inntekter aukar også forbruket. Det store spørsmålet som mange stiller seg er då: Viss alle i verda skal ha likt forbruksmønster som det i Vesten – korleis skal det då gå? Er det i det hele tatt mogleg? Det korte svaret på det er nei. Samtidig tilseier FN sine berekraftsmål at alle har rett på eit verdig liv i trygge, berekraftige samfunn. Dette er ein av dei største utfordringane vi står overfor i dag.

Kva er eit godt liv?

Det er også gjort undersøkingar som viser at når inntekta når eit visst nivå, har det ikkje lenger nokon innverknad på kor lykkelig ein føler seg. Det er derimot innbyggjarar i land som ikkje er på topp økonomisk som føler seg meir lykkelige enn dei med mest pengar.

Men dette gjeld kun ein liten del av verdas befolkning, sjølv om dei aller fleste landa i verda ligg over fattigdomsgrensa. Unnataket er MUL-landa. Eit sentralt poeng menneska bak Gapminder ønskjer å få fram, er at det mest sentrale skiljet i dag ikkje er mellom reine «fattige» og «rike» land, men mellom fattige og rike menneske. I alle land finst både menneske med høg inntekt og menneske med låg inntekt. Levestandarden til dei med høg inntekt i eitt land er påfallande lik dei med tilsvarande inntekt i eit anna land. Det same gjeld for dei med låg inntekt. Dette har Gapminder forsøkt å illustrere gjennom prosjektet «Dollarstreet». Her visar dei bilete frå heimane til familiar med ulike inntektsnivå frå ulike stadar i verda. Som ein raskt kan sjå, liknar heimane til dei med omtrentleg lik inntekt svært mye på kvarandre, uavhengig av om dei bur i Japan eller Mexico.

På verdsbasis er den økonomiske veksten størst i byer, mens fattigdommen aukar på landsbygda. Også her i Noreg aukar skiljet mellom dei med mest pengar og dei med minst. Men viss heile verdas befolkning ønskjer auka velferd, og oppnår det ved å bu i store industrialiserte samfunn, eller kunnskapssamfunn – kvar skal vi då få råvarene frå?

Læringsressursar

Internasjonal arbeidsdeling

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter