Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Produksjon og arbeidChevronRight
  4. Internasjonal arbeidsdelingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Internasjonal arbeidsdeling

Arbeidsdeling handlar om oppdeling av produksjon i spesialiserte område. Med internasjonal arbeidsdeling meiner vi den spesialiseringa av produksjon som går føre seg i ulike land, og i samband med handel mellom landa.

Fisk på foredlingsanlegget til Salmar på Frøya i Trøndelag. Foto.

Kva eit land har spesialisert seg på å produsere, kjem blant anna an på tilgjengelege ressursar, moglegheiter og kompetanse. Internasjonal arbeidsdeling er nært knytt til internasjonal handel. Kva eit land har spesialisert seg på å produsere, har dermed stor betyding for landet sin økonomi.

Produksjon og spesialisering

Når vi snakkar om internasjonal arbeidsdeling, meiner vi at ulike land har spesialisert seg på å produsere enkelte produkt eller tenester. Produksjon er ein grunnleggjande prosess i eit samfunn. Gjennom produksjon blir nødvendige varer og tenester skapte, som igjen dekkjer behov som mat, klede og husly.

Kva for varer som blir produserte i eit område, er avhengig av fleire faktorar. Først og fremst må råvara vere tilgjengelig. Her speler geografi og klima gjerne ei viktig rolle, saman med økonomi.

Det er mest økonomisk forsvarleg å produsere ei råvare som finst naturleg i eit land. I Noreg har vi til dømes ei lang kystlinje med god tilgang på fisk. Det er dermed naturleg at ein satsar på denne råvara her.

I Noreg har vi lange tradisjonar med å drive med fangst av sjømat, og vi har opparbeidd oss god kunnskap om denne typen produksjon. Over tid har vi også etablert store fiskemottak som kan ta imot og tilarbeide eller vidaresende store mengder fisk. Kombinasjonen av god tilgang til råvara, kunnskap og nødvendig teknologi gjer at vi kan fange og produsere meir fisk enn vi brukar sjølve. Mykje av fisken blir derfor selt, eller eksportert, til andre land.

I 2018 eksporterte Noreg heile 95% av all fisk som blei fanga og produsert her. Målt i verdi gjer det Noreg til verdas nest største sjømateksportør, etter Kina.[1] Produkt som nordmenn vil ha, men som vi derimot ikkje kan produsere sjølve i Noreg, som til dømes ris og kaffi, er vi til gjengjeld nøydde til å kjøpe, eller importere, frå land som har gode vekstvilkår for denne typen råvare. Å produsere risen eller kaffien her i Noreg ville vere både kostbart og vanskeleg, ettersom klimaet tilseier at ingen av desse veks naturleg hos oss.

Når eit land handlar med andre land som har betre føresetnader for produksjon enn landet sjølv, får landa tilgang til varer dei ikkje har moglegheit til å produsere sjølv, eller som det ikkje er hensiktsmessig å produsere sjølv.

Teorien om den komparative fordel

Frå eit økonomisk synspunkt kan slike handlemønster forklarast ut frå teorien om den komparative fordel. Teorien blei utvikla av Adam Smith og arbeidd vidare med av David Ricardo i 1817.

I lang tid var teorien om den komparative fordel brukt til å forklare mekanismane bak internasjonal handel. Prinsippet går ut på å vise at to land kan ha fordel av produksjonsspesialisering og handel, sjølv om det eine landet er absolutt overlegent det andre i produksjonen av begge varer.[2]

Handelen er optimalisert når landa fokuserer på å produsere dei varene dei kan produsere mest effektivt og med lågast mogleg kostnad i høve til andre land, slik at dei får eit overskot. Overskotet kan dermed brukast til handel med andre – noko som igjen gjer det mogleg med økonomisk vekst.

  1. 1«Sjømatnasjonen Norge». Norges sjømatråd. 2019.
  2. 2«Handelsteori». Preben Munthe. snl.no. 2015.

Læringsressursar

Internasjonal arbeidsdeling